Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Den tyske rakettenSkriv ut Utskrift

Raketten og bussen med den siste delen. Fortelling om Norge og 2. verdenskrig.

Karakter: 6

Nynorsk - FortellingForfatter:



Bussen durer roleg av stad. Det er ei mørk, kald og roleg natt, desember 1942.

Snør gjer det også. Jon sitt på bussen, sliten etter alt arbeidet med innhenginga til Ola som bur lenger oppi bygda; Austvoll. Klokka er 20:43. Bussen stoppar, og den siste passasjeren går av, utanom Jon. Jon sitt nokså langt bak, og plutseleg glir han nedover setet, usynleg for buss sjåføren, og sovnar.

 

Ein stor, kraftig mann med svart skjegg kjem på bussen.

Han lener seg mot den snødekte frontruta og byrjar å snakke med buss sjåføren.

Dei snakkar livleg i veg på tysk, og etter ei stund ser dei begge to bak seg.

Ingen passasjerar i bussen, trur dei. Mannen snur seg, og gir ein svart, liten pose til buss sjåføren. Sjåføren kikkar oppi, og ansiktsutrykket kunne minna om ein som nettopp har vunne fem millionar i lotto. Han lukkar posen raskt igjen, og stappar han i ei lita side-lomme på jakka si. Sjåføren snur seg og ropar alvorleg ”auf Wiedersehen!” til mannen, ettersom han går ut av bussen og forsvinn bak nokre snødekte grantre. Så startar bussen igjen, og kjører oppover vegen som går til Ytre-Snøfjell.

 

Bussen kjører raskare, oppover og vips! i ein liten hump i vegen.

Då vaknar Jon. 28 årige Jon heiser seg litt opp i det brune setet, og kikkar ut.

Det einaste han ser, er snø som dalar ned, og to svake lys litt lengre oppe i fjellheimen. Han held seg skjult bak setet, for å finne ut kvifor bussen ikkje følgjer ruta si. Brått stoppar bussen.

 

Jon ser skjult ut glaset, og ser to menn i tyske uniformar, og ei lita metall grind.

Den eine tyskaren kommer ombord i bussen, og snakkar fast og bestemt til sjåføren. Sjåføren åpnar side-lomma på jakka si, og tar opp den svarte posen, og

visar posen til tyskaren. Han ser oppi, og gir signal til den andre tyskaren om å åpne grinda. Grinda åpnar seg med ein rusten og skrikande lyd, og bussen startar

å kjøre igjen, denne gong på bein veg, rett fram.

 

Tankane svirrar fortare og fortare oppi hovudet til Jon, og han prøver å se for seg kva som foregår. Etter ei lita stund, saknar bussen farten, og Jon ser ut glaset. Jon blir heilt forbløffa. Dette han no er vitne til, skulle nok gjerne myndigheitene i Norge og Storbritannia likt å visst om.

Ein stor, ca 8 meter høg og 60 meter brei port inn i fjellet, og lenger bak skimtar

han ein høg, liknande silo bygning, som stikk ut av fjellet. På porten er det malt eit stort, kraftig Nazi-merke.

Ei mindre dør i porten/veggen åpnar seg, og bussen køyrer inn.

 

Der stoppar bussen. Buss sjåføren åpnar dørene, og blir vel møtt av tre store sterke tyske generaler, og eit dusin av tyske soldatar, som står inne i ein stor og kjedeleg gråmalt lager hall, full av kassar og nokre truckar.

Sjåføren åpnar sidelomma si, og tar stolt ut den svarte posen, og gir han til ein av generalane som henrykt av begeistring åpnar posen og tar ut:

Ei håndfull med glitrande steinar, liknande diamantar!

Jon tenkjer seg om, og lurer på om dette bare dreier seg om nokre dumme smuglar diamantar. Dei snur seg og går, med soldatane hakk i’hæl, og den eine generalen snur seg og ropar ut noko. Jon konsentrerer seg for å prøve å høyre kva han seier, men beskjeden var klar, ettersom eit skot blir avfyrt av ein soldat, og buss sjåføren sig sakte i saman med eit vantro blikk, og døyr.

 

Soldatane og generalane går opp ei trapp, og forsvinn. Ein soldat står igjen, med ryggen til bussen. Ein svak liten tulling som skulle vært i eit pensjonat for overnervøse tullingar. Eit lite utstikkande rom ligg rett ved sida av bussen, og Jon snik seg lenger fram inne i bussen. Lydlaust går han ut, og forsvinn inn i rommet like lydlaust. Ein alarm, ein telefon og ein pult med nokre ark slengt utover ligg sentralt i det knøtt-lite rommet.

 

Jon går fram, lener seg over pulten og tar opp det eine arket. Flaks for Jon at han kan tysk, for på arket står det nemleg: ”Raketten har bestått alle prøvar og prosedyrer, og vi ventar berre på dei siste delene. Ein buss skal komme med ein pose og dei siste delene, gøymt godt under bussen. Posen som inneholder dei spesielt viktige x26-diamantane, skal monterast frampå stridshovudet til raketten. Desse sørgar for ei massiv og kraftig øydeleggjande atom bølgje som er i stand til å utrydda eit område på fleire mil. Går alt etter planen skal raketten skytast ut kl 22:00 norsk tid, i retning London.”

Jon ser raskt på klokka, og ho er 21:03. Jon besvimer nesten, med tanke på kva dette monstrumet kan utløysa. Alt liggjer så og seie i hendene på Jon, og han veit knapt kva han kan gjera. Han tenkjer seg raskt om, og tar tak i telefonen.

”Biip! Denne telefon er frakoblet.” er det einaste han høyrer.

 

Han kikkar desperat i skuffene, for å se om det ligg noko som kan vere til god hjelp. Jon finn ein pistol, og ein sandwich med skinke med masse godsaker på.

Pistolen er ladd. Jon ser rett fram. Han bestem seg for å hindre denne raketten å komme seg nokon vei, og jafsar i seg sandwichen.

 

Han åpnar sakte døra, og kikkar undrande ut. Soldaten står der framleis, med ryggen til. Jon listar seg framover, lydløyst som ei mus. Støvet forsvinn under dei snøete støvlane hans, og kjapt og like farlegt som ein hauk tar han tak rundt nakken på soldaten, og vrir til. Eit svakt, lite knekk høyres gjennom lager hallen.

Jon tar opp maskingeværet til soldaten, og tenker ei lita stund.

Brått høyrer han stemmer, som kjem nærmare og nærmare.

Raskt, slenger han seg under bussen. Rett oppeforbi hovudet hans ligg eit metall blad bunden fast, truleg eit av dei små vengene til raketten. Heilt nødvendig for at raketten skal treffa målet sitt. Stemmene er nokså nærme no. Truleg rett ved sida av Jon. Han skimtar to menn i kvite professor frakkar, som står ved eit slags kontrollpanel. Noko startar, og ei kran kjem ned, og grip tak i taket på bussen, og løftar bussen opp i frå bakken. Ser professorane Jon, vil dei springe og setje på alarmen.

 

Bussen blir løfta, høgare og høgare. Professorane bablar i veg, og fryktar ingen fare, og trur alt går som det skal. Der trudde dei feil. For Jon har hengt seg fast på tauet som held metall venga fast, og farer roleg og oppover av stad med bussen.

 

Krana heiser bussen og Jon opp gjennom ei lita luke, og litt lenger bort, og slepp dei tilslutt ned på eit stort, lignande samlebånd. Jon hoppar akkurat av og ned på golvet, før bussen treff samlebåndet. Bussen fèr vidare bortover, og dett ned i ei luke, og ned på eit golv. Masse soldatar strøymer til, og snur ved hjelp av ei kran; bussen. Dei skjer laus tauet, og tar med seg venga, inn i siloen.

 

Jon spring roleg bortover, før han kjem til ei trapp, som går ned til den litt mindre hallen der bussen landa. Plutseleg ropar ein soldat ut: ”Halt, du hast nicht…” er det siste han får sagt, og Jon ladar geværet sitt på nytt etter å ha fyrt av tre sikre skot mot soldaten, som no ligg livlaus på golvet.

Jon spring bort, og drar han bak nokre kassar. Lenger framme stikk ei mindre dør ut, som er døra til siloen kor raketten står.

Jon ser rundt seg, og spring vidare innover hallen, på det skitne betong golvet.

 

Eit glas med svarte og gule ”adgangs” striper rundt er på døra, og Jon lener seg til glaset for å sjå inn. Siloen er stor, omtrent 50 meter høg med tre plattformar opp langs veggen, og nederst står to karar i radioaktive sikre draktar og sveiser på den siste delen. Jon tør ikkje åpne døra, i frykt for at lufta der inne er radioaktiv.

Jon blir arg, for no har han ingen idè om korleis han skal stoppa raketten.

Plutseleg kjem dei to professorane att, nedlangs trappa.

Jon kastar seg raskt bak nokre kassar, og følger anspent med på kva dei gjer.

 

Dei går bort til døra, kikkar inn, og går litt til sida. Den eine åpnar eit skjult panel i veggen, og ein knapp kjem til syne. Han trykkar knappen inn, og ein stige kjem ned ifrå taket. Dei klatrar opp, og forsvinn.

Jon kjem fram igjen, og kikkar opp der dei forvann. Det einaste han ser, er eit rødt lys som heng i taket, og truleg ein slags liten gang under taket som ledar til det Jon håpar kan vere løysninga. Han forsikrar seg om at ingen andre er i nærheita, og skyv ut panelet, og skal til å trykke på knappen.

 

Han høyrer ei stemme i ein høyttaler oppi taket. Han klarar ikkje å forstå kva dei seier, bare orda ”personel, entfernen” som tyder å flytte seg.

Brått hører han ein utroleg kraftig og buldrande lyd, og heile hallen ristar.

Han hiv seg ned på golvet medan han held seg godt for øyrene, og ser inn glas ruta i døra, og ser kun flammar, og raketten som forvinn ut av siloen.

 

Jon får nesten heilt panikk, og ser på klokka. 22:00 visar ho.

Raketten er på veg til London! Jon trykkar på knappen, og stigen kjem ned.

Han klatrar febrilsk opp, og ser ut eit takvindu. Han ser ein lang raud rakett som forsvinn med nokre flammar bak seg, opp i skyene. Han ser seg rundt.

10 meter framanfor ser han ei dør. ”Kommandoraum” står det på ho.

Kontroll rommet! Jon tenker at alle rakettar har ein sjøl øydeleggings knapp, i tilfelle feil. Han spring mot døra, rive ho opp, men plutseleg dett han i bakken.

 

Ein av professorane hadde oppdaga han, og skaut han i høyre skulder.

Professoren snur seg, og trur faktisk at Jon er død. Men Jon løftar lidande handa si, og fyrar av eit skot med pistolen, rett i bakhovudet på professoren.

Professoren dett raskt i bakken, og Jon reisar seg sakte opp, mens han støttar seg inntil veggen. Han tar nokre steg framover, og hiv seg over det store kontroll panelet. Han ser på panelet, og ser på ein skjerm som visar rakettens status.

2 minutt igjen til raketten treffer London. Jon ser utover panelet, og finn ein raud knapp. Han lener seg lenger fram og trykkar på den.

 

Skjermen begynner å lage små pipelydar, og visar at all kommuniksjon med raketten er brutt. Så kjem den fram med ei melding om at raketten har øydelagd seg sjølv i 20 kilometers høgde, til ingen fare for nokon, sidan det var rett over nordsjøen.

 

Jon reiser seg att, og åpnar eit kvitt medisinskap som heng på veggen, og finn nokon smertestillande tabletter med augeblikkelig verkning.

Han tar litt bandasje rundt skuldra, og føler seg mykje bedre.

Han spring ut, ned stigen og mot trappa. Han ser bak seg. Soldatane og generalane spring oppover stigen i frykt for kva som har skjedd med raketten.

Jon kjem seg ubemerka ut av bygget, og kjem ut i frisk luft att.

 

Det har slutta og snø. Han ser seg rundt, og ser ein parkerings plass like ved.

Han traskar gjennom snøen, og bort til ein av bilane. Døra er åpen, og nøkkelen til tenninga står i! Han sett seg inn i bilen, startar han, og køyrer avgarde.

Mens han køyrer, tenker han på kva for ein heltedåd han akkurat har gjort.

Plutseleg høyrer han ein lyd. Eit fly! Han åpnar døra og kikker ut.

 

Eit stort britisk bombefly dreg forbi. Ikkje berre eit, men fleire.

Dei slepp bomber over basen til tyskarane! Litt seint, syns Jon som følar seg verkeleg god for augeblinken. Hadde det ikkje vore for han, så hadde ikkje London lenger vore London, berre eit aude radioaktivt område.

 

Tyskarane klarte som dei første å utvikle ei atombombe, men det vil verken Storbritannia eller Norge fortelja til nokon. Jon blei ikkje gløymt, men fekk den høgste medaljen som man kan få, både ifrå Noreg og Storbritannia, ilag med ei streng anmodning om å ikkje fortelje det som han såg,opplevde og gjorde slutt på til nokon som helst. Og alt var tilbake som det gamle i den lille bygda Austvoll igjen.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish