Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Av jord er du komen

Av jord er du komen

Om menneskes syke indre.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
22.05.2002
Tema
Identitet

Skrive av Hallvard Saxvig i 1999, kar 5+

 

”Arne Økland var ein av dei som var med å byggja Noreg”. Kvifor kjem det aldri til å stå noko slikt i historiebøkene? Det er eg inst inne klar over. Eg er ein slik person som vert elska av media og hata av historikarane. Ein person som lever etter alle kyrkja sine reglar. ”Du skal ikkje slå i hel”. Joda. Eg var ein ”lovens mann” ein gong. Ikkje at eg var sterk nok til å slå nokon før i tida heller. Men ”forandring fryder”, som ein seier. No skal eg skifta beite. Frå å vera den rolege Arne til mordaren Arne. Skal ta livet av ein eller annan miserabel person som ikkje fortener å leva. Som til dømes ikkje har gjort noko fornuftig i sitt 30 år lange liv. Slike menneske bør verda vaskast rein for. Med microklut og grønsåpe. Og snart skal ein slik person døy…

 

Det er snart eit år sidan eg såg ho for første gong. Ho heitte sjølvsagt Anne, og kunne smelta is med dei varme augo sine. Det var noko enkelt, vakkert over andletet hennar. Eg har eit bilete av ho på nattbordet mitt. Ramma inn i ei hjarteramme. Det passar perfekt. Som om det var meint heilt frå byrjinga av at denne ramma skulle passa biletet av Anne. Kanskje var det akkurat ho designaren sat og tenkte på då han lagde ramma. Nei, kanskje ikkje. Men sjansen er der.

  Eg trefte Anne inne på Platon for første gang. Platon er plassen eg får tida til å gå før bussen køyrer heim. Gjekk rundt og lest som om eg var veldig fascinert av alle cd-ane eg kom over. Las på baksida av coveret og studerte bileta. Inntok den litt filosofiske stillinga eg er så glad i. Så skjedde det heilt store! Det kom ein engel inn i butikken! Feil! Anne entra butikken! Heile verda datt ned i hovudet mitt! Eg mista cd-en eg las på, og heldigvis for det. For elles hadde eg gått ned i lag med resten av verda. Eg vart trollbunden av ei hulder frå ”Ulrik-berget”. Ho gjekk mot meg, og smilte med dei vakre, energiske augo sine. Lykka smiler! tenkte eg, og datt i bakken med eit brak.

   Då eg vakna, sat Anne der med meg. Joda. Eg hadde ”drite på draget” for å seia det rett ut. Men det gjorde ingenting for Anne, fekk eg høyra. ”Skal eg hjelpa deg heim?” spurde ho. ”At ho skulle hjelpa meg heim?” Måten ho spurde på fekk det til å verka som om det var den naturlegaste ting i verda. Eg hadde som alle andre ofte fantasert om å redda ei jomfru i nød, men ikkje å verta redda av ei. ”Joa”, svara eg. ”Klart det!”

 

Slik var det eg fekk mitt livs første kjærleiksforhold. Med ei dame kven som helst ville gå gjennom eld og vatn for. Men nokon må jo vera heldige!

  I byrjinga trefte me kvarandre berre av og til. Ho ”stakk tilfeldigvis innom” nokre gongar for å ”sjå til pasienten”, som ho sa. Ja ja. Greit nok. Det stod jo eigentleg ikkje så gale til med meg, når me ser vekk frå heileskaking og eit brekt handledd. Og selskap var det beste medikamentet eg kunne få. I frykt for at ho skulle slutta å koma, sprang eg like godt på spegelen på badet. Brekte nasen og knuste spegelen. Det gjorde JÆVLIG vondt!

   Me fann ut at Anne lettare kunne vera ”sjukepleiaren” min dersom me budde i lag. Og slik flytta Anne inn hos meg.

   Etter at Anne flytta inn, måtte eg sjølvsagt legga frå meg mange av dei vanane eg hadde lagt meg til opp gjennom åra. Som porno t.d. Ut i søppelet med dei 50 videoane og dei 20 blada. Anne gjorde det klart kva slags meining ho hadde om slikt. ”Porno eller meg!” som ho sa. Eit vanskeleg val, og eg bad om tid til å tenkja. Då fekk eg døra rett i trynet, og eg såg ikkje meir til ho på to dagar. Men då ho kom tilbake, var pornoen for lengst gløymd.

 

 No er eg åleine igjen. Eller ”singel” om du vil. Anne, tykte tydelegvis at impotente menn ikkje er noko særleg. Men ho sa det aldri. Sa berre at ”ho måtte vidare i livet!” Eg lest som om eg forstod ho godt. Og det gjorde jo eg og eigentleg. Me har jo alle drifter.

   Eg vart forlaten til fordel for ein anna ”mann”, noko ho ikkje nemnde i ein bisetjing eingong. Det måtte eg erfara på eiga hand. To dagar etter det heller udramatiske brotet, vart Anne observert av nokre naboar nede i sentrum saman med sin nye ”flamme”. Fullt offentleg, i dagslys til og med. At ho ikkje var flau! Og når til og med ”Romeo” var av utanlandsk merke! Nei, det var ikkje til å tru! Naiviteten som eg var så glad i hos Anne, var tydelegvis ikkje noko positiv i denne samanheng. Ikkje at eg er rasist, men eg veit jo korleis det er på norske asylmottak. Der er gruppevaldtekt  med belte og sennepsflasker kvardagskost. For ikkje å snakka om hygienen! På slike stadar er det vanleg å tørka seg i rompa utan dopapir, etter eit av dei mange do- besøka. Og deretter eta pitabrød og taco med den same handa! Slikt burde jo sjølv naive, søte, omtenksame Anne vita! Ho, som jobba som sjukesøster inne på Haukeland, burde ha kjennskap til kva følgjar dårleg hygiene kan få.

  Eg forstår at driftene til Anne måtte verta tilfredstilt, sjølvsagt. Men at det måtte vera ein neger med ein halv meter tiss, kan eg ikkje forstå! Greit nok å vera ”vellutstyrt”, men ein plass må grensa gå! Han kan jo komma til å ligga ho i hel! Eller pumpa ho full av sine ufyselege arvestoff, samt alle andre stoff som gjerne følgjar eit samleie. NEI! Det var ikkje til å tru!

 

   Eg hadde aldri før tenkt på det å drepa. Jo, forresten, naturfaglæraren min på ungdomsskulen, men ho tel ikkje. Slike tankar strir mot mi religiøse overtyding. Den norske statskyrkja har ti bod som ein mann laga i samråd med Gud for nokre tusen år sidan. Og dei ti boda lever eg etter. Men alt kan endra seg. Verda, ozonlaget, prisane på IKEA, ja alt. Så kvifor ikkje eg og? Eg meinar, her har ein levd eit lovlydig liv. Kva får ein igjen? Jo, knust hjarta og pikken i handa. Ikkje akkurat ein ung manns draum.

 

  Av og til lurer eg på om det er meg det er noko gale med. Men kanskje det ikkje er meg det no noko gale med. Kanskje det er verda me alle bur i? Kven veit? Kanskje det ikkje var Fagereng som gjorde noko gale den gongen? Kanskje det var verda som straffa han for at han sa ”faen” den gongen i 1967? Det var nok slik det hang saman. ”Faen!” sa eg høgt til meg sjølv. ”Faen!”

På doet nede på buss-stasjonen i byn, stod det ein gong dikt inngravert i do-dørene. Dei var fascinerande, tykte eg. Og synest det framleis. Og eit av dei mange lagra seg på netthinna mi for godt:

 

Please forgive me, I’ve done wrong.

Mind so wicked, hands so strong.

I’ve looked at stars I’ve stared at sun.

Please burn my eyes of one by one.

 

Black naked body in my bed.

It’s mind is gone, it’s guts is spread.

It can’t be true, it really can’t be.

Oh please GOD help me.

 

Now they’re here to take me in.

My mind is raging, I’m full of sin.

I picked up the pistol from the floor.

Pulled the trigger.

Heard no more.

-

I never saw a flame burn so bright.

We’ll be in hell by night.

You’re flame is out but still.

The one in you heart never will.

 

Blow out a candle, fear not the dark.

It’s time to leave,  make no remark.

Still your mind may struggle within.

Makes you hungry, crave for sin.

 

Time to let your mind be free.

Forget about reality.

Fire hides a message inside.

What, You are to decide!

 

Jo, eg har grubla mykje over kva den ”djupare meininga” ved diktet kan vera. Og er trur eg har funne den. ”Svartedauden” har øydelagt livet mitt. Tatt frå meg det einaste eg nokon gong har elska. Ja, det er sant. Eg elska verkeleg Anne. Med heile hjarta og levera og, ja, alt! Og no driv ein pest og herjar over ho. Stikk sitt svarte ”sverd” inn i kroppen hennar. Men han nyt det ikkje. Ikkje i det heile. Det er tanken på å øydeleggja livet mitt som driv han. Eller livet til alle norske mannfolk. Og slikt må straffast! (Du skal ikkje trå etter ektefellen åt nesten din!) Eg veit at det som skje, ikkje kan forsvarast på nokon måte. Men skal ikkje eg få Anne, så skal ikkje den forbanna svartingen det heller!

  Den siste tida har gått fort. Eller den har gått forbi utan å la meg merka det. Og det er forresten jævlig kaldt her i frysaren! Har jo høyrt om at i frysaren står alt stille. Og derfor tenkte eg at viss eg satt den på fullt, ville kanskje tida gå tilbake. Men det ser ikkje ut til å virka. Heller lite. Og tida går berre fortare enn før. Kjenner korleis hjarta slår, slag for slag inne i kroppen. Meir smertefullt for kvar gong. I byrjinga trudde eg det var kulda, men eg har slått meg til ro med at det er det knuste hjarta mitt som vil ut. Det må snart skje noko! Veldig snart! Øydeleggja for parasitten. Skapningen som livnærer seg på å fortæra andre skapningar. Og det er det negeren gjer.

 

 Eg går ned i kjellaren, og finn fram våpenet. Alt er planlagt. Skal øydeleggja det som øydeleggjar meg! Og det må eg no! ”EG MÅ UUUUUTTT!!!!!!!!!”

 

Ute har sola gått ned for lenge sidan. Det er snø. Barna som ein gong leika i gatene mellom blokkene, er vekke no. Tatt av svartedauden eller kjærleik. Gifta seg og vorte foreldre. Er arbeidsledig og går på sosialen. Joda. Slik er ”rikets tilstand” her i Åsane. Berre drit og elende. Ingen gjer noko nyttig. Ungdommane drikk seg ”dritings” kvar helg. For ikkje å snakka om all narkotikaen dei brukar. Driv rundt ”likeglad”, halvt i svime. Det er til å få brekkingar av. Men no skal endelig ein av dei nyttelause vekk. Ein mindre for staten å betala trygd til. Og forresten ein meir å betala dagpengar til i fengselet. Ja ja. Men noko for noko, som ein seier.

 

Mordvåpenet ligg i lomma. Eg kjenner korleis det slår mot låret kvar gong eg tar eit nytt steg. Det føles godt. Ein kjensle av makt. Det er eg som har overtaket. Og med ein sikker plan kan det ikkje gå gale. Pesten skal til Anne i kveld klokka 8. Det kunne konstaterast etter ein kjapp lytting ved døra til Anne. ”Ja, da snakkes vi imorgen hjemme hos meg klokka åtte”. ”Nei, sier du det”. ”Klokken åtte presis da?”, ”Ja maten er kjøpt inn!”, ”Å så søtt!”, ”Ha det, ja!”

Eg lurer på kva som negern kunne seia som var ”så søtt”. ”Eg skal slå deg så hard med belte at du ikkje slutter å blø før mandag morgen!”? Nei. For då hadde nok Anne sagt noko anna enn ”søtt”. Ja ja. No spelar det ikkje noka rolle lenger. Tida for mordet er klar, og viss alt går etter planen, er alt over om få minutt.

Fotspor i snøen. Eg skundar meg. Følgjer dei til eg ser kven som eig dei. Jo. Det er neger’n. Fargen hans står i sterk kontrast med den kvite snøen. Det er ikkje å ta feil av. Listar meg opp bak ryggen hans. Tek opp skrujernet som ligg i lomma. Kjenner korleis forma passar perfekt i handa. Byrjar å svetta ettersom eg kjem nærmare. Har han merka meg? Nei. Eg tar sats dei siste metera. Hever armen, klar til slag. Bykser fram. Skrujernet klart. Skrik: ”hjeeeeeeeeelp!”

Skrujernet skyt fart. Neger’n har merka meg no. Ser på meg. Det er slik eg vil ha det. Så i eit slag, stikk eg skrujernet inn i mitt eige hjarta. Kjenner korleis blodet pumpar ut av brystet. Som ein fontene. Eg fell i bakken. Neger’n står over meg. Han held handa si over såret. Pressar på for å stogga blødninga. Men det er for seint! Eg ser at neger’n har fått blod på handa. ”Hjeeeeeeeelp”! Eg skrik lungene tom for luft. Ser korleis blodet fossar støytvis ut frå brystet. Raudt. Alt er raudt.

 

Ser for meg neger’n som sit i ei kald celle på Ila. Sit der og angrar på det han har gjort meg. Og endeleg skal han få betala for seg. 21 år for overlagt drap.

Han sit i den kalde cella medan det er fullt oppstyr i Bergen. Det er Arne Økland si gravferd. Mannen som vart brutalt myrda med eit skrujern av ein ussel innvandrar. TV2 dekkar heile den sørgjelege bortgangen til Arne Økland. Legg fram dei nyaste teoriane i saka. ”Sjalusi, psykisk ustabil eller leigemordar. Politiet vil ikkje kommentera saka”.

 

Eg ser eit lys i enden av tunnelen. Det svartnar. ”Av jord er du komen!” tenker eg. ”Av jord……………..”

 

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil