Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Den helga drøymde eg...Skriv ut Utskrift
Min versjon av Hobbitten.
Nynorsk - FortellingForfatter:



Endeleg var det helg. Dagen gjekk fort og det blei kveld. Eg gjekk på badet og pussa tennene, tok ein fluor og gjekk opp på rommet mitt. Då eg åpna døra, blei eg møtt av ei stank som kunne ha drept ein kamel. Det kunne ikkje vera noko anna enn sovelukt. Eg skunda meg bort til vindauget, åpna det og la meg på senga. Deretter tok eg opp Hobbiten fra golvet.. Eg åpna boka, tok ut bokmerket og begynte å lesa. Gandalv laga eit merke i den grøn ma lte dø ra og...zzz Eg kjende at eg blei trøttare og trøttare zzz. Eg kla rer ikk je å hal de meg va ken len gre zzz. Eg sovna. Men det var noko som ikkje stemte. Vanlegvis etter eg har sovna pleier eg ikkje å begynna å drøyma før etter nokre timar.

 

Eg hamna i ei verd eg hadde høyrt om før, men eg kunne ikkje komma på kor eg var. Landskapet var flatt med masse trær, grøn skog og fjell. - Kvar er eg, tenkte eg med meg sjølv. Eg fant ut at eg ikkje berre kunne stå her, så eg begynte å gå. Eg følgde stien, eg gjekk og gjekk og landskapet endra seg aldri. Etter å ha gått eit stykke kunne eg endeleg sjå noko. Eg endra tempo og begynte å springa. Etter å ha kommt over knausen kunne eg sjå ein liten landsby. Til høgre for meg kunne eg sjå eit skilt. Skiltet var i tre og eg kunne sjå at det ikkje var lagd av kven som helst. Skrifta var nydeleg utrissa med ein slags kniv eller eit eller anna verktøy. -Hobbitun, jasså. Der må eg ta turen, kanskje dei kan seie kvar eg er. Eg sprang så fort eg kunne mot landsbyen. På vegen møtte eg på ein gammal mann. Han hadde ein grålilla kappe, ein tre stav og ein rar hatt. Hatten ligna på ein trollsmann hatt. Da slo tanken meg. - Han er heilt sikkert ein trollmann, tenkte eg for meg sjølv. Eg sprang etter han i håp om å få eit lite ord med han. Eg prikka han på høgre skulderen hans. Han snudde seg. Da la eg merke til at han hadde langt, gråkvitt skjegg. Han så på meg med dei blå, litt forvirra og nysgjerrige augene sine før han presanterte seg sjølv.

 

-Mitt namn er Gandalv. Eg er trollmannen i denne dalen. Og kven er du, eg kan ikkje hugse at eg har sett deg her før? sa den litt forvirra trollmannen. - Å unnskyld, eg gløymde rett og slett å introdusera meg sjølv. Eg stod og tenkte på kva eg skulle kalla meg. Eg heiter Nuron (kvifor sa eg det, eg heiter jo eigentleg Jan Kristian?) og veit ikkje heilt korleis eg kom her, eller det er ei lang historie. Eg kan for... Eg fekk ikkje fortald ferdig før Gandalv avbraut meg. -Me har ikkje tid til dette tøvet sa Gandalv og begynte å gå vidare. Den gamle mannen gjekk fort, men bestemt, rett mot Hobbitun. Eg sette etter han. Desto nærmare eg kom, jo meir kunne eg sjå av landsbyen. Husa var bygd nede i jorda, akkurat som små holer. Fortsatt følgde eg etter Gandalv. Han gjekk fortsatt like fort og bestemt mot landsbyen. Me gjekk inn gjennom ein liten trang, men allikevel koselig passasje. Det var teikninger på dei høge veggene. Eg gjekk ut ifra at det var barna i landsbyen som hadde laga dei, fordi dei var ganske langt nede. Det var både hestar, gudar og runer (gjekk eg ut ifra) på veggen. Me kom ut av passasjen og eg blei bare ståande å måpa. Byen var nydeleg, det var masse barn og best av alt, det var mange på min eigen alder. Det var berre ein ting. Dei var dobbelt så låge som meg. Eg rista på hovudet og speida etter Gandalv. -Kvar har den gamlingen gjort av seg? spurte eg meg sjølv. Plutselig såg eg han. Han stod og snakka med nokre små folk, dei likna på dvergar, men nokon hadde skjegg og nokon hadde ikkje. Dei likna på to forskjellige folkeslag.

 

Da eg begynte å gå blei eg på-sprungen av nokre ungdommar som lekeslåst. Eg traff bakken og slo handa mi. Det gjorde veldig vondt. -Å unnskyld, det var ikkje meininga å springa deg ned, sa den eine av dei. -Det gjer ikkje noko, sa eg og heldt på handa, mens eg prøvde å få igjen pusten. -Eg heiter Pippin og dette er Sam og Merry. -Hei alle saman. Eg heiter Nuron (der sa eg det igjen...). Kan de seia meg kvar eg er? -Ja, du er i Hobbitun, hobbitenes landsby, sa Pippin. -Ja, det veit eg jo, men kvar er eg, kva land er eg i? -Du er i drøymeland, kvar trur du? sa Merry med latter i stemmen. -Det er det eg ikkje veit. Eg snudde meg mot Gandalv, men han var ikkje der! -Ha.. Har de sett ein gammal trollmann her som heiter Gandalv. Han var her i stad, han stod rett der borte. Eg peikte mot eit digert tre. Dei tre kompisane begynte å snakka saman. -Skal me fortelja det til han der, kva var det han heitte? -Nuron, trur eg svarte Sam. -Eg syns at me skal fortelja det til han, han er jo tross alt på besøk. Dei to andre såg rart på Merry. -La gå, sa Pippin. -Hei Nuron... Eg snudde meg mot Merry. -Han gjekk til venstre for det treet rett der borte. Deretter går du rett fram til du finn huset til Bilbo Lommelun, ok. -Takk skal de ha guttar, håper me treffer kvarandre igjen. Eg snudde meg og gjekk mot treet. Her i landsbyen var det både hobbitar, dvergar og alver. Dei vaksne hobbitane røykte pipe, mens dei konkurrerte om kven som laga dei største røykringane. Dvergane var nok berre innom for å smaka på den fantastiske mjøden. Du veit, dvergar elskar mjød. Dei likar også tobakk. Dei fleste har nok ei pipe og ein liten tobakkpose i lomma. Men nok om det. Da eg kom til treet snudde eg meg og gjekk mot venstre. Etter å ha gått litt bortover og sett etter Bilbos hus, fant eg det til slutt.

 

Han hadde eit fint, lite treskilt utanfor huset, akkurat som det som stod oppe på knausen, som eg fortalde for litt sidan. Det stod: Her bur Bilbo Lommelun. Eg visste at det stemte, det kunne eg sjå på døra. Den var grønmalt, akkurat som det stod i boka. “Klinge-dinge-linge-lang,” sa det da eg ringte på dørklokka. Mens eg stod og venta, kom det plutseleg to dvergar susande forbi. Døra gjekk opp. Det var ein liten mann som stod i døra og han såg heilt utsliten ut. Det var Bilbo. -Kva kan eg hjepa deg med, spurte den litle mannen mens han tørka vekk svetten fra panna. -Eg heiter Nuron (kva tid skal eg læra). Eg lurte på om Gandalv var her. -Ja, han er i stova. Bare kom inn. Før eg fekk tid til å gje hjernen beskjed om å gå inn, suste dvergane inn. Eg tørka av skoa mine og gjekk inn.

 

Inne i det litle, men alikevel koselege huset, var det fullt av dvergar. Nokon skreik etter meir mat, mens andre lagde røykringar med pipene sine. Stakkars Bilbo, først sprang han etter mat, deretter mjød. Skulle ikkje forundre meg om han tok av nokre kilo under den harde “økta.” Det var bilde og blomar overalt i det litle huset. Eg såg etter Gandalv. Ikkje der, ikkje der, men der! Han sat inne i den tåkefylte kroken der han sat i enden av spisebordet. Han blåste også røykringar. Berre på ein annan måte. Da dei andre blåste sine ringar, blåste han sine eigne gjennom deira røykringar. -Gandalv, der er du. -Har du forfølgd meg heilt hit? spurte Gandalv surt. -Eh, njaaa, både ja og nei. -Men kvifor? lurte Gandalv -Eg ville berre spørja deg om noko. -Spytt ut gutt, sa Gandalv. -Ja, eg ville bare spørja kvar eg er. -Du er i Hobbitun og det ligg i Drøymeland. -Kva! Men, men korleis har eg komme hit? Det klappa heilt saman for meg. -Blei du ikkje fødd her da? spurte Gandalv. -Nei, nei, eg blei ikkje fødd her, sa eg grettent. -Men korleis har du kommt hit da, sa Gandalv og rista på hovudet. -Det er ei lang historie, ja av det eg hugsar. Etter å ha fortald Gandalv, Bilbo og dei 13 andre dvergane den “lange” historien min vart dei heilt forvirra. -Ja, det er litt av en historie du fortalde oss. -Han er gal, kom det fra Bilbo. -Det er eg i... For andre gong på ein dag avbraut Gandalv meg. -Slutt med det der, sa Gandalv med ein sint stemme. Sidan du ikkje kan hugsa kva som har skjedd med deg har du vel tid for eit eventyr. -Nei, ikkje eventyr kom det fra Bilbo, eg trur eg blir heime. -Du skal bli med, om det så smalt i vinkel sa Thorin. Thorin er høvdingen over dvergane. Han var også den største av dei. -Du treng ikkje viss du ikkje vil, sa Gandalv, men det gjeld ikkje deg, sa han mens han peikte på Bilbo. -Det er stygt å peike og det veit du, sa Bilbo. -Viss du ikkje klapper igjen kjeften, puttar me deg i ein sekk og der blir du til me er framme, sa Thorin mens mjødet spruta ut av kjeften hans.

 

-Nå, har du bestemt deg? Alle sat spende og venta. Ja, det er klart at eg vil bli med dykk. -Ok, her er planen:
Først reiser vi over Bakken. Der ligg det ein liten skog. Eg har skaffa oss ein hest og sju ponniar. De må sitja to og to på ein ponni. Det er begransa kor mykje bagasje de kan ta med. Over til planen igjen. Me slår leir når me kjem til skogen. Der får de høyra resten av planen. Bilbo tok opp pipa og tobakkposen. Han tok opp litt tobakk i pipa, og tente på. -Berre reis og send meg eit postkort, ikkje la meg stoppa dykk, sa Bilbo mens han lagde ein liten ring. -Ånei du. Det var det siste Bilbo høyrte før han blei kasta i ein sekk og besvimte. -De har fem minutt på dykk til å pakka tinga dykkar. -Kva var det du heitte nå igjen, la meg få tenka. Men Gandalv fekk aldri tenka ferdig, fordi nå var det min tur til å avbryta. -Eg heiter Ja.. Eh, eg meiner Nuron. Nå hadde eg fått det til. -Kva meiner du med Ja... Eh, eg meiner Nuron. Heiter du Ja... Eit eller anna eller Nuron? Eg heiter eigentleg Jan Kristian, men fann ut at eg skulle kalla meg for Nuron, men ikkje spør meg kvifor. -Det får me ta seinare. Du har tre minutter på å pakke dine og Bilbos ting. -Men eg har jo ikkje nokon klær med meg her, fekk eg hiksta fram. Du finn nok eit eller anna i skapet til Bilbo. Jaja, tenkte eg. Eg finn nok eit eller anna. Eg måtte bøye meg for å komme inn på rommet til Bilbo. Eg opna skapet og begynte nesten å gråte. -Det er jo berre små klede her, skreik eg ut til Gandalv. -Ditt problem, sa han og forsvant ut døra. Dette er jo ikkje typisk, sa eg til meg sjølv. Eg pakka nokre klær til Bilbo og det største eg fant til meg sjølv. Deretter tok eg med meg Bilbo som fortsatt lå i sekken og sov. Sjølv om han var liten, betydde det ikkje at han var lett. Mannen hadde jo både bilring og dobbelhake. Heldigvis for ryggen min stod ponniane og hesten til Gandalv klar på utsida av huset. Me lasta på hestane og la i veg. Dvergane foreslo at me skulle synga songar, og siden det berre var eit forslag, blei det vedteke.

“Over tåkefjell, så kald ein sti,
 til salen dyp frå fordumstid
 vi fare må før dagning grå.
 Det bleike gull, det søker vi.”

 

“I gammal tid ein trolldomsmakt
titt over dvergars verk blei lagt,
i dybder kvar mangt ukjent bur,
i berge-sal, til hamrens takt.”

 

“Dei tredde himlens stjernehær
på kjeder, lot på kronen svær
stå drage-brann, i sølvtråd grann
dei fanga sol og månes skjær.”

 

“Over tåkefjell, så kald ein sti,
 til salen dyp frå fordumstid
 vi fare må før dagning grå.
Vårt glemte gull, det krever vi.”

Og slik forsatte dei til det ikkje var fleire vers igjen.

Etter å ha ridd i ein time eller to begynte eg å få gnagsår i rompa. Det var jo berre ein sal og den var jo dekka av den feite rompa til Bombur, dvergen eg satt på med. Endeleg kom me til skogen Gandalv hadde vist oss på kartet. Me var berre ei elvkryssing frå skogen der me skulle slå leir. -Sjå der, sa Balin og Dvalin i kor. Det er eit lys inne i den skogen. Skal me ikkje sjekka det ut? -Jo klart det, sa Thorin og skulte stygt på Bilbo. -Ånei, ånei, ikkje tenk på det ein gong. Eg går ikkje bort der aleina. -Kom igjen “lommetyv,” gå å sjekk det ut, sa Fili spydig. -Men tenk om det er tussar eller dragar der borte. -Ikkje prøv å vri deg vekk, sa Gandalv. Kom igjen. Alle stod og såg på Bilbo der han stod og let som om han skalv. -Javel, eg skal sjekke det ut. Han snudde seg utan ein kommentar og gjekk bortover mot skogen. -Det går vel greit, eg er jo ein hobbit og spesialiteten min er jo å gøyma meg i skogar og kratt. Da han nådde skogen, lista han seg bak eit tre. Han torde så vidt å ta ein liten titt på kva som var i skogen. Han blei så forskrekka når han såg kva som var i skogen, at han snubla så lang han var. -Ånei, nå blir eg troll-mat. Han hadde skikkeleg uflaks den dagen. Han klarte jo sjølvklart å seie det så høgt at det eine trollet høyrde han.

 

Trollet snudde seg, mens dei to andre fortsette å grille på eit stykke kjøt. Trollet gjekk mot Bilbo og strekte ut hendene. -Nå er du min sa trollet. Bilbo torde ikkje å sjå. Han kjende berre ein kjempe stor neve ta tak i han og løfte han opp.
-Forførje, Albert, se å jeg fakka! sa Viljam (på dialekt).
-Å er’e? sa dei andre og snudde seg.
-Steike meg om jeg veit! Å er’u?
-Eg er Bilbo Lommelun, ein lomme-ein hobbit, sa stakkars Bilbo som skalv over heile kroppen.
-Å er’n ein lomme-einhobbit? sa dei litt forfjamsa.

Trolla begynte å krangla om kva dei meinte var rett. Krangelen blei berre verre og verre. -Nå har eg sjansen til å stikke av, tenkte Bilbo med seg sjølv. Men akkurat idet Bilbo hadde kome seg ut av handa til Viljam, som ikkje hadde merka noko, kom Balin kom inn i skogen og lurte på kva som foregjekk. -Hei Bilbo, kva er det du hel... Heile kroppen hans fraus. Alle dei tre trolla snudde seg og kasta seg over stakkars Balin. Dei putta han i ein sekk. -Trur’u at det kommer mer dverger inn i skau’n? sa Tom til dei to andre trolla. Like sikk’r som på at vi har åt’i sau! brølte Albert av glede. Dei tok kvar sin sekk og gøymde seg i mørket. Og som sagt, det kom fleire dvergar. Det er jo klart. Dei var jo nysjerrige på kva som skjedde. Tilslutt kom Thorin. Og han var klar over at det var fare på ferde. Han tok opp sverdet og gjorde seg klar til kamp. Da han kom inn i skogen, fekk han auge på trolla. Han sette i eit kampbrøl og storma mot dei. Etter han følgde Gandalv som hadde gjort staven sin klar til kamp. Thorin sveiva sverdet bak seg og slengte det tilbake. Det traff Viljam rett i kneet. Han sette i eit redselsfyllt hyl. Gandalv lada opp staven og sende ei eldkula rett mot Viljam. Da ildkula trefte Viljam, forsvant han. Eg fant meg eit sverd i sekken til Bombur og klatra opp i eit tre. Tom prøvde å komma seg vekk fra Thorin og Gandalv. Men stakkaren sprang rett mot treet eg sat i. Og det hadde ikkje Tom lagt merke til. Eg tok sats og hoppa akkurat idet han fôr forbi. Eg landa på ryggen til Tom. Sverdet mitt suste gjennom lufta og trefte Tom rett på sida av strupen. Hovudet datt av og det spruta blod overalt. Dei to andre trolla blei så skremte at dei la på flukt. Men det var for seint. Akkuratt idet dei la på sprang, kom sola opp og gjorde dei til stein. -Det var det, sa Thorin og klappa meg på skulderen min. -Bra jobba gut, kom det fra Gandalv. -Takk, takk, det var så lite, sa eg. Eg kjende at eg smilte frå det eine øyra til det andre.

 

Og der kom Bilbo. Han hadde gjemt seg i buskane. -Eg skulle akkurat til å slå til, men de klarte det vist bra utan meg, sa Bilbo mens han fjerna nokre greiner frå det tjukke håret han hadde på føtene. -Ja, ikkje sant, sa Gandalv. -Men nå er det på tide å komma seg vidare, sa Thorin. Dei sat seg på ponniane og Gandalv på hesten. -Kjem du Nuron? spurte Bombur. -Ja... Eg hadde ikkje så veldig lyst til å sitja på men Bombur. Ikkje det at eg ikkje likte han, men det var berre så liten plass på ponnien. -Han kan sitja på med meg, sa Gandalv. -Greit for meg, sa Bombur og la i veg. -Stakkars ponni, tenkte eg da eg sat meg på hesten til Gandalv. Ponnien prøvde å dra seg bortover, men det gjekk ikkje så bra, ettersom Bombur sat på den. Rompa til Bombur var så tjukk, at den slepte i bakken. Det hadde nok litt å seie fordi ponnien begynte å få kink i ryggen. Men det gjekk. Etter å ha ridd nokre timar kom me endeleg til Fjellet. Jo lenger me kom opp;desto smalare blei vegen og me blei nødt til å leia ponniane. Det hjalp heller ikkje at været blei verre. Det begynte å lyna. Plutseleg smalt det så høgt at eg fekk gåsehud på ryggen. Ponniane blei så redde at dei stakk av. -Det var jo berre typisk, sa Thorin. -Nå som ponniane har stukka av garde med bagasjen, må me nok forsetta til fots, sutra Bilbo. -Ta deg saman “lommetyv,” sa Balin. -Kom igjen folkens, sa Gandalv. Viss vi klarer å gå til dagry, kjem me til Beorn. -Kven er Beorn, høyrte han Oin brøla bak seg. -Vent å sjå, sa Gandalv hemmelihetsfullt. Dei gjekk og gjekk til det endeleg blei morgon. Dei fant seg ei lita hole og la seg til å sova. Dei sovna ganske fort. Bilbo låg og drøymde om det litla huset sitt, om at te-kjelen tuta i veg og ei kjempe diger kake. Hadde du vært der, kunne du ha sett at det rant ut av munnen til Bilbo, mens Thorin og Gandalv låg å snorka i kor. Balin og Dvalin låg og små slåst i søvne. Timane gjekk og kvelden kom. Bombur hoppa til værs da han merka at det sat ei ugle i det tjukke og kvite skjegget sitt.

 

-Hjelp, tussar, troll, dei har meg, hjelp meg for pokker! brølte Bombur mens han klatra opp det litla treet han hadde låge under. Alle saman vakna av skrika til Bombur. -Kva er det med deg? lurte Gandalv. -Ja, kva var vitsen med det? spurte Bilbo mens han gnikka seg i auga. Han hadde akkurat begynt å trykka i seg kaka ( i draumen sin). -Det var noko som tok tak i meg, sa Bombur og klamra seg til greina han sat i. Men det varte ikkje lenge. Han hadde valgt feil grein, ja du kan tenka deg ein blautfeit liten dverg som satt på ein “tannpirkar”. Han falt ned og traff bakken med eit brak. -Au, åh, det gjorde vondt. Eg trur eg brakk det venstre ribbebeinet, det ligg i vert fall noko laust under magen min. -Hei! Kvar har det blitt av Bilbo, spurte Gloin. Plutseleg kom det ei lita, men nokså knust hand fram frå bilringen til Bombur. -Bombur! Kom deg deg vekk frå “lommetyven” før du dreper han, kommanderte Thorin. -Ok, sa Bombur og trilla den svære kroppen sin vekk frå det som var igjen.

 

-Pwææ! Bilbo heiv etter pusten. -Korleis går det med deg? spurte Gandalv. Bilbo fekk ikkje svart før Bombur traff treet. Det datt sikkert ned 20 epler. -Frukost? spurte Bombur mens han prøvde å sjå ned, så flau han var. -Din klossmajor, sjå å hjelp Bilbo, høyrte han Fili seie. -Ja, det skal eg, eg går nå, eg eg... -Bombur, slutt bablinga og hjelp Bilbo opp, sa Gandalv sint. Ja, eg... eg... Thorin såg spydig bort på Bombur. Bombur snudde seg og gjekk mot Bilbo. -Korleis går det med deg kompis, kan du seie kor mange fingrar eg held opp nå? hiksta Bombur og heldt opp tre fingrar. -Ææh... fem? Nei, sju, nei nei fire, hosta Bilbo. -Mannen har gått frå forstanden, sa Kili. -Så, så, det ordnar seg nok, sa Gandalv. Bombur løfta Bilbo opp og sat han på ein trestubbe. Etter å ha såte på stubben i nokre minutt, begynte Bilbo å kvikna til. -Kva skjedde? spurte Bilbo mens han såg seg rundt. -Eh, eg trilla over deg kompis, men du blei ikkje alvoleg skadd, sa Bombur mens han såg ned i bakken.

 

-Kva! Trilla du over meg? Og eg lever enda, sa han mens han himla med auga. Takk Odin, takk Tor med hammaren, sang Bilbo. Han var så glad at han begynte å dansa rundt trestubben. -Du får ta gledes-dansen din seinare. Nå må me komma oss vidare , sa Gandalv. Dei samla seg saman og gjorde seg klar til å leggja vidare på reisen. Då drar me, sa Thorin og peikte mot Landene mot øst. Dei gjekk og gjekk og gjekk. Det verka som om dei ikkje kom noko lengre. Lanskapet gjekk igjen, trange skogar og opne sletter. Bilbo gjekk fortsatt og tenkte på mat og det litla huset sitt. -Sjokolade kake, te, tobakk... Det var det einaste som stod i hovudet til den litle hobitten. Må ha mat, må ha... Han stoppa heilt opp. Kili måtte bråbremsa for å ikkje slå ned hobbiten med magen sin. -Sjå der, sa Bilbo og peikte over haugen. -Der ligg huset til Beorn, sa Gandalv og gnidde seg i hendene. Dei satte opp tempoet og gjekk rett mot huset. Huset var dekka av ein kjempe stor hekk som gjekk rundt heile eigedommen til Beorn. Endeleg er med her vennar, sa Gandalv og reiste hendene sine mot himmelen. Eg går først, og så kan de komma etter meg, med jemne mellomrom, ok? spurte Gandalv. -Greit for oss, sa me i kor. Gandalv gjekk mot porten og opna den.

 

Då han opna porten, kom det ein forferdelg lyd, akkurat som om du skulle ha skrapt ein kniv og ein gaffel mot ein tallarken. Det var heilt nydeleg. Det var blomar, hestar, fuglar og froskar som koste seg i den alldeles nydelege hagen. Gandalv såg seg rundt. -Hestar, blomar, der! Der er det, tenkte han med seg sjølv. Han gjekk rett mot eit lite skur. Han gjekk forsiktig gjennom hagen, i håp om å ikkje tråkka ned nokre froskar. Før han fekk tid til å banka på døra, blei ho smelt opp og ein kjempe svær kar, sikkert to meter høg og ein meter i breidden ut av døra og stirra hardt inn i auga til Gandalv. -Og kven er du? spurte den store kjempen. Gandalv kunne kjenna den stikande anden til kjempen. -Eg er Gandalv, eg er ein trollmann. Du har sikkert høyrt om meg, sa Gandalv og pressa fram eit smil. -Eh, la meg tenka, eh nei. Eg har ikkje høyrt om nokon trollmann som heiter Gandalv. Smilet til Gandalv forsvann og blei om til rynker. -Så du har ikkje høyrt om meg, du, sa Gandalv og såg rart på kjempen. Men ikkje tenk på det. Eg har nemleg høyrt om deg, sa Gandalv og vifta litt med staven. -Jaha, så du har høyrt om meg, sa kjempen. Kven er eg om eg tør størja? sa kjempen og laga ei grimase. -Du er Beorn og er eigaren av denne dalen. -Det veit jo alle, veit du meir? spurte Beorn og himla med augene. -Ja, eg veit ôg at du har eit oppdrag til meg, eg meiner oss. -Nå er eg ikkje heilt med deg lengre, sa Beorn og rynka panna. -Eg kunne ikkje la være å ikkje leggja merke til plakaten du har hengt opp i Hobbitun. Eg går ut i frå at du har hengt opp plakatar i Kløvenland og Moria, sa den gamle trollmannen utfordrane. -Ja, det har eg, men til inga nytte. -Kva meiner du, sa Gandalv. -Kvar einaste som har vore her, har ikkje kome seg levande ut fra Gråfjellet der den store Smaug bur. -Men kvifor vil du at folk skal ta Smaug for deg. Ja, ein så stor kar som deg må vel klara eit slikt oppdrag sjølv? spurte Gandalv.

 

-Det er berre det at eg ikkje har hjarte til å forlata hagen og dyrevenane mine, hiksta Beorn. -Ikkje vær redd, dette ordnar me, sa Gandalv. -Kva menier du med “me?” spurte Beorn. Gandalv stakk to fingrar i munnen og plystra så høgt at froskane gjekk i sjul i dammen. Her kjem dei, sa Gandalv. -Dei, kor mange? spurte beorn. -14 stykk, sa Gandalv. -14! 14, ser dette ut som ein barnehage, brølte Beorn. -Dette er Thorin, Gloin, Oin, Bilbo, bla bla bla... Og til sist Nuron, eller Jan Kristian som han heiter, sa Gandalv. Som eg sa, så er me ute etter oppdraget ditt, sa gandalv. -Oppdrag, kva slags oppdrag? spurte Bilbo. Ja, for viss det er farleg så blir eg ikkje med, sa Bilbo bestemt. -Å hold tåta på deg “lommetyv,” sa Fili. -Lommetyv, lommetyv! sa Beorn og gjekk heilt berserk. Han trakk sverdet sitt og peikte mot halsen til Bilbo. Viss du har stole så mykje som ei lita lus, blir hovudet ditt hengande igjen på veggen, sa Beorn. Dersom du såg nøye etter, kunne du sjå at det kom røyk ut av nasehola til Beorn. -Så, så, ro deg ned, sa Gandalv. Han er ikkje ein lommetyv. Det er berre noko dei kaller han, ikkje sant gutar. Gandalv såg sint på Fili. Stakkars Fili kom ikkje på at han ikkje skulle seie det der, og han viste ikkje at han skulle bli så sint. Beorn la sverdet tilbake i slira. -Best for han, ellers blir han fuglefôr, sa Beorn og skulte på Bilbo. -Kan me komma til saken? spurte Gandalv. Kan me få eit kart av deg Beorn, slik at me kan finna Gråfjellet. Me kjem ikkje så langt med kartet vårt, det er skreve med runer. Beorn såg bort på Gandalv, før han snudde seg og gjekk bort til hylla. -De er heldige, dette er det siste kartet eg har igjen, sa Beorn og ga det til Thorin som sendte det vidare til Gandalv. -Kan du fortelja oss kor langt det er til Gråfjellet? spurte Gandalv. -Klarte det, sa Beorn og gliste. Gliset var så ondskapsfullt at Bilbo nesten gjorde i buksa.

 

-De er her, til høgre for Tåkefjellene, i Villenland, sa Beorn. Gandalv sat berre og nikka. De går oppover mot Storelven, deretter går de rett mot nord. -Takk skal du ha, det var alt me trengte å veta, sa Gandalv og nappa til seg kartet. Berre ein ting til. -Fyr laus gamlefar, eh.. Gandalv, eg meinte Gandalv. Men Gandalv tok det ikkje til seg. Han stod berre og gliste, mens soggelet rant ut av munnen hans. -Kvifor vil du kvitta deg med Smaug. Eg ôg vil jo kvitta meg med han, men har du ein spesiell grunn? spurte Gandalv. -Ja, det har eg. For ikkje så mange år tilbake... Beorn fortalde og fortalde. Me blei så fasinerte at me heilt gløymde ut tia, og historien gjekk mot slutten. Og det er fordi eg vil kvitta meg med Smaug, sa Beorn. -Kort fortald, du vil ha hemn, sa Gandalv. -Hemn, hemn ja, det er ordet. Det var akkurat som om det brant i augene til Beorn. Hemn, HEMN! Han brølte det så høgt ut at hobbitane i Hobbitun mista pipene sine. -Takk skal du ha Beorn, sa Gandalv. -Me går nå, sa Thorin. Det verka ikkje som om at han høyrte kva Thorin sa. Det einaste han gjorde var å seie: HEMN! HEMN! HEMN OVER ALLE ORMAR OG DRAGAR! -Me skundar oss før han skader oss, sa Bilbo. -Oi, lommety... eg meiner hobbiten har kome med sin første, gode idè. Dei gjekk ut av huset og hagen, og begynte å gå mot Storelven. -Me har ei lang reise foran oss, sa Gandalv. Etter at me hadde gått omtrent halvvegs, spurte Kili: Kven er Smaug? Er det ein drage eller ein orm. Kili såg bekymra ut. -Smaug er ein drage og er voktaren av Gråfjellet. Han voktar over ein diger skatt. Og den skal me ta med tilbake til Beorn, sa Gandalv. Han snudde seg. Alle stod og stirra dumt på han. -Hæ! Skal me risikera livet for å henta skatten for Beorn. Nei det går eg ikkje med på, sa Thorin. Alle dei andre dvergane og eg sa oss enige i det Thorin sa. -Beorn kan få 10%, men ikkje ein gullmynt meir, sa Thorin grettent. -Det er me heilt enige i, sa me i kor. -Greit, sa Gandalv. Ikkje meir enn 10%. Etter å ha krangla litt på vegen, nådde me endeleg Storelven. Bilbo kasta seg ned på kne foran elva og slurpa i seg det krystall klare vatnet.

 

Etter at me hadde drukke litt, vel litt meir enn litt, ca. ½ liter vatn kvar tok me oss ein velfortent pause under nokre furu-tre. Men det var ikkje alle av oss som tok pause. Gandalv derimot, sat seg ned og studerte kartet. -Viss me tar gjennom skogporten og gjennom Myrskogen kjem me oss fortare til Gråfjellet. Han trakk ned hatten og la seg til å sova. Etter at alle hadde fått seg litt skjønnhets søvn la dei vidare på reisen. -Her er skogporten, sa Gandalv. Me gjekk gjennom og gjekk inn i den dype Myrskogen...

 

Me følgte Alvestien til me kom til ein ny sti som heitte Skogstømmen. Her forsatte me oppover til me endeleg kunne sjå Gråfjellet. -Det var utrolig langt, men det var ikkje så høgt, det var rart, tenkte eg. -Vel folkens her er me, sa Gandalv. La oss gå inn. Det var mørkt, trangt og lågt inne i Gråfjellet. Og det blei ikke bedre av at det lukta rotten fisk. -Eg trur ikkje dette passer så bra for meg, sa Bilbo. Eg har klausofobi, sa han og begynte å skjelve. -Du lurer ikkje oss, sa Oin. -Men det er sant, sa Bilbo. Me gjekk vidare innover, heilt til me kom til ein hall, der det gjekk to vegar. -Kvar skal me gå nå, sutra Bilbo. Thorin foreslo at me skulle skille lag, mens Gandalv meinte at me skulle halde oss samla. Og det gjorde me. -Me lar staven velge kva slags veg me tar, sa Gandalv. Han haldt staven midt på golvet og slapp han. Den datt til høgre, nei venstre, nei høgre... Den traff golvet. Den peikte mot. Oin torde ikkje å sjå. -Den peiker mot venstre, sa Gandalv. -Kom igjen, me begynner å få dårleg tid, sa Thorin. Rådet til Gandalv’s stav lønnet seg. Rett rundt hjørnet låg det ein diger drage som låg og velta seg i gull og edelsteinar. -Nå skal den dragen få, sa Thorin. Han kom til å tenkje på kva Beorn hadde sagt. Orda gjekk gjennom hjernen hans. -HEMN! HEMN! HEMN OVER ALLE ORMAR OG DRAGAR! Thorin rista på hovudet og prøvde å kome tilbake frå dei dype tankane sine. -Gjer dykk klare til kamp, sa Gandalv. Han lada opp staven. Plutsekig kom det eit skarpt lys. Thorin trakk sverdet. Det gjorde alle dei andre dvergane også. Bilbo tok fram dolken sin og eg tok eit sverd frå sekken til Bombur. -Ok, er alle klare? spurte Gandalv. -Ja, det kan du vera sikker på, svarte dvergane i kor. Eg nikka. -Me stormar Smaug på tre, ok. Ein, to, tre...

 

Med Gandalv og Thorin i spissen, kom me andre etter, med sverda klare til kamp. Dvergane spredte seg ut i hjørnene, mens eg og Blibo blei med Gandalv og Thorin ut i fronten. Gandalv tok staven, peikte mot Smaug og sendte ei eldkula rett mot han. Den traff Smaug rett i halen. -Ærr’e alt du kan gamm’enn! brølte Smaug. -Nei, berre vent du, brølte Gandalv tilbake. Din tur Thorin, sa eg. Thorin gjorde seg klar. -Gjer deg klar til å bli avkapp, dragegutt, sa Thorin og satte mot Smaug. Akkurat idet han svingte sverdet fram og tilbake, slo Smaug til med halen. Halen traff spissen av sverdet, og halen fauk rett mot Bilbo, og traff han i magen. Han besvimte. -Ta den, litle hobbit, lo Smaug, mens han grein over at han hadde mista tuppen av halen sin. -Kom igjen dvergar, kommanderte Thorin. -Gjer deg klar, høyrte eg Gandalv viske til meg. Dei 13 dvergane storma mot Smaug. Dette gjorde Smaug ganske forvirra. Først såg han til høgre, så til venstre og så til høgre og til venstre, tankane gjekk heilt i baddel for Smaug. Til slutt høyrte han seg sjølv tenka høgt: Høgste, vengre, vøgste og hengre... -Aaah, brølte den forfjamsa dragen før han gjekk rett i golvet.

 

-Din tur Nuron, nå har du sjansen, sa Gandalv. Me stolar på deg, sa dvergane i kor. -Ja, sjå å flytt på liket då, menneske, brølte Thorin. Akkurat idet eg begynte å svinga sverdet rundet meg , vakna Bilbo. Sverdet svingte til høgre, dertetter til venstre. Eg tok sats og hoppa. Eg landa rett foran Smaug. -Du har sett dine siste “pikedagar,” sa eg før eg kjørte sverdet inn i hjarta til den store dragen. -It’s in the bone, it’s in the bone, høyrte eg Smaug jamra før han døydde stille ut. Akkurat idet hovudet traff golvet, og støvet fauk, høyrte eg applaus, jubel, det var deilig. Alle dvergane kom springane mot meg for å gratulera meg. I bakgrunnen av all gledes-rusen kunne eg sjå Thorin og Gandalv ta kvarandre i handa. Dei sa noko også. Det verka som om dei rosa kvarandre for innsatsen. Mens eg prøvde å komma meg ut av klynga med dvergar som sang og hadde det morosamt, såg eg Bilbo komma krypande fram. -Og kvar har du vært henn? spurte Fili. -Eg, eg skulle akkuart til å slå til, men eg såg at de hadde full kontroll. -Ikkje kom med den unnskyldninga her i garden, du har berre låge og purka og sovt, sa Bombur spydig. -La oss ta med skatten tilbake til Beorn, og dra tilbake til Hobbitun, sa Gandalv. -Glimrende idè, sa Bilbo som slett ikkje var innterisert i fleire eventyr.

 

Me talde opp det det var av gull, og reiste tilbake til Drangsnyken der Beorn budde. På vei heim var det berre sang og latter. Stakkars Bilbo hadde fått hovudpine av alt spetakkelet. Dei gjekk gjennom den dype Myrskogen til dei kom til skogporten. Då dei endeleg hadde kome tilbake til Drangsnyken der Beorn budde, merka dei at det var noko som ikkje stemte. Dei sat frå deg gullsekkane og gjekk inn hagen. Alt var forlatt. Blomane hadde visna, dyra var vekk og det samme gjaldt Beorn. -Dette blei litt for mykje for stakkars Bilbo. -Typisk, me gjer Beorn ei teneste og han stikk av. Han har vel lagt igjen ein lapp også tenkjer eg, sa Bilbo grettent. -Det er vist litt av eit geni me har med oss i dag, eller kva, sa Gandalv. Thorin sendte inn Fili for å skjekka det. -Du hadde rett “lommetyv,” sa Fili. Det var ein lapp på døra. Det står: Eg har reist på ein liten ferie med dyra. De finn meg i Hobbitun. -Da reiser me til Hobbitun, sa Thorin.

 

Reisen tok si tid. Dei reiste over Tåkefjellet, deretter til Kløvenland. Her lånte dei eit rom dei kunne kvile i. Neste dag reiste dei vidare. Etter lang tid kom dei til Hobbitun. Her traff dei Beorn. Dei gav han sin del av skatten. -Takk skal de ha, venar, om eg kan kala de det, sa Beorn. -Det er heilt greit, sa Gandalv. Deretter hadde dei ein lang fest hos Bilbo. Og er dei ikkje rusa på tobakk eller mjød, så lever dei vel ennå, i Drøymeland. Og snipp, snapp snute og så var eventyret ute!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish