Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Tjallen, Peppern og Nåla

Tjallen, Peppern og Nåla

Eventyr i "moderne" omgivelser.

Sjanger
Eventyr
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.11.2002
Tema
Eventyr


Det var ein gong ein gut som heitte Ole. Han budde i ei bygd i ein dal. Jentene i bygda tykte at han var ein staut, barsk og medvetsfull ung mann. Det var ikkje så mykje å gjere i bygda, så når helga kom drakk Ola og dei andre ungdommane seg fulle. Etterkvart tykte Ola at desse helgane vart meir og meir keisame. Ein kveld då han som vanleg var veldig full, gjekk han utafor huset for å røykje ein sigarett. Då kom det ein kar med eit underlegt utsjåande bort til han.

 

- Hei, sa guten.

- Kven er du? sa Ola.

- Eg er Tjall, eg er ein hasjklump.

- Jasså, kva vil du meg?

- Eg frys slik, gje meg ein pyjamas av tobakk og sovepose av rullepapir, og ein bustad i hovudet ditt, så skal eg løne deg godt.

- Korleis vil du løne meg?

- Med meg som ven, vil verda bli spanande, du vil aldri ha det keisamt og du vil forstå ting du aldri før har undra deg over.

 

Ola tykte tilbodet til Tjall verka godt og forlokkande og takka ja. Han tykte Tjall heldt lovnadene sine og meir til. Då han vakna neste morgon hadde Tjall dratt sin veg, men Ola var fast i vilja til å finne han igjen. Han ringde til nokre av kameratane sine som også hadde møtt Tjall, og saman gjekk dei ut for å finne han. Det gjorde dei også, og slik gjekk dagane i lang tid. For kvar gong dei møttest sakna Ola Tjall meir og meir dei stundene han ikkje var der. Men etterkvart tykte Ola at også desse dagane vart meir og meir keisame og han gjekk lei av Tjall. Han sette seg føre å dra til storbyen, der Tjall hadde ein fetter som heitte Pepper. Han drog inn til byen, og etter ei stund treffte han endeleg på Pepper. Han var høg og tynn.


 

- Hei, sa Pepper mens han hoppa opp og ned.

- Er det du som er Pepper?

- Kven spør, sa Pepper mens han kikka seg skremt rundt.

- Eg er Ola, eg kjenner fetteren din, Tjall.

- Eg er Pepper, eg er ei stripe amfetamin.

- Jasså, korleis kan eg hjelpe deg?

- Eg trur nokon følgjer etter meg, la meg få krype opp gjennom naseboret ditt og ta bustad i hovudet ditt i nokre dager, så skal eg løne deg godt.

- Korleis vil du løne meg?

- Med meg som ven, går det aldri sakte, du kan vere våken så lenge du vil, og du blir alltid klar for nye eventyr.

 

Ola tykte tilbodet til Pepper verka godt og forlokkande og takka ja. Han tykte Pepper heldt lovnadene sine og meir til. I fleire dager sprang han rundt og hadde meir moro enn han trudde var mogleg. For kvar gong dei møttest sakna Ola Pepper meir og meir i stundene han ikkje var der. I byrjinga var det lett for Ola og treffe Pepper, men etterkvart måtte han betale for å få treffe han. Sjølv om han sakna Pepper, tykte han ikkje at møtene var verd det. Difor fann han ut at han skulle helse på Nåla, ein kar han hadde høyrt mykje om. Da han fann Nåla vart Ola overraska. Dei som kjende han hadde sagt at han kunne være heilt fantastisk, og at dei ikkje kunne leve utan han. Men på Ola verka han både stakkarsleg og svakeleg.

 

- Hei, sa Nåla langsamt der han sto og svaia i vinden.

- Er det du som er Nåla?

- Eg er Nåla, eg er ein dose Heroin.

- Jasså, korleis kan eg hjelpe deg?

- Eg har ingen stad å bu, men eg tar stor plass. Om du vil hjelpe meg, stikk hol i huden og leid meg inn i blodårane dine, så eg kan ta bustad i både sjela di, kroppen din og hovudet ditt.

- Korleis vil du løne meg?

- Den fyrste gongen vil du aldri gløyme, den andre gongen vil du minnast den fyrste, og den tredje gongen er vi alt vorte umoglege å skilje frå kvarandre.

 

Ola forsto ikkje heilt kva Nåla meinte med dette, men han hadde ikkje fleire vener kvar og tykte at han ikkje hadde noko val. Han gjorde som Nåla sa, og visst heldt han det han hadde lova. Kvart sekund utan Nåla var ei pine, og alt han tenkte på var å gjere Nåla til lags. Snart hadde han ingen stad å bu, ingen pengar, og ingen vener. Den einaste han hadde var Nåla, og han var ingen god ven. Nåla kravde meir og meir av han, til Ola ein dag ikkje vakna opp. Men det var det ingen som merka, ikkje ein gong Nåla. Nåla hadde mange fleire vener han kunne bu hos, og er dei i live ennå, så varer nok ikkje det lenge heller.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil