Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
FuglaneSkriv ut Utskrift
Tolkning av Tarjei Vesaas'
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



I 1957 ga Tarjei Vesaas ut romanen Fuglane. Fuglane er ein roman om den evnesvake Mattis ("Tusten"). Han er 37 år gamal, og bur saman med systera si Hege, som er tre år eldre, i eit lite hus som dei har arva etter foreldra sine. Huset ligg like ovanfor eit stort vatn på ein liten rydning i skogen; eit lite granholt isolerer det frå landevegen og ei stor grend. Søskena klarer seg økonomisk ved at Hege strikkar kofter som ho sel. Den følsame, evnesvake, hjelpelause og utsette Mattis er ikkje i stand til å utføra noko arbeid på ein tilfredsstillande måte, så han går mest heime hjå systera. ( adjektiva av Mattis er med på å få fram temaet). Berre på hennar oppfordring går han av og til rundt på gardane for å tilby arbeidshjelpa si. Ein dag fraktar Mattis ein tømmerhoggar som heiter Jørgen, over vatnet. Han møter Hege, og dei to blir eit par. Mattis føler at det blir ein kamp mellom Jørgen og han om Hege, og ein dag ror han ut på vatnet og druknar seg.

 

Forteljinga byrjar skildrande. Ein får vita ein del om korleis hovudpersonen Mattis er, noko som ein får vita gjennom bruken av bilete. Ein får også sjå kva syn Hege har på broren; ho er redd for å komma til å seia at han er mindre verd. Elles får ein ei skildring av korleis dei bur. Etter fyrste del har konfliktforholdet mellom Mattis og Hege tilspissa seg, og det har vore mange samanstøytar mellom dei, som til dømes om Hege sine gråe hår, om rugdetrekket, og om Mattis skulle spørja om arbeid eller ei. I det tredje avsnittet får den ytre handlinga ei sterk utvikling. Då Jørgen slår seg ned hjå Mattis og Hege, blir spaningsforholdet ytterlegare utdjupa. Konflikta dei i mellom går over til å bli ei konflikt mellom Mattis og Jørgen.

 

Hendingane i denne allegoriske romanen skjer for det meste i kronologisk rekkefylgje. Frampeik er noko som er typisk for Vesaas sin skrivemåte, noko som ein finn også i denne forteljinga. "Tusten" og Hege hadde fått to ospetre oppkalla etter seg. Det at eine av desse trea hadde knokke i eit fælt uver, var nok eit frampeik på at noko vondt ville henda. Rugda som ferdast rundt huset, og som Mattis kunne identifisera seg med, blei skoten av ein jeger. Denne nære kameraten sin tragiske lagnad kan også røpa at noko vondt vil skje. Retrospeksjon er også teken i bruk. Eit døme eg kan trekkja fram, er då Mattis reiser til gardane for å søkja arbeid; han hugsar godt igjen korleis han hadde klart arbeidet før om åra, dårleg. Høgdepunktet blir utløyst av at Mattis ikkje klarer å konkurrera med Jørgen om Hege sin varme og hennar omsorg. Høgdepunktet er då Mattis tek seg saman og spør Hege å velja mellom han og Jørgen. Mattis tolkar svaret slik at Hege ber han om å bringa eit offer for henne. Den einaste løysinga Mattis kjenner, er å bringa sitt eige liv som offer. Såleis kan ein seia at avgjerda om å ta livet sitt er vendepunktet. Avslutninga er at Mattis druknar seg i sjøen. Om ein har observert frampeika på ein rett måte, kan ein seia at avslutninga ikkje var overraskande.

 

Ein får sjå alt gjennom auga til Mattis ( 3. person eintal synsvinkel), og såleis blir ein godt kjent med tankane og kjenslene hans. Nokre stader er det teke i bruk autoral synsvinkel, der forteljaren gjev ein "dom" over Mattis sine handlingar, men dette er ikkje typisk for romanen.

 

Mattis har ein uttrykksmåte som er hjelpelaus og lågmælt. Han er følsam og sky, usikker, og lever etter instinktet. Han samanliknar seg sjølv ofte med rugda: "auga hans var rådville, sky som fuglar". Han er for det meste skildra på det psykologiske planet. Hege er ei lita, arbeidsam kvinne. Gjennom Mattis sine auge var ho som lynet, intelligent og skarp. Det som kjenneteiknar ho, er at ho heile tida er redd for at ho skal røpa at ho ser på Mattis som mindreverdig fordi han ikkje kan tenkja. Jørgen er ein høg, sterk, arbeidsvillig og dugande skogsarbeidar. Han tek med seg Jørgen ut på "testar". Døme: han får med seg Mattis ut frå doen når lynet er på sitt verste. Han tek med seg Mattis ut i skogen for å fella tre. Forholdet mellom personane er konfliktfylte. Mattis og Jørgen slåss om Hege sin varme og kjærleik, og dessutan har Mattis også interne "kampar" med Hege; kampen for å få henne til å forstå og setja pris på han sine verdiar. Det skjer ei indre utvikling av Mattis i romanen. Han blir gradvis meir vaksen og sjølvstendig, sjølv om han og er prega av å være "Tusten", den primitive og barnet i seg til siste stund. Jørgen og Hege er eintydige, men hovudpersonen Mattis er svært samansett. Han kan opptre som tust, primitiv, barn, vaksen og diktar.

 

Denne vesle familien bur litt utanfor eit lite bygdesamfunn, i eit lite dalsøkk ved ein innsjø. Søskena bur svært avsides til, og det at dei er isolert frå andre menneske, er med på å framheva den evnesvake sin situasjon. Naturen er nok med på å setja sitt preg på hendingane, til dømes rugda som kan samanliknast med Mattis, skye og rådville som dei begge er. Temaet er korleis dei som er "annleis" blir behandla av samfunnet og deira kamp for å møta forståing av dei skarpe og intelligente medmenneska. Metaforane er med på å få fram temaet. Døme: Lynet representerer det som Mattis er redd for, nemleg intelligensen. Det same gjer strikkepinnane til Hege som er blanke, øksa åt Jørgen som er blank, skarp og farleg som lyn. Bodskapen til Vesaas er at ein må finna ein plass til "slike" som Mattis. Dei har den same menneskeverd som andre, dei må få omsorg, finna sin plass i samfunnet, og aksepterast.

 

Trass i at mykje har endra seg i positiv retning, kan ein truleg leggja forholda betre til rette for personar som har nedsette evner. Det gjeld til dømes å gje dei eit skuletilbod som er tilpassa den enkelte, og gje dei eit yrke som dei maktar, og som dei har føresetnader for. Denne allegoriske romanen ( kvart einaste element står for noko anna) er både spanande, ein tankevekkjar og inneheld ein vemodig humor. Eg vil på det varmaste tilrå boka til alle som er interesserte i menneskeleg kjensleliv og psykologi.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish