Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Byfolk på landetSkriv ut Utskrift

Et slags kåseri om Byfolk på landet.

Karakter: 5 (Grunnkurs)

Nynorsk - FortellingForfatter:



Møt Roger, som bur på Fjelltun i Ålesund. Han er 20 år gammal, har alltid budd der, og har ikkje så heidundrandes mykje erfaring frå livet på landet, akkurat. I fjor sommar fekk han ei gledeleg nyheit: Han skulle besøke fetteren sin i Liabygda! Roger sutra og bar seg, trygla og jamra, men foreldra var urokkelege: På bygda skulle han, for å lære slekta si å kjenne. Det blei nok veker Roger seint vil gløyme. Her får du eit utdrag frå dagboka han skreiv under opphaldet:

 

Dag 1:

Jaha, no har det skjedd, kjære Dagbok: Etter ein lang, hard kamp mot diktaturet måtte eg bøye meg i støvet (eller i grusvegen, bør eg vel seie…)Eg måtte forlate dei trygge omgivnadene mine og reise til bygda. Det at eg fekk køyre Merzedes´en til pappa var ein mager trøyst, men eg er likevel takksam; Bussane her ute går maks to gongar i døgnet, og eg kunne risikere å måtte sitje saman med ein av dei innfødde! Slik nærkontakt er eg så absolutt ikkje klar for, eg  anar ikkje korleis ein skal te seg i slikt nærvær.

 

Før eg reiste, var eg innom tanken at kanskje ikkje Liabygda var så aude som ho høyrdes ut. Skjulte det seg ein heilt vanleg, sivilisert stad bak namnet?? .Da eg såg ut vindauget på bilen slo eg raskt frå meg den tanken. Det blei nemlig større og større avstand mellom bustadområda, og landskapet blei gradvis dominert av gardar, marker og åkrar.

Da eg omsider passerte eit grønt stabbur ved sida av eit bygg som innehaldt barnehage, barneskule og ungdomsskule, som opplyst i vegforklaringa, skjønte eg  at eg var framme.

 

Eg gjekk inn i huset der fetteren min bur, og banka på døra. Det neste eg kjente var ei tung duft av parfyme for godt vaksne kvinner og ei voldsam omfamning; Tante Åse.. ” Nei e`kkje de´ `na Rågær så kjøme!! Steikje mej ti, så du he våkst! Ej kjenne dej næsten ikkje att, gut!”

Resten av familien kom strøymande til med liknande utsegn. Eg blei vist opp til eit enormt rom med ei seng med slik storleik at eg mistenkjer ho for å vere berekna for kyr med kolikk.  Men menneskeleg eller ikkje: Sove får eg nok, særleg etter desse utmattande kultursjokka. God natt!

 

Dag 2:

I natt hadde eg ein nifs draum: Nokre gedigne monster kom dundrande etter meg med maskingevær, og ropte: ”Råågæær! No må du komme! De e frukost! Ækte søst, prim og gardsægg stænde på bordet og venta på dej!”  Eg vakna med eit rykk, og innsåg at monsterlydane var kyr, maskingeværa var gjødslemaskina utafor, og gaulinga var tante Åse. Eg kom meg ned til kjøkkenet og fekk vite planen for kvelden: Eg skulle vere med og køyre ein tur saman med Nils og kameratane hans. Det var på denne turen at eg fekk gjennomgå kva som meinast med råning!

 

Eg, Nils og eit utval merkelege vesen køyrde rundt i Nils sin Volvo 240 Turbo injection. Bak følgde Audi Rs4, Ford Sierra og ein Opel Ascona. Desse var alle ”lakkert” på eiga hand, ved hjelp av eit spann Lady 15 og ein målarkost. Andre ting som tydelegvis blir sett på som obligatorisk er breie lavprofildekk, trimma motor (for mest muleg lyd), felgar av aluminium som gjerne kostar meir enn sjølve bilen  og, kanskje aller viktigast: Sota vindauge!

 

Musikken skifta mellom nyaste Absolute Music og Jabbadabbadance, og diverse norske slagarar med Ole Ivars, Torgeir & Kjendisane, Helbillies og Vinskvetten. Desse musikalske meisterverka blei avspelt frå tre 15-tommers basselement installert i hattehylla, og dundra på full styrke så karosseriet, terningane og dei ti måla med wunderbaum rista.

Slik cruisa vi rundt og rundt i 15 km/t på Liabygdas grusvegar, og eg tenkte: Dette er sjarm!

 

Under denne seansen følte eg plutseleg valdsam skralling og skjelving. Livet mitt passerte i revy, og eg tenkte: Dette er slutten: det er jordskjelv, bakken  revjer under oss! Så høyrde eg, midt i all panikken og Ole Ivars med ”Nei, så tjukk du har blitt!…” : ”HÅRREHEITE! Såg dokke!? 120 over ferista! Ny pers!” Eg kan ikkje beskrive kva eg følte da med noko anna enn: Off…..

 

Dag 6:

I dag var det laurdag, og det tyder sjølvsagt fest, til og med her på bygda. Dermed drog eg og Nils til Ole-Per, eigaren av Forden. Der sat heile gjengen nede på rommet hans og røla om bilane sine, alle 14-åringane dei hadde sjans på ,og all spriten dei klarte å helle i seg. Sprit skulle det ikkje sparast på, nei! Alle saman hadde kvar si 1 ½ -liters colaflaske med HB som minte meir om spylarvæske enn om ein drikkevare. Dei var høflege nok til å tilby meg ein ”drink”, og eg svara smilande:  ”Nei, ikkje i dag.” Inni meg lurte eg på om dei verkeleg trudde at eg ville la meg forgifte heilt frivillig.

 

Litt seinare høyrde eg skritt, og tenkte: ”No kjem vel faren i huset, oppdagar kva dei driv med, og set ein stoppar for det heile.” Inn døra kom både far, farfar, onklar og tantar. Men til mi store forbausing sette dei seg saman med oss, flira og dunka yngsteguten på ryggen, og lurte på om han kunne avsjå ein dram eller to! Eg sat der, midt opp i slektningar og rånarar og høyrde på den framifrå norske musikken da ein onkel kom bort og ruska i håret mitt! Eg prøvde å overvinne den stigande panikken, og tvang meg sjølv til å ikkje begynne å protestere. Eg veit jo ikkje kva som får ein bygdeonkel sint. Til slutt fekk eg vere i fred, men da hadde skaden allereie skjedd. Fleire hårstrå låg i motsatt retning av der eg hadde dandert dei!. Når eg følte at eg hadde venta lenge nok til at ingen skulle fatte mistanke, sneik eg meg inn på badet, såg meg i spegelen i sorg, og oppretta feilen.

 

Eg kunne ikkje unngå å få auge på noko som stod og kneisa på badehylla: Ei Axe – flaske, samt ei boks med brylkrem! Går det an å lide meir av mangel på stil?? Eg sukka og lengta heim til Jean Paul, La Coste og den uunnverlige Kerastasê proffesional hair styling Creataux Fibre Cream. Med bekymring la eg også merke til kor mykje håret mitt har vekst i det siste (eg trur det skyldes Åses proteinrike kost). Ikkje tør eg klippe meg før eg kjem heim heller. Eg tvilar ikkje eit sekund på  at den lokale frisøren består av husbonden på nabogarden og hans Ribtec Cutmaster2000® ,bygdas beste klippemaskin. Den fresar vel over både buskapen og familien på maks ein halvtime.

 

Dag 12:

Ein av gårsdagens gjeremål var å gå og handle hos Hansens Daglegvarer. Denne lokale sjappa er bygdas sentrum og einaste butikk. Men her får du til gjengjeld meir enn bare daglegvarer: Den er nemleg også postkontor, bank, aviskiosk, videoutleige, kafé og parfymeri. Eg tok ein titt på lokalavisa i aviskiosk – delen og leste følgjande overskrifter: ”Kalvefødsel me´ `na Paul fekk fatale følgjer” og ”Vasslekkasje på samfunnshuset førte til kansellering av basaren til mannskoret”. ”Det er utruleg, alle dei viktige nyheitene du kan gå glipp av dersom du ikkje les lokalavisa,” tenkte eg…

 

Dag 14:

Tenk, i dag skal eg heim! Det er nesten ikkje til å tru!

Farvel til rånarar, gjødsel – lukt, høy i håret (!!), Felleskjøpet – logoar og Lano som einaste alternativ til hudrens.

Det blir eit gledeleg gjensyn med 3T-senteret, solarium, BMW, asfalt og fortau!
Eg håpar at mamma og pappa føler at eg har knytt nok band til desse menneska for minst 10 år framover. Men mot alle odds, så har eg jo lært mykje på desse vekene, til dømes at folk på bygda er gjestfrie folk, KAN drive med andre ting enn gardsdrift og er nøgde med liva sine.

Dessutan fekk eg fastslått at eg aldri kan bu her på heiltid!

 




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish