Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Den flygande hollender" (F. Marryat)Skriv ut Utskrift
Bokmelding av boka "Den flygande hollender".
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:


"Den flygande hollender" av Frederick Marryat.

Utgitt i 1973 av Ingar Weyer Tveitan Forlagsaksjeselskap.

 

Den flygande hollender er ein mann som er dømt til å reise på dei 7 verdshav til domedag. Boka er på 191 sider & eg tykkjer det er god flyt i språket. Handlinga føregår på 1500- tallet og er for det meste lagt ute på havet. Det har seg slik at mora til hovudpersonen, Filip Vanderdecken, har båret på ein grufull løyndom heile sitt liv. Faren til Filip er sakna, men mora visste kor faren til Filip var. Faren til Filip var ”den flygande hollender” og mora til Filip forteljar det til Filip rett før ho døyr. Dette er heile grunnlaget for boka. Etter at mora til Filip døydde, gifter Filip seg med Amine. Filip reiste så på 4 farefulle ferder på de 7 verdshav før faren endelig fikk døy.

 

Temaet i denne boka er sagnet om ”den flygande hollender”. Sagnet om ”den flygande hollender” er slik at ”den flygande hollender” var ein mann som alltid ville ut på havet. Og ein gong når det var skikkeleg storm, ville han ikkje leggje til land. Alt mannskap ville, men ikkje han, plutseleg kom det ei skarpt lys og ein stemme sa: ” Herr Vanderdecken, de er dømt til å seile på de 7 verdshav til dommedag, de får aldri kvile, og de får aldri gå i hamn”.

 

Det var mykje dialog i boka, noko som gjorde boka kanskje litt keisam. Hovudpersonane er Schriffen, Amine & Filip Vanderdecken. Boka er fortalt i 3. person. Stemninga i boka er alltid litt småtrist, men det skjer alltid noko. Eg meinar at det er innleiinga og avslutninga som er det mest spennande, for det er det dei kjekkaste tinga skjer. Eg vil anbefale denne boka, fordi at du kan lære meir om sagnet om ”Den flygande hollender”.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish