Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Analyse av Karens Jul av Amalie SkramSkriv ut Utskrift
Denne analysen gir oversikt over virkemidler, tema, motiv samfunnets innvirkning på privatpersoner.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:

Novella ”Karens Jul” av Amalie Skram blei først trykka i avisa Politikken i 1885. Novella handlar om ei ung, einsleg mor, Karen, som er utan fast jobb og fast husly. Karen har søkt tilhald i eit gamalt og fortatt skur nede på dampskipskaia. Ein politimann oppdagar henne i skura. Først har han har tenkt å jage henne derifrå, men han ombestemmer seg av medkjensle med jenta. Politimannen gir Karen lov til å bli i skuret til over julehelga. Den siste dagen Karen sit i skuret, skiftar veret, og det slår om til sterk kulde. Julaftan finn politimannen henne ihelfrosse, med det lille barnet i armane. Seinare blir skuret fjerna frå kaia.

 

Temaet i novella er typisk naturalistisk. Karen sin lagnad er bestemt på førehand, og det er ikkje håp for ho. Naturalismen er deterministisk og pessimistisk. I eit kaldt klassesamfunn har enkeltmennesket ingen mogelegheit til å kome seg opp og fram for eiga maskin. Når ein les novella, er det nærliggjande å spørje kven som har skulda for Karen sin lagnad. Det finst ikkje noko eintydig svar på dette spørsmålet. Så lengje samfunnstilhøva er slik dei er, vil menneske som Karen alltid bli undertrykt. Vi veit at kvinner ofte var utsette for dobbel undertrykking, først gjennom den samfunnsklassa dei tilhørde, dernest i kraft av at dei var kvinner. Eit undertema i novella blir derfor kvinnekamp. Amalie Skram får i fullt mon fram korleis kvinnene sin situasjon var på denne tida.

 

Synsvinkelen i ”Karens jul” er autoral og refererande. Det fører til at vi ikkje etablerer noko nært forhold til hovudpersonane. Vi identifiserer oss ikkje med enkeltmenneska, men i staden ser vi på Karen som ein representant for alle som er undertrykte og lider.

 

Novella er delt inn i to hovuddelar. Den første gir ei skildring av dei sosiale, klimatiske og geografiske tilhøva i Kristiania i dei dagane handlinga i novella finn stad. Etter dette fortsetter novella rett inn i handlinga. Handlinga har eit høgdepunkt som alt byggjast opp mot, nemleg den augneblinken da politimannen finn Karen og det døde barnet hennar inne i skuret. Handlinga byggjer seg opp til høgdepunktet på to ulike måtar; og begge er kontraster til korleis Karen har det. Veret er med på å spille ei viktig rolle. Det slår om til frost heiter det i teksten, og vindauget frys til is. Dette er et litterært billete til korleis Karen har det, vindauget frys til is likesom Karen gjer det.

 

Karen sin sosiale status er viktig når ei slik novelle skal analyseras. Vi får ei forståing av Karen sin låge status gjennom det språket ho nyttar. Karen snakkar slik dei snakka på austkanten av Kristiania. Dette er ein lågstatusdialekt. Nokre gonger freistar ho å bruke ord og vendingar som er litt ”finare”. Dette gjer ho fordi ho oppfattar politimannen som ein mann høgare på den sosiale stigen enn ho sjølv. Ho takkar politimannen med å seie Dere i setningane. Politimannen prøver og å auke sin sosiale status ved å bruke eit talespråk som ikkje ser ut til å være naturleg for han. Han knotar. Han gløymer seg bort, og pratar dialekt han og i staden for eitt høgare akta talespråk.

 

Hovudpersonen i novella er Karen. Dei andre personane er med for å belyse henne. Det er bare politimannen som opptrer personifisert, dei andre personane, Madam Olsen og barnefaren, møter vi bare igjennom Karen sine skildringar. Madam Olsen representerar samfunnet i den forstand at ho bare har Karen i huset for at tjena pengar på ho, alt det madam Olsen gjer for Karen, som Karen trur ho gjer av godt hjerte, gjer ho av den enkle grunnen, ho vil tjene pengar på Karen. Barnefaren er også ein representant for samfunnet, han er den uidentifiserte, den namnløyse, som har sotti Karen i den situasjonen ho er i. 

 

Amalie Skram skriver naturalistisk. Ho seier ikkje direkte korleis personane er, men lar oss bli kjent med dei gjennom skildringar av til dømes klesdrakt, utsjånad, talemåte og ordval. Personane utviklar seg ikkje gjennom den korte tidsperioden, men det er eitt unntak. Politimannen går frå å vere formell, følelseskald, hard og dominant, til å bli uformell og forståelsesfull. Etter kvart viser han fleire medmenneskelege trekk ovanfor Karen. Dette er som tidlegare nemnt ei typisk naturalistisk novelle med ein pessimistisk slutt. Dette gjenspeglar seg i politimannen. Han ser Karen sine problem, han ser kor vanskeleg situasjonen hennar er, men vel likevel å ikkje gjera noko med det. Dette er typisk for naturalismen. Er eit menneske stilt i ein vanskeleg situasjon, så er det ikkje mykje hjelp å få. Om ein er dømd til nederlag, må ein klare seg sjølv.

 

Amalie Skram nyttar hamna og skuret som kulisser. Hamna i ein by er ofte ein stad vi forbind med avreise, eller kanskje forlatthet. Hamna er og ofte ein stad som tiltrekk seg menneske med låg sosial status, samfunnet sine utstøytte. Dette er med på å skildre situasjonen som Karen lever i på ei slik måte at vi lettare får eit inntrykk av kvardagen hennar.

 

Vendepunktet i denne novella er altså da politimannen kjem inn i skuret til Karen. Der sit ho , ihelfrossen, med det lille barnet ved brystet. I typisk naturalistisk stil lar Amalie Skram det renne ein bloddrope frå brystet hennar. Dette skyldast at Karen er død. Ein død som har blitt påført Karen ettersom ho er død. Ein kan sei at det mogelegvis var barnefaren sin skyld. Ho hugsa ikkje Kem det var, det einaste ho kom ihug var at han jobba med dyr, for det lukta hest av han. Dette seier noko om kor langt nede Karen har vori. Ho har vori så langt nede at ho har teki imot all den kjerleiken ho kunne få, der ho kunne få det. Sjølv om det så er i eit mørkt portrom. Amalie Skram beskriv barnefaren ved å stimuler sanseorgana våre når vi les. Ho brukar lukt og mystikk til å la oss danne oss eit billete av han. Dette seier og noko om kor einsam Karen har vori. Alt dette kan relateras tilbake til novellas tema, nemleg kvinnekamp.

 

I novella ”Karens jul” retter Amalie Skram søkelyset mot konsekvensane av samfunnstilhøva. Ho får og fram at det er desse tilhøvas skuld at det går dårleg med nokon og betre med andre. I slutten av novella lar Amalie Skram det offentlege rive skuret som Karen budde i dei siste dagane ho levde. Kulissane i denne novella får meg til å dra ein parallell til juleevangeliet. Karen med barnet hennar alluderar Maria og Jesusbarnet. Dette er eit typisk religiøst motiv, Madonna med barn. Dette billete ser politimannen gjennom ruta den siste gongen han går til skuret. Det var ikkje tilhald for verken Maria eller Karen i herberget, begge to har ukjend far til barnet sitt. Dei vart begge unge og redde.

 

Politimannen er som ein hyrde som kom og så barnet for første gong. Det at dette skjer nettopp i jula er ein kontrast til den lagnaden som Karen lid. Julas buskap er kjærleik og fred, men Karen opplever ikkje noko av dette. Sjølv 1885 år etter at frelsaren blei født så har ikkje det glade buskap nådd frem til alle, så kva er vitsen då?


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish