Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Analyse av ”Gubben og katten og hanespetaklet”Skriv ut Utskrift
Analyse av en bildebok.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:

Analysert av gruppe 6, 2 Allmennlærutdanningen ved Høgskolen i Finnmark hausten 2003

(Margith, Helene, Tom Erik og Øyvind)

 

”Gubben og katten og hanespetaklet” kom ut i 1996. Boka er ei bildebok. Forfattaren av boka, Sven Nordquist, er fødd i 1946 i Helsingborg i Sverige. Han har malt og teikna i heile sitt liv. Barnebokforfattar og eigen illustratør blei han da han i 1983 vann Opals bildebokkonkurranse med "Agaton Öman och alfabetet". Det store gjennombrotet fekk han med si neste bok ”Pannkakstårtan”.

 

Bildeboka ”Gubben og katten og hanespetaklet” handlar om gubben Pettersen og katta Findus som bur på landet i eit lite hus med hage, vedskjul og eit hønsehus med nokre høner. Ein dag kjem gubben Pettersen heim med ei pappeske og ut av eska flaksar det ein hane. Naboen Gustavsen hadde tenkt å lage gryterett av han, men gubben synast  det var for gale og tok hanen med heim i staden for. Men det skulle katten Findus ynskje at gubben aldri hadde gjort. Ei slik galing og skriking har han aldri hørt før, og det er ikkje fred å få! Men hønene er stormforelska, og gubben tykkjer det må ein hane til for å halde styr på dei vimsete hønene. Dei store flotte bileta i boka viser oss ein landleg idyll og kva som kan skje når det kjem eit nytt familiemedlem. Og vi blir med på ei reise i fantasiens verd.

 

Bildebøker er gjerne barnas fyrste møte med litteraturen. Ei bildebok er ei bok med eit eller fleire bilder på kvart oppslag, der tekst (lineære) og bilete (det romlege) til saman deltar i å framstille det narrative forløp. ”Gubben og katta og hanespetaklet” går under denne definisjonen, sjølv om boka er sett saman av episodar enn ei tradisjonell forteljing.

 

Bildeboka kombinerer det verbale og det visuelle på ei framifrå måte. Det er god redundans (overskot av informasjon, der noko av informasjonen kan takast bort utan at innhaldet går tapt) i boka. Det visuelle blir framstilt gjennom store bilder. Kvart oppslag blir dekt gjennom store bildar. Det verbale er klårt, tydeleg og innhaldsrikt. Nettopp dette gjer boka spennande. Det er tekst og bilete som til saman skapar historia. Det kallar vi ikonotekst. Katta Findus er med på alle oppslaga og binder historia saman. Det gjer at lesaren får lyst til å bla til neste side.

 

Sven Nyquist er illustratør og forfattar av boka. Fargebruken i boka kan samanliknast med ein film. Fargen er eit verkemiddel, og framhever noko som skal leggast merke til. Bildene fortel gjennom farger. I etableringsbilde er det duse farger, som gir uttrykk for harmoni. Dette kan vi også sjå på side 11 og 12, der fargane er duse og gult dominerer heilheita. På side 3 og 4 gir hanen eit truande og fælsleg inntrykk, med fargane raudt og svart.

 

Bileta medverkar til djupd og assosiasjonane i boka. Det at vi ser bildene frå forskjellige vinklar, viser oss handlinga. Ved å plassere sentrale motiv etter horisontale linjer uttrykkjer biletet harmoni og ro. Dette kjem til dømes til uttrykk i opningsbilde side 2, der vi som lesarar anar ei horisontal linje langt nede på sida.

 

Ser vi på siste oppslag i boka finn vi ein samla komposisjon som er i samsvar med at forteljinga blir avslutta. Dette finn vi i dei fleste bildebøker.

På det siste bilde ser vi at gubben, katta og hønene er samla. ”Tinga fell på plass”. Fargane er varme og det låge tyngdepunktet er harmoniserande og forsterkar den lukkelige slutten. Idyllen på garden blir igjen re-etablert slik vi ser etableringsbilde i boka. 

 

Ved å nytte diagonale linjer i komposisjonen, vil vi oppfatte rørsle, dynamikk eller dramatikk. I utgangspunktet kan bilde synast uoversiktleg og krevjande, men når vi går aktivt inn idet, opplever vi spenning og rørsle, nesten som ein filmatisk effekt. Dette kjem til uttrykk på side 3 og 4.

 

På side 7 og 8 finn vi motiva spreidd utover og vi oppfattar gjerne at bilete er uroleg. Ein spreidd komposisjon kan difor nyttast når ein vil fortelje om kaos.

 

Det er brukt variert teknikk for å få fram ”bodskapen” i bildene. Det som dominerar bildene i boka er bruken av totalbildet medan heiltotalbildet og bildet i halvtotal blir nytta til å skape oversyn og framheve ein spesiell situasjon.

Totalbildet syner ein eller fleire aktørar i eit meir avgrensa miljø og bileta held fokus på aktørane til ein kvar tid.

 

Heiltotalbildet skaffar oversyn over landskap og miljø, og blir ofte nytta i etableringsbildet. I etableringsbildet får vi sjå eit bilde av bondegarden der gubben og katta bur.

Bildet i halvtotal flyttar aktørane i framgrunnen, slik at kroppsspråk og mimikk blir tydeleg. Dette finner vi att i situasjonen på side 3 der hanen flaksar ut av eska.

 

I boka er det nytta både fugleperspektiv og froskeperspektiv. Fugleperspektivet kan nyttast til å skape overblikk og det kan fortelje om velvære, tildømes på side 21. Froskeperspektivet kan nyttast til å fortelje om makt eller avmakt. Sympatien vår blir styrt mot den som er i froskens posisjon, som kjenner seg liten i forhold til noko trugande eller utfordrande, tildømes side 3.

 

Bildene blir gjengjeve i teksten. Vi les teksten på kvart oppslag og kan sjå det teksten fortel oss på oppslaga. Bileta dominerar oppslaga og teksten står oftast på kvit bakgrunn. Men i oppslaga der fugleperspektivet dominerar, fyller bileta sidene heilt ut, tildømes på side 3.

 

Det er gjenfortellande illustrasjonar i boka fordi bileta gjengir teksten. Gjennom boka reiser vi inn i fantasiens verden. På nokre sider finst det teikningar av små vesen som ikkje høyrer heime i bileta, men som på ein fantastisk måte bringar lesaren inn i ei fantasiverd. Vi oppfattar at han bruker desse små vesena og personane til å utrykkje kjensler og stemningar i forhold til bildane, ofte i samspel med katta som er hovudpersonen. F.eks. på s. 5 der katta står og held seg for øyra for å ikkje høyre, ser vi nede til venstre ein gamal mann som står med ein lur i øyret for å høyre betre. På s. 9 seier katta at han vil flytte og nede i høgre hjørne ser vi ein familie som har pakka sine ting og er på tur til å flytte bort frå garden. Og på side 24 ser vi at forfattaren og bruker figurane til å uttrykke kjenslene til dei andre. Der er Pettersen og hønene sinte på katta, og han bruker ei mygg for å framheve kjenslene deira for katta.

 

Boka går under sjangeren fantastisk litteratur fordi den bryter med verkelegheita. Handlinga er her lagt til eit realistisk miljø, samtidig som delar av miljøet har fantastiske innslag. Dette kjem til uttrykk når gubben Pettersen, katta Findus og dei andre dyra kan kommunisere verbalt med kvarandre. Det fantastiske kjennetekne eit brot med det vi reknar som mogleg eller sannsynleg i ei verd utanfor litteraturen. Det fantastiske er aldri truverdig for lesaren, men vi godtek det sterkt usannsynlege som realitetar innanfor fiksjonen.

 

”Gubben og katten og hanespetaklet” er ei kjempefin bildebok. Den passar for barn frå 4 år og gjerne opp til vaksen alder. Ho er fin å bruke i barnehagen og i skulen. Boka gir rom for eigne tankar og fantasiar, sjølv om det er ei daglegdags hending som forfattaren tar oss med på. Boka beskriver ein situasjon som er svært vanleg i dag. Det å få eit nytt familiemedlem. For barn kan det skape mange utfordringar og tankar, slik som også katta Findus opplever det.

 

Teksten i boka er enkel og klår. I boka er det brukt forholdsvis lita skrift, men enkelte gongar har han brukt utheva skrift for å understreke noko, som f. eks. på s.10, ”STILLE! hylte Findus.” Og lenger opp på sida, bruker han kursiv for å leggje trykk på eit ord ”Han får skrike så mye han vil, men jeg får ikke synge en gang!” Det er lett å identifisera seg med hovudpersonen og synast synd på han. Bildene er store og fine. Barn kan sjølv sitte å sjå på bildene, for dei fortel så mykje. Boka er ambivalent, for på ein måte syns vi synd på hanen som ikkje kan gale så mykje den vil, men på ei annan side syns vi synd på katta Findus som ikkje får fred, for ei slik galing og skriking har han aldri hørt før. Boka appellerer difor og til vaksne.

 

Konklusjon: Ei flott bildebok for barn og vaksne.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish