Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Endeleg FriSkriv ut Utskrift
Handlar om ein jøde som hamnar i ein konsentrsjonsleir.
Nynorsk - EssayForfatter:



”Kamst do auf gestehen!” Det var ein av dei tyske vaktande som skreik.

Det var ein ny dag, ein ny dag i helvete. På dette djevelske stedet.

Eg hadde ikkje fortent dette berre fordi eg var jøde. Det var urettferdig! ”Schnell bitte” skreik vakta igjen. Han glefsa nesten etter meg.

 

Det hadde han gjort det siste halve året. Det var eit slit å arbeide der.

Og barna mine, mine to små barn og min kjære Karen. Eg hadde ikkje sett dei sida dei skulle dusje for ca eit halvt år sida. Enten var dei flytt til eit anna sted, eller så, eller så var dei døde. Mange sa at dei som gjekk i dusjane berre forsvann, men eg visste ikkje heilt kva eg skulle tro.

Eg måtte prøve å holde ut, prøve å overleve. Eg måtte finne ut kva som hadde skjedd med familien min. Vi ble piska ut av brakka, og ut på plassen. Det var kaldt. Snø var det også, og vi hadde ikkje meir klør enn ein tilsvarande pyjamas. Leiren var stor og kald. Den verka så uendeleg stor og ufatteleg kald. Vi ble stilt på ei rekke midt ute på den store plassen. Det skulle velgas ut to fangar til eit spesielt arbeid.

Meir sa dei ikkje. Disse vondskapsfulle vaktande. Ein av vaktande spurte etter frivillige, men ingen tro frem eller sa noko. Vakta gjekk att og frem.

Han passerte meg to gonger. Plutseleg stoppa han ved meg.

Han stirar meg hardt inni i augo og skreik høgt på tysk; ”du skal melde deg ved den brakka der oppe augeblikk, og ta med deg sidekameraten din!” Så pekte han opp mot den brakka, den brakka som vi alle frykta.

 

Vi ble hengande litt med hovudet, for alle visste kva som forgikk der.

Vi gjekk opp dit. Kjente osen av dødt menneske komme imot oss.

Det var uhyggeleg. Ingen av oss sa noko, verken eg eller ”arbeidskollegaen” min. Vi kom inn i brakka. Der stod det tre vaktar og venta på oss. Dei opna døra inn til eit anna rom. Der var dusjane. Plutseleg gjekk det kaldt nedover ryggen på meg. Synet som møtte meg var heilt forferdeleg. Der i dusjane låg det døde menneskjer.

Sikkert 40-50 stykkar. ”Arbeiten!” skreik vakta. Vi så på kvarandre, før vi begynte å løfte likene inn i krematoriet. Deretter inn i omnane. Når vi løfta på ei jente, snudde eg meg og spydde. Eg spydde som ein gris, men eg klarte å ta meg saman. Eg tok tak i jenta og løfta ho inn i omnen.

Håret hennar var allereie klippet av. Eg forstod ikkje meininga, meininga med å ta nokre liv berre fordi dei var annleis.  Etter ein times tid var vi ferdige. Vi var på veg ut, men ein av vaktene drog oss med inn igjen.

 

Vi skulle tømme asken. Ein annan vakt kom kjørande inn med ei trillebord. Eg bøygde meg ned for å ta ut asken, så plutseleg fikke eg auge på nokke. Nokke som likna på ein ring. Den same ringen som forlovingsringen til hennar Karen. Forsiktig så eg inni den.

Der stod namnet mitt. Det her var ho Karen si ring. Kva gjorde den her? Hun kunne ikkje være….. Da plutseleg kom vakta og snappa ringen ut av hendene på meg. ”Arbeiten!” skreik han inni øret mitt så det peip.

 

Eg begynte å skuffe asken. Eg håpte på at det ikkje var slik. Eg og Karen hadde jo tenkt til å gifte oss. Det kunne ikkje vere sant. Men kva med ungane mine? Var dei også døde? Eg mista alle krefter. Dei få kreftane som var igjen. Eg sankt saman på golvet i krematoriet. Utan krefter til å gjøre dette drett arbeidet. Men ”kollegaen” min hjelp meg opp på beina igjen. Han skuffa resten av asken for meg. Vi ble ferdige med det, da det kom nye folk inn i dusjane. Det gjekk ei stund, så kunne vi høyre dei skrike. Ein skjerande lyd som eg aldri ville glømme. Vi hadde denne jobben i nokre ukar før eg ikkje orka meir. Det gjorde ikkje ”arbeidskollegaen” min heller.

 

Så vi fekk smugla inn noen dynamittkubbar. For vi måtte få ein slutt på dette. Denne masseutryddinga. Eg kunne ikkje leve med fleire tusen menneskjer på samvittigheita. Og utan Karen og barna hadde eg ikkje så mykje å leve for.  Det var morgon da vi gjekk opp mot gasskammeret og krematoriet med dynamittkubbar festet til kroppen. For dette hadde vi bestemt oss for, dette skulle vi gjennomføre. Vi kom inn i gasskammeret for å lempe ut alle lika. Dei Tyske vaktene gjekk ut. Det gjorde dei alltid. Dei klarte liksom ikkje å sjå dei alle dei døde som låg i gasskammeret. Se kva dei eigentleg held på med. Vi la fire dynamittkubbar i gasskammeret. Eg tok med meg fire kubbar inn i krematoriet. Vi skulle tenne dei etter 30 sekundar, så var det berre å vente, vente på døden. Var det nå eg endeleg skulle bli fri? Endeleg fri frå dette marerittet. ”Arbeiten macht frei”, som på norsk er Arbeid For Fridom, hadde eg ikkje tidligare forstått. Men nå, nå forstod eg det. Vi skulle eigentleg bare arbeide for å dø. Døden skulle fri oss frå helvete, frå Tyskarane og  frå Auschwitz.

 




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish