Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Fiskerjenten" og "Det Største I Verden"Skriv ut Utskrift
Samanlikning av romanen "Fiskerjenten" av Bjørnstjerne Bjørnson og filmen "Det Største I Verden".
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Filmen Det Største I Verden, produsert i år 2001, er basert på boka Fiskerjenten av Bjørnstjerne Bjørnson - utgjeven 1868, der Herborg Kråkevik har hovudrolla som Petra – fiskerjenten. Men det er mange måtar å produsere ein film utifrå ein roman på, og her har ikkje manusforfattaren følgt boka etter saumane…  

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Dette er eit referat av filmen og boka, kva for forskjellar regissøren har utarbeida – forskjellar både i komposisjon og i kva for idear eller motsetnader som er behandla, kvifor ho har laga dei, og kva verknad desse har på sjåaren. Vidare ein presentasjon av hovudpersonen og ei tolking av korleis Herborg Kråkevik har utført denne. Deretter litt om bipersonane og deira tyding for hovudpersonen. Til slutt er det skrive noko om filmen og eller romanen kan ha appell til ungdom i dag.

 

Boka byrjar med å gi ein kort presentasjon av Pedro Ohlsen, oppveksten og faren, og at han møter Gunnlaug, kalla ’Fiske-Gunnlaug’. Vidare står det skrive: ’Tittelen fiskerjenten gikk over på datteren (..) Hennes historie er det som skal fortelles (..).’ Andre kapittel byrjar med å skildre ein dag då Petra har prøvd å stele eple frå Pedro Ohlsen. Då ho kjem springande heim, støytar ho på Hans Ødegård, som så har ein diskusjon med Gunnlaug der han hevdar at Petra treng å lære seg å lese, og denne oppgåva får han til slutt.

 

Tredje kapittel innleiar med å fortelje om ein tragedie som Hans Ødegård opplevde under embetsstudiet; han var medskyldig i at ein kamerat døde. Petra har fått forbod av mora mot å prate med Pedro Ohlsen, men han nærmar seg henne gradvis. Til slutt er det også at han gir henne gåver. Dette gjer både Ødegård og Gunnlaug sint, for ho har ikkje lov til å ta imot gåver. Så skal Petra konfirmerast, og det tyder at forelesingane hennar med Hans er historie og Hans reiser så til København. Petra får ikkje ta farvel, og blir svært ulykkeleg.

 

I fjerde kapittel forlover ho seg spontant med Gunnar, ein barndomsvenn, og dei avtalast å møtast neste dag. Men Gunnar møter ikkje, han har allereie reist på sjøen. Der møter ho i staden Yngve Vold, ein rik kjøpmann. Ho mottar eit smykke frå han, men bestemmer seg for å gi dette tilbake. Yngve eig det skip som Gunnar har reist med, og blir borte i tre veker, men kjem igjen og nærmast tvingar ei forloving frå Petra, som blir etterlate i tåke. Dagen etter får Petra ein pakke frå Gunnar som blant anna inneheld eit brev og to gullringar. Då ho så snakkar med mora, får ho vite at Hans Ødegård er komen heim igjen. Gleda er enorm, ho ber Hans aldri forlate henne igjen, og han lover at dei skal reise vekk frå alt samen straks.

 

No har altså Petra forlova seg med tre stykker, utan å tenke seg heilt om, som om alt har vore uskyldig. I femte kapittel byrjar problema. Yngve Vold møter neste dag Hans Ødegård for å takke han for å ha oppdradd ei slik jente. Han byrjar å uttrykkje kjærleiken han føler, og det gjer sjølvsagt Hans så rasande at han slår etter Yngve med ein stokk. Ødegård iler straks til Petra og ei hjarteskjerande scene utspelar seg. Så kjem alt for sin dag; Gunnar overfaller Yngve og startar ein slåsskamp som heile byen til slutt  deltek i. Sjette kapittel skildrar dei neste, vonde dagane for Petra. Innbyggjarane i byen har samla seg utanfor huset hennar og lagar opptøyar, noko som gjer Petra frykteleg redd. Gunnlaug sørgjer for at Petra får flykte med ein seglbåt til Bergen, med god hjelp får Pedro Ohlsen, som også bistår med pengar. Forfattaren fortel at medan Petra er borte, gjennoppstår respekten frå sjøfolka til Gunnlaug; ’så lenge jeg ikke sier noe derom, behøver vel heller ikke dere.’

 

Petra kjem fram til Bergen, der ho får husrom og mat hos ei eldre dame. Denne dama og nokre andre tek henne med rundt om i byen og på teater. Dette er noko som Petra ikkje har vore på før, og her oppfører ho seg skammeleg. Ho blir så oppslukt av handlinga at ho reint gløymer at alt er oppspinn. Inntrykket set spor i Petra, etter siste akt seier ho; ’ dette er det største på jorden, dette vil jeg være.’ Dagen etter går Petra tilbake til direktøren av teateret, for å fortelje at ho vil bli skodespelar, men han gjer narr av henne, og fortel at han har fått vite at ho er fiskerjenten. I frykt for å møte meir av fortida si, reiser Petra straks vidare innover landet.

 

Då Signe, dottera av ein prost, seier til far hennar at det er ei reisande dame som vil kvile ut eit par dagar hos dei, seier han at ho er velkomen. Petra får også, etter diskusjon mellom far og dotter, bli verande ei stund. I mellomtida har Petra byrja lese i ei bok: ’der er ting der treffer hjertet som en kule, ting man trodde å være flyktet hundre mil ifra, men ser like forann seg; - her på første blad står skrevet: Hans Ødegård. Det viser seg då at Signe og prosten veit kven ho er – fiskerjenten, for Ødegård har tala så mykje om ho. Men desse to veit ikkje heile sanninga, og lar henne bli så lenge. Forfattaren  har så skrive ei avhandling om fortida til denne prosten, om hans kone som døydde og om hans dotter; ’Mellom disse mennesker levde Petra.’.

 

I byrjinga av niande kapittel, har tre år gått forbi. Ein kjenning av Petra kjem no på besøk i oppdrag frå Gunnlaug. Han fortel blant anna at Pedro Ohlsen har flytta inn hos mor hennar. Samstundes fortel rådsdrengen til Signe og prosten på gården, at Petra går inn og ut av vindauget på rommet sitt om natta. Dette skuffer Signe og prosten inderleg. Det byrjar å brenne på rommet til Petra, og då ho kjem tilbake, blir ho opprørt og vil vite kva som har skjedd. Men ingen taler tilbake til henne. No vil Petra forklare kvifor det manglar klessnorer og samanhengen med kva som har skjedd på rommet hennar. Petra har blitt så oppslukt av stykka som dei tre har lese om kveldane, at ho ikkje har fått sove, i staden har ho lært seg mange scener utenat. Ei bok som Petra har skrive, blir også funne og beviser at Petra føler eit kall til å bli skodespelar. Dette gjer både Prosten og Signe rasande - skodespel er umoralsk. Då Petra skal prøve å få kontakt med Signe, som har låst seg inne på rommet sitt, dett Petra ned frå taket, men overlev.

 

Så kjem Ødegård til prestegarden, noko uventa på Petra. Ødegård, prosten og nokre innbyggjarar frå Øyegarene, har ein lang samtale om kva som er syndig i følgje Bibelen – freistingar av ulike slag. I slutten er det prosten sjølv som hjelper Ødegård med å ’bevise’; ’Takk, der beviste De ypperlig av Bibelen at skuespill er tilatt!’ (Hans Ødegård). Nest siste kapittel fortel at Petra framfører eit dikt, så syng Signe eit song, og i neste augeblikk ber Signe om at dei to blir vennar igjen. I neste andedrag kunngjer prosten ein forlovelse mellom Petra og Hans, men Hans bryt denne; ’Nei Petra, jeg har kun vært en god bror; det var synd av meg å ville være mer; for var det skjedd, ville din bane vært brutt.’ Hans reiser.

 

Mot våren les Petra testamentet av Pedro Ohlsen, kor det står at ho har arverett etter han, og i eit brev frå mora der ho oppfyller ei tinging – ’den å meddele Petra hvem Pedro var’. I siste kapittel reiser Petra til hovudstaden for å bli skodespelar. Framsyninga hennar i teateret er selt ut. I salen sitt Signe, no Signe Ødegård, Hans, prosten, Yngve Vold – ein no velkjent storhandlar med fisk, Gunnar Ask – eigar og førar av skuta ’Den norske Gundlov’ , og sjølvsagt skodespelaren si mor - Gunnlaug. ’Så gikk teppet opp’.

 

I presentasjonen av filmen som følgjer, er det også kommentert forskjellane frå boka.

 

Kronologien i filmen er som nemnt før litt annleis oppbygd. I introduksjonen ser vi Petra som sitt på rommet sitt medan borgarar er i opprør utanfor, at mora tek henne med gjennom gatene ned til hamna, der ho blir frakta med robåt til ei seglskute som tek ho med vidare til Bergen. I Bergen kjøpar ho seg ein kjole, blir avvist hos nokon ho skulle bu med og kjører så vidare med hest innover til Kristiania. Dette skil seg drastisk får boka, som fortel at ho blei teken vare på i Bergen og at det var her ho besøkte teater for første gong.

 

Midtvegs blir ho antasta av føraren av kjerra og spring alt ho kan ut i skogen. Utmatta og livlaus finn nokre gardsdrengar ho og tek ho med til prestegården der Signe og far hennar bur. Dette er også noko annleis skildra i boka – der ser ho garden og bestem seg for at ho vil kvile der. Vel inne lyg ho, om kven ho er og at ho ikkje har foreldre. Ho tek etternamnet Rytter. I dei neste dagane lærer dei kvarandre litt å kjenne. Fiskerjenten ror og sløyer fisk, Signe imponerer Petra med stemma si i kyrkja, og Petra beviser litt av sitt opphav ved middagsbordet, då ho opptrer som ei jente av lavare rang utan finare oppseding.

 

Så får Petra bli enda lenger, Signe hevdar at mor hennar hadde sett ho litt an først, og dette overtyder prosten. I kyrkja like etter, ser Petra i Signe si bok, der første side er underteikna Hans Ødegård, og sjåarane blir presentert det første tilbakeblikket. Det er då Hans har forelesingar med Petra, Petra blir oppslukt i eit dikt og framfører det. Her byrjar drømmen hennar om ’det største’.

 

Dette er ein viktig forskjell frå boka, der Signe og prosten veit litt om kven fiskerjenten er og at ho kjenner Ødegård. I filmen bygger spenninga seg opp om det blir avslørt, at Petra elskar den same mann som Signe. Dette momentet eksisterer ikkje i boka. Signe fortel Petra om at Hans Ødegård var forlova med ei anna jente - fiskerjenten, men at ho var forlova med ein annan, noko som gjorde Hans sjuk i veker. I boka er det heller ikkje antyda at ho fattar interesse for det kunstnarlege så tidleg.

 

Om kveldane les dei tre frå ’Romeo og Julie’, og ein dag snik Petra seg inn på rommet til den avdøde mora og kler seg i kjolar og leikar skodespel. Petra er så fascinert av stykke, at ho let ein gardsdreng spele ei balkongscene at med ho, men da dette blir oppdaga, blir ho misforstått. På same måte som i boka, blir Signe og prosten negativt overraska. Men så avslører Petra hennar lidenskap, og i motsetnad til boka reagerer dei to med glede og tilgjeving. I filmen er det altså ikkje lagt opp til at skodespel er noko syndig. Diskusjonen som prosten, Ødegård og nokre andre folk har om dette, er derfor ikkje spelt i filmen. No vil prosten ha Petra som fosterdotter, og i julegave får dei alle ein tur til København, der dei også får sjå alle teaterstykka dei vil. Men Petra vil ikkje dette. Eit andre tilbakeblikk følgjer; Ødegård som reiser frå Petra til København.

 

’Far’, Signe og Petra reiser til teater for å sjå nettopp ’Romeo og Julie’. I boka er dette noko Petra gjer i Bergen at med nokre damer. Men på same måte, lev Petra seg så inn i handlinga, at ho forstyrrar andre. Ho blir sitjande tilbake og seier ’dette er det største i verden, dette vil jeg være’. Etterpå er det dans, og her møter Petra til sin store skrekk Yngve Vold. Her anar ikkje sjåaren heilt kven dette er, berre at han veit kven Petra verkeleg er, for ho ber han halde tett. Litt etter går Petra for å snakke med skodespelarinna ho nettopp har sett, for å få vite korleis ein blir det same. Dama ber Petra framføre noko, og Petra vel det same dikt som ho har lest med Hans Ødegård, men framfører ikkje like bra som vi har sett ho gjere før. Likevel, og forskjellig frå handlinga i boka, blir den danske skodespelarinna imponert og ber henne ta kontakt i København. I det neste, står Petra på balkongen, Yngve kjem, og dei kysser lidenskapeleg. Men det ser ’faren’ til Petra.

 

Så følgjer ein konfrontasjon. Petra fortel Signe og prosten om Gunnar Ask og Yngve Vold. Dette blir også først no avslørt for sjåarane med eit tredje tilbakeblikk. Vi ser forlovinga med Gunnar, at ho sitt og strikk sokkar og ventar på at han skal kome frå sjøen, at ho så møter Yngve, får smykket, så at Hans har komen heim igjen, og at dei forlovar seg. Vidare rullar episoden der Yngve snakkar med Hans om Petra opp, og at byen er i fyr og flamme. Sjåaren forstår no kvifor det som skjedde i byrjinga skjedde – alt er oppklart. Hendinga er på ein måte komen rundt. Avsløringa om at Petra har hatt eit forhold til Hans Ødegård, gjer Signe opprørt og ho nektar å sleppe Petra inn på rommet, men Petra klyver opp på taket og dett ned. Denne uvennskapen finn ein igjen i boka, men konflikten er der ein heilt annan (Petra vil bli skodespelar).

 

Petra ligg til sengs ei stund og i mellomtida blir det sent bod etter mora til Petra som kjem straks. I boka møter Petra aldri igjen mora før ho er i teateret. Petra vaknar til alle si lukke og like etter kjem Hans Ødegård. Då dei  to er etterlate for seg sjølv, kysser dei og Hans seier han vil tilbringe resten av livet sitt med henne. Noko som igjen er i kontrast med boka, der dei ikkje blir forlova fordi Ødegård bryt i det han ser at dersom det skulle skje, så vil ikkje Petra få den teaterkarriera som ho lengtar etter.

 

Mora og Hans Ødegård blir ei stund. Petra får ein impulsiv ide om å spele teater i kyrkja, noko som møter latter frå Hans og Signe som nett har sunge ein duett. Men teater blir det! Det er litt uvandt for publikum, men Petra og dei andre skodespelarane hauster applaus. Prosten seier at Petra har gjort meir for Gud her i bygda enn det han har klart på femten år. No veit Hans at han heller vil starte skule der enn i København, noko som uroar Petra. Då Petra og Han er aleine igjen, uttrykkjer ho ønske om å reise til København for å prøve seg som skodespelar. Hans er egoistisk og elskar ikkje Petra nok til å la henne bli det, og då innser Petra at ho ikkje kan gifte seg med han.

Dette kan samanliknast med Ibsens dukkehjem der Nora forlet ektemannen.

 

Tre år seinare i eit teater i København sitt Yngve Vold, gardsdrengane, Signe, no kona til Hans Ødegård, prosten og Gunnlaug. Petra står bak sceneteppet og skodar ut over publikum. Så går teppet opp og her sluttar ei historie og ei ny byrjar.

 

 

Presentasjon av hovudpersonen Petra – fiskerjenten, spela av Herborg Kråkevik.

 

Petra er dotter av Gunnlaug – kalla fiske-Gunnlaug, fordi ho hjelpte faren med fiskeriet og selte fisken hans. Ho hadde freista å gifte seg med Pedro Ohlsen, men slik gjekk det ikkje til og ho reiste vekk, kom igjen ni år seinare med ei dotter på åtte år – ’hun hadde noe av morens naturkraft.’ Petra er eit fattigmannsbarn, som ikkje gjer anna enn å gjere ugagn og som manglar oppseding og utdanning. Men eit eller anna tiltrekkjande er det med henne, for presteson Hans Ødegård er villig til å bruke tid til å hjelpe henne; ’Da denne mann nedlot seg til å ta Fiskerjenten opp i sin daglige omsorg, var hun adlet’.

 

Petra utviklar seg, og både Hans og Petra sjølv oppdagar nye talent. Indirekte forstår lesaren/sjåaren at det må vere noko spesielt med henne ettersom prosten forelskar seg i henne. Etter litt skal ho også konfirmerast. Det kan vere at Hans bråe forlating gjer Petra igjen liten og forvirra, for spontant forlover ho seg med Gunnar, og det er ho som legg opp til det. I boka er det skildra korleis ho ikkje våger å la han ta på henne eller kysse henne, noko som vitnar om at ho ikkje er innforstått med kva ho har gjort. I møte med Yngve Vold verkar Petra heller ’tilbakelent’, medan Yngve tar kontroll; ’stol på meg, fra nå av er du min!’ Petra er i tåke og har dermed innsett litt av den umoral ho har begått ’En stor fykt overveldet henne (..) for alt var blitt uklart, usikkert, farlig.’

 

Petra seier at ho vil ta livet av seg, ho er livredd bygda som er i opptøyer, men er likevel modig nok til å flykte – eller har ho ikkje noko val? No går Petra gjennom ei forvandling. Ho er tvungen til å starte på nytt. Korleis ho gjer dette er ulikt i dei to sjangrane, i eine er ho ærleg, i andre lyg ho for å flykte frå fortida. Petra går gjennom ei ny forvandling i det ho entrar teateret for første gang, her oppdagar Petra noko ved seg sjølv – ho oppdagar sitt eige kall.

 

Lesaren/sjåaren opplever Petra som ei litt merkeleg, men likevel god jente. Ho vil ingen vondt, men ho har lett for å misforstå situasjonar. I tillegg er ho ikkje van med å te seg som ’en dannet pike’. Ho er meir seg sjølv og legg ikkje band på seg sjølv. Ho ror, fiskar, driv gardsarbeid som dei andre på gården. I filmen er det lagt meir vekt på denne klassekollisjonen som oppstår. Sjølv om Petra lyg i filmen, har sjåaren stor sympati for henne – ho kan ikkje seie sanninga! Petra blir svært glad i den nye familien sin, noko som også kjem betre fram i filmen. Spesielt får Petra sterke kjensler for Signe.

 

Petra blir etterkvart meir og meir lærd, og det kjem tydeleg fram at ho er ei lærevillig og nyfiken jente. Ettersom tida går og Petra i det skulte spelar skodespel for seg sjølv, blir ho betre. I filmen er ho så entusiastisk at ho foreslår å spele i kyrkja, noko som var utenkjeleg. Petra er nytenkjande og lar seg ikkje stoppe av rådande moralar. I boka lar ho seg heller ikkje stoppe av at Signe og prosten ikkje likar ideane hennar om å bli skodespelar, ho reiser til København uansett. Men indirekte tilgir dei begge ho, noko som vitnar om eit elskbart menneske, og dei er gode venar før ho drar.

 

I filmen teiknar det seg noko annleis. Petra har blitt så moden at ho forstår at ho ikkje elskar Hans meir enn at ho er villig til å forlate eit liv med han til fordel for den nye ’forelskelsen’. Paradokset er at Hans var den som ville utdanne henne, og nå er det nettopp fordi ho har kome seg opp og fram i verda, at ho vel å forlate han. Hans er ikkje verre på det enn at han ektar Signe, og vi ser i filmen, at Petra smiler då ho ser dette. Petra har utvikla seg frå å vere ein rakkarunge i fattige kår, til ei beundra skodespelar i København. Noko som var svært uvanleg i samtida og dokumenterer om ei sterk dame som når måla sine. Når det gjelder valet av en kvinneleg hovudkarakter får Bjørnson sin begrunnelse stå for seg sjølv;

«Jeg valgte en Kvinde til Gjennembryder, fordi det der kan ske friest, af Instinkternes og Evnernes umiddelbare Rørelser; – det maatte ske i Kunsten, fordi denne er Frihedens Barn og selv evig befrir; men Kvinden har ingen anden Kunstart, som plastisk kan vises, end Skuespillerkunsten.»

 

Herborg Kråkevik spelar flott, og det er ekstra kredittverdig ettersom det er debuten hennar. Ho spelar meir forvirra og barnsleg enn det som kjem fram i boka, men dette er noko som gir liv til filmen. Det er vanskeleg å sjå nokon andre fylle denne rolla, Herborg er fiskerjenten.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Bipersonane er viktige i hovudpersonen sitt liv, og her følgjer ein introduksjon av dei og korleis dei har innverka i livet til Petra. Det er vanskeleg å avgjere kven som er den viktigaste personen i livet hennar, men blant dei er mora Gunnlaug, Pedro Ohlsen, Hans Ødegård, Gunnar Ask, Yngve Vold, Signe og prosten.

 

Gunnlaug er ei handlekraftig dame, som ikkje lar seg rokke og herse med. Ho kontrollerer landsbyen, er aleinemor og såleis banebrytande sett i samanheng med samtida. Ho er tydeleg glad i dottera si, og vil ikkje at Ødegård skal ta henne frå seg. Ho ettergir til slutt, og let derfor dottera få prøve seg som noko meir enn det fattigbarn Petra opprinnelg er. Gunnlaug veit råd då dottera har begått sine fatale feil, og organiserer flukta. Nå stoler ho på at det skal gå dottera vel, og ho er villig til å la henne reise for å berge seg. Tilbake i landsbyen opparbeidar ho raskt ny respekt.

 

Pedro Ohlsen er faren til Petra, slik tolkar ein det utifrå boka. I filmen, derimot, har Pedro ein særs liten og ubetydeleg rolle. I boka er det han som gir henne pengar då ho reiser, og det er til henne han testamenterer resten. Han har prøvd å søke kontakt med henne, men på grunn av forbodet til Gunnlaug tek det tid før han lukkast. Han er ein bakgrunnsperson, men som likevel har ære for at Petra kjem seg dit ho har lengta etter. Det er avslørt at han også flytter inn hos Gunnlaug medan Petra er på prestegården.

 

’Hans Ødegård, en ung mann, for hvem hele byen reiste seg’, son av presten Knut Ødegård, bestått embetsstudiet, medskyldig i venen sin død og prega i all ettertid av det. Hans ser ut til å vere den store kjærleiken til Petra. I filmen viser det seg at ho eig større kjærleik for kunsten å kunne spele i teater, for ho avviser han då ho oppdagar at han vil nekte henne dette. Hans er læremeisteren, som i førstninga lokkar fram kallet til Petra om å bli skodespelar, og som seinare forelskar seg i henne. Han reiser likevel frå henne, og etterlet ho i sorg. Han kjem igjen og har oppdaga at ho er den han vil tilbringe livet sitt at med. Vi forstår at dette er ein heiderleg mann, og då forstår vi samtidig Petra si betyding for han, då har blir rasande på Yngve Vold og på henne i det han oppdagar løgna.

 

I følgje filmen blei Ødegård svært sjuk i ettertid. Han har altså blitt så knust av Petra at det har påverka han ikkje berre psykisk, men også fysisk. I både boka og filmen kjem han attende, men det utarta seg i to vidt forskjellige vegar; eine der han tilgir Petra fult og vil gifte seg, i andre ser han sjølv at han vil komme til å stå i vegen (’det var synd av meg å ville være mer; for var det skjedd, ville din bane vært brutt.’). Dette kan tolkast dit hen, at han reiste til prestegarden, for så å hjelpe Petra på den måten at han halvvegs overbeviste prosten om at skodespel ikkje er syndig i følgje Gud, og så ikkje forlove seg med henne fordi han da ville hindre henne i å følgje kallet sitt. På mange måtar er Hans Ødegård Bjørnstjerne Bjørnson sitt talerøyr.

 

I tillegg til Hans, forlova Petra seg med Gunnar Ask. Han er framstilt litt forskjellig, i boka som ein pådrivar for å forlove seg med Petra – rett nok etter at han forstår at Petra ønskjer dette. I filmen er det meir Petra som kjører laupet. Vi får vite at Gunnar er barndomsvenen til Petra og at han reiser på sjøen. Yngve Vold verkar meir danna, han er presentert i boka som ein ung, rik kjøpmann som har kome frå Spania – ’byens løve’. Han veit å forhandle, og det verkar som det er det han gjer med Petra, liksom let henne gå med på ein avtale før ho veit det sjølv. I filmen møter Petra han igjen, og då verkar han blid og slett ikkje sint på Petra. Han er framstilt som ein mann som har alt han kan tenke seg, ein livsglad sjarmør.

 

Forutan spesielt interesserte, appellerer ikkje boka særleg til den yngre generasjonen, ho er litt vanskeleg skrive, omhandlar mykje som dei ikkje har forståing for og kan vere litt langdryg. Manusforfattaren til filmen har valt å gjere noko for å nå litt fleire tilskodarar og i eit breiare spekter. Hovudhandlinga og problemet som bygg seg opp i filmen, er eit meir spanande tema for unge. Korleis skal det gå, når det viser seg at to venninner har kjensler for same person og når eine veit det? Kva skjer når ein lyg om fortida si? Dette er endå nervepirrande og kanskje eit evigvarande tema. Samtidig lever mykje av Bjørnson si ånd i filmen, det er for mange lærerikt og underhaldande å lære litt om korleis det var før i tida, om sosiale skilje – og det å bryte desse, om dei tankane, moralane og verdiane som var gjeldande. Filmen, så vel som boka, har skapt ei kvinne som er eit forbilde for mange unge jenter. Måten Gunnlaug og Petra river i vante haldningar, kan enda, sjølv om likestillinga har kome eit stykke, vere til inspirasjon.

 

Kjelder:

- Fiskerjenten av Bjørnstjerne Bjørnson (1868) 2.opplag av 2001

- ’Det Største i Verden’ regissert av Thomas Robsahm, manus av Silje Senje

http://www.verden.no/boken.asp




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish