Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Det spøkjer på OdingardenSkriv ut Utskrift
Novelle om eit venskap mellom ein zombie og ei unormal tenåringsjente.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Det starta ein gong eg rusla roleg ned bakken ved Odin-garden ein mørk oktoberkveld. Utan forvarsel kom det ein mann ridande på ein grå, kraftig hest ut av stallen. Det hadde aldri skjedd før. Eg gøymde meg bak steingjerdet ved vegen slik at mannen ikkje kunne sjå meg. Då mannen kom nærmare vegen såg eg det. Det store kuttet på halsen. Og det rann blod ned på skjorta. Eg ville skrike, men eg fekk ikkje fram ein lyd, så redd var eg. Han kom nærmare. Eg høyrde hjartet mitt banka i brystet på meg. Så kjende eg ein iskald bris. Eg fekk frysningar og gåsehud over heile meg.

 

Da telte eg, av ein eller annen merkelig grunn beina til den gråe hesten. Den hadde åtte bein. - Dette er utruleg, sa eg til meg sjølv, korleis kan ein hest ha åtte bein, ingen dyr noen sinne, unntatt edderkopp dyr, har åtte bein. - Det kan ikkje være, nei, den finnes berre i den norrøne mytologien, sa eg. - Kva er det du tenker på, Laila?, spurte mannen på hesten. - Kven er du, og kva heiter hesten?, spurte eg, og korleis vet du kva eg heiter? - Først av alt vil eg takke deg for at du snakkar til meg, for at alle de andre blir livredde når de ser meg, sa han, mitt namn er Odin. - Då må du være den døde gardseigaren, sa eg, men korleis kan den hesten ha åtte bein? - Du har vel høyrt om hesten til guden Odin, Sleipner?, spurte Odin. - Ja, sa eg, eg har høyrt om Sleipner. - Dette er Sleipner, svarte Odin, eg fekk han av guden Odin når eg døydde. - Men korleis døydde du?, spurte eg forsiktig. - Det skal eg fortelje deg, kom an, sa Odin.

 

Eg følgde lydig etter, for min moral er, hør alltid på eit spøkjelse. Vi gjekk ned til stallen. Odin red på Sleipner og eg gjekk ved sida av. Brått stansa Odin og Sleipner opp. Eg stoppa like etter. - Eg vil informere deg om at du kommer til å få eit skrekkelig syn når du kommer inn i stallen, sa Odin, eg har prøvd og rydde, men sidan eg er eit spøkjelse, så klarer eg det ikkje. Eg stod der berre taust. - Kom an, sa Odin, eg er ikkje farlig. Så gjekk vi inn i stallen. Det lukta ròte kjøtt. Den lukta var så sterk.

 

- Du må hjelpe meg, sa Odin, det ligger ein skatt under desse lika, men vær forsiktig, ein av dei er ein zombie. - Ein kva?, spurte eg forvirra når eg klarte og ta meg saman. - Ein zombie, ein vandaud, når du møter på ham må du gi ham dette, sa Odin og rakte fram ei flaske, det er salt oppløysande vatn, det gjer slik at zombien blir ein vanlig dødelig, Laila, nå må du leggje alle lika oppi desse likkistene som ligger langs veggen. - Men korleis ser skatten ut?, spurte eg forfjamsa. - Det finner du ut når du ser ham, raske på, i morgon tidleg vaknar zombien igjen og då passer han på skatten, sa Odin, han såg litt redd ut no. - Ja, eg kommer til og prøve, men det vil ikkje bli lett, sa eg med skjelven stemme. - Ja, prøv så godt du kan, lov meg det, så får du og familien din store rikdommar, sa Odin, Sleipner er her og passer på deg, greitt, eg på gå no. Og så forsvann han i mørket. Eg såg på haugen med lik. Plutselig var det noko som bevega seg i lik haugen. Zombien reiste seg opp. Eg ble redd.

 

- Ikkje vær redd, sa zombien, mitt namn er Jonathan Dracul. - Eg har noko til deg, kviskret eg, drikk dette. Eg rakte fram flaska med saltoppløysinga. - Kva er det?, spurte Jonathan Dracul. - Det er vatn med saltoppløysing. Du vil bli eit menneske igjen, sa eg. - Eg vil bli eit menneske igjen, sa Jonathan.  - Men du må love meg ein ting, sa eg, du må hjelpe meg med å fjerne lika, de skal være i likkistene før daggry. - Ja, eg hjelper deg, sa Jonathan, gi meg flaska. Eg rakte fram flaska. - Bare drikk, sa eg med eit lite smil. Eg var glad, no slapp eg å leggje lika i kistene sjølve. - Nå, sa Jonathan, kan du opne kistene? - Ja, svara eg, og då eg opna ei av kistene, skar eg meg på noko. Eg blødde på den høgre handa. Og då eg såg oppi kista, såg eg at den var full av glassplintar og pålar. Og så kom eg på noko. Vlad Tepez frå Valakia elska og spidde sine fiendar på pålar. –Om du har fått det same etternamnet som ein fyrste i Valakia hadde som kallenamn som levde på 1300 tallet?, spurte eg. –Ja, svara Jonathan, Dracul er rumersk og betyr draga eller djevelen, akkurat som fyrsten Vlad Dracula og vampyren grev Dracula. –Kan vi kome vekk frå den saka no og leggje alle lika i kistene slik at vi kan få tak i skatten som liggjar under haugen av lik?, spurte eg forsiktig. Ja, svara Jonathan og sukka. Det virket som at han ikkje heilt ville dette.

 

- Jonathan, spøkjelset Odin gav meg beskjed om å gjøre dette, eg lystrar eit spøkjelse, sa eg etter ei stund vi hadde lagt lika i kistene. Det var berre få lik igjen no. - Greitt, så må eg gi slepp på familieskatten min då, sa Jonathan. - Kva?, spurte eg. - Den skatten som Odin snakka om er familieskatten min, sa Jonathan dystert. – Eg har eit forslag, kvis du får halvparten og eg får halvparten, ville ikkje det vore rettferdig?, spurte eg forsiktig. Jonathan såg på meg med de innsokne auga. – Greitt, avtale, sa han. Eg smilte. Og så la vi resten av likene i kistene og når vi var ferdige, var det morgon. Eg følte meg utmatta der eg sto og såg på alle kistene som likene låg i. Det var ein tilfredstillande føling, det er ein slik som du får ein yttarst sjeldan gong og eg likte det.

 

Der eg sto og lente med mot båsen til Sleipner og høyrde han og Jonathan puste og å få de første solstrålane i andletet var fantastisk. Men så blei stillheita brote av ein stemme: - Eg ser at dykk har gjort jobben. Det var Odin som kom. Han såg annleis ut no. No var ikkje blodet eller kuttet i halsen der lenger. Han sto i døropninga og hadde på seg eit heilt antrekk som såg ut som det kom frå Barokk- tida. Du veit kanskje korleis skjortene ser ut og vesten og buksa var av svart silkestoff og skorne var kne lange, brune cowboystøvlar og håret var ikkje så ruskete som før. Det var då eg såg at han hadde nokre fantastisk grøne auge. Like grøne som safirar. Han smilte. – Sleipner fortalte meg at dykk to, Laila og Jonathan, hadde gjort ein avtale, stemmer det?, sa han spørjande.

 

Eg såg bort på Jonathan som satt på ein av høyballane og pesa og sveitta. –Ja, sa eg, det stemmer. – Og kva gjekk den avtalen ut på?, sa Odin med ein aning av sintleik i seg. Då reagerte Jonathan. – Avtalen gjekk ut på at Laila og eg skulle dele halvparten av skatten, sidan det eigentlig er familieskatten min, sa Jonathan med iver i seg. Eg smilte til ham, men eg lot ikkje Odin få sjå det. –Stemmer det?, spurte Odin meg. – Ja, sa eg med litt skjelven, men bestemt stemme. – Då er det greitt, sa Odin med eit vennleg smil og befalte oss ut. – Kommer Jonathan og eg til å få skatten?, spurte eg når vi kom ut. – Ja, svarte Odin, det gjer dykk. Det er morgon no. Eg såg på klokka. – Søren, eg skulle vært på skulen no, ropte eg. –Det gjer ikkje noe, sa Odin. –Skulen kommer sikkert ikkje til å etterlyse deg, sa Jonathan. Eg sukka. – Din andel av skatten er allereie kommet heim til ditt hus, sa Odin med ein roleg stemme. –Kva?, spurte eg. –Det stemmer, sa Odin, du trenger ikkje å bekymre deg. – Men kva med min andel, sa Jonathan, eg bur ikkje her, eg veit ikkje ein gong kvar eg bur og eg har ikkje noko arbeid. – Jonathan, sa Odin, du skal få bu og jobbe hos meg, sa Odin med eit glimt i det høgre auget.

 

Båe Jonathan og eg jubla. – Gratulerer Jonathan, sa eg og smilte til ham. –Laila, eg vil informere meg om at du er alltid velkomen til denne garden til evig tid og som takk i tillegg til din andel av skatten, så har eg og sendt ein del av dei finaste klede min kone og mor hadde når dei levde, sa Odin. Han smilte frå øyre til øyre no. – Eg veit ikkje korleis eg skal takke deg, Odin, sa eg og fekk nesten tårer i augo. – Det treng ikkje å takke meg, sa Odin og la den eine armen på den venstre skuldra mi. Den føltes som om den var eit levande menneskje sin arm no. –Eg har fått tilbake den menneskjelege skikkinga mi no, takket være dykk to, sa Odin. Eg snudde meg mot dei, klemma dei begge, sa farvel, lovet at eg skulle kome og besøkje dei og gjekk heim over. Eg grubla over kva som skjedde med meg det døgnet. Den var på ein måte litt grufull, men det var eit spennande døgn. Då eg snudde meg, sto dei der og vinka og eg vinka tilbake til dei og smilte. –Lev livet når dykk kan!, ropte eg til dei. –Ja, det skal vi gjøre!, ropte Jonathan. Eg snudde meg igjen og rusla heim.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish