Kjøpepress

"Der ikke dermed sagt at de voksne alltid har rett forklaring på alt, spesielt ikke kjøpepress..."
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2003.04.03
Tema
Mote

Hei De i redaksjonen, nå har eg sendt inn detta lesarinnlegget fleire gongar for å få det trykka opp i avisa, men De har jo ikkje gjort det ein einaste gong. Og eg vit nok kvifor, vaksne er ikkje så interesserte i kva vi ungdom meiner om kjøpepress, og trur at det berre er De som har rett. Men da tar De nok feil.

 

De vaksne meiner at vi ungdom utsett våre medelevar og vennar for kjøpepress, og at vi er dårlige forbilde for barna under oss, men det er jo De som startar det heile. Alle dei som produserer reklame for ungdomsklær tenkjer berre på å få selde dei til oss for høyast mogleg pris. Dei tenkjer ikkje noko på kvar vi skal få tak i pengar frå.

 

Men det er ikkje det som er verst. Dei fleste ungdom hadde klart seg heilt fint utan merkeklær viss ikkje dei som reklamerer for produkta hadde sagt/skrevet i reklamefilmen/bladet at ”alle har det”, ”du klarar deg ikkje utan” eller ”du er bare nøydt til å kjøpe”. Alle ungdom vil jo sjølvsagt vere ein i gjengen, og når dei vaksne som liksom skal vere så overbevisande seier at ”alle har det”, får jo ungdommane eit press på seg, og dette er det nokre av dom som ikkje taklar.

 

Eg skriv ikkje dette her fordi eg opplev kjøpepresset sjølv, men fordi eg veit om mange andre som ikkje taklar det like godt som meg. Ein dag høyrde eg om ein familie, ei mor og tre barn. Mora hadde berre 6000 kronar å brødfø heile familien med på ein heil månad.

 

Barna klarde seg heilt fint på barneskola, men da dei starta på ungdomsskola fikk dei det tøft. For det er på ungdomsskola alle barn begynner å handle merkeklær. Vennane til barna godtok sjølvsagt at barna ikkje brukte merkeklær, men barna sjølv følte seg utanfor, og det var ikkje pga. at vennane hadde pressa dei til noko, men fordi barna følte seg sjølv pressa av all reklamen.

Så her ser De, alle De vaksne som trur berre ungdommane skaper eit kjøpepress. Sjølvsagt skjer det også, men det er alltid nokre vaksne som startar det heile!

 

Hilsen ein ungdom som er lei av vaksne som trur dei har forklaringa på alt.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst