Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Diktanalyse av diktet "Vise".Skriv ut Utskrift
Analyse av 'Lagnad' og 'Vise' av Elling Solheim og Tarjei Vesaas
Bokmål - Analyse/tolkningForfatter:



Noreg har fostra mange store diktarar opp gjennom tidene. Dikta deira har blitt vidt kjend og blir lese enda. Når ein skal tolke eit dikt, er det for å prÀQ.Àve og finne den djupare meininga med det. Å tolke dikt er å formulere sine eigne tankar og meiningar. Det finst ingen fasit til dikttolking. Både Elling Solheim og Tarjei Vesaas tar opp døden som tema i dikta sine "Lagnad" og "Vise".

 

I diktet "Lagnad", som er skrivi av Elling Solheim, er hovudpersonen jentegalen og glad i å drikke. Han er heilt fri og frank og verkeleg lever livet. Mannen har godt drag på damene, og er full av manndom. Sjølv om han er ein ettertrakta ungkar, finn han ikkje noko fast forhold. Til slutt i diktet ligg han sjuk i senga si og ventar på døden. Kanskje har han blitt sjuk av alkoholmisbruket eller kanskje har han fått ein eller annan kjønnssjukdom. Han er i alle fall utslete etter eit omflakkande liv med piker, vin og sang. Det står i diktet at han ligg storauga og ventar. Han skjønte kanskje ikkje kvifor han måtte forlate livet han som hadde fått alt som han ville opp gjennom tida. Tittelen på diktet til Elling Solheim, som er "Lagnad", indikerer kva som kjem. Det tar opp lagnaden til ein mann med eit omflakkande liv.

 

Tarjei Vesaas har skrivi "Vise". I diktet brukar han dei fire årstidene til å symbolisere stadia i livet. "Vise" handlar om kjÀ%.Àrleiken, døden og korleis alt må ta slutt ein gong. I den første strofa risser dei inn sin kjærleik til kvarandre i barken på eit tre. Eit tre har ein høg levealder. I andre strofe skriv dei med kol på ein vegg. Skrifta vil stå ein stund, men kortare enn bokstavane i treet. Dette symboliserer at dei ikkje er nyforelska lenger, men at dei framleis er veldig glade i kvarandre. I den tredje strofa risser dei inn kjærleiken til kvarandre på isen. Isen vil smelte ganske snart. I den siste strofa blir det hugga eit navn inn i ein gravstein. Stein varer evig.

 

I dei tre første strofene skriv hovudpersonane kjærleiken til kvarandre inn på forskjellige steder. I den siste strofa skriv den eine av dei si sorg inn i ein gravstein. Med dette symboliserer Vesaas at den eine av dei to er død. Dei fire strofene i diktet viser korleis kjærleiken utviklar seg og at same kor godt noko er, vil det alltid ta slutt. Kjenslene er sterkast på våren © i førstninga av livet © i den fasen ein er forelska. Seinare går forelskelsen over i noko djupare. Ein stabil kjærleik og eit nært vennskap mellom dei to personane. I det siste stadiet går ein over i bunnlaus sorg.

 

Ein innhaldsmessig likhet mellom dei to dikta er at det er nokon som døyr. Forskjellen her ligg i korleis livet deira var før dei døydde. Mannen i diktet til Solheim fører eit hardt liv med mellom anna mykje alkohol. Han liker og å vise sin manndom. Vi får ikkje vite kva slags livsførsel hovudpersonane i "Vise" lever, men jeg antar at dei levde eit harmonisk liv. Dei er truleg mykje ute i skog og mark, mens hovudpersonen i "Lagnad" gjekk på dansetilstelningar.

 

Solheim skreiv diktet "Lagnad" i 1958. Samfunnet var, på denne tida, i stor utvikling. Det blei vanlegare å snakke om tema som var tabu, mellom anna alkoholisme. Budskapen fra Solheim, til folket, er å vise dei korleis det går om vi ikkje er måteholden når det gjeld alkohol.

 

Tarjei Vesaas understreker livets gang i diktet "Vise". Vi har eit ordspråk som heiter: "samme gamle visa om igjen". Valet av tittel kan nettop vise til ei vise som kan syngast om og om igjen.

 

Både dikta, "Lagnad" og "Vise", har ein fast diktrytme. "Lagnad" består av fire korte strofer med tre verselinjer. Kvar strofe har ein lang setning først og to kortare etterpå. "Vise" har og fire strofer, men her er det i tillegg fire verselinjer. I vers ein og to, rimer strofe ein og tre og også to og fire på kvarandre. Solheim har brukt samanlikning ein gong i diktet, mens Vesaas ikkje har brukt det i det heile tatt.

 

Eg trur at både Solheim og Vesaas hadde til hensikt å få folk til å tenke over sine eigne liv da dei skreiv disse dikta.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish