Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Eit eventyrleg livSkriv ut Utskrift
Oppgave var å skrive en stil om emnet "Eit eventyrleg liv".
Nynorsk - EventyrForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Det var ein gong ein svart katt som heitte Jess. Pelsen til Jess var svart med litt kvitt på. Jess var veldig snill. Pat var eigaren hans. Pat sov mykje, og lek aldri med Jess. Jess likte ikkje å være inne, det beste han visste var å leike ute i skogen, og ha eit eventyrleg liv.

 

Ein vakker vinterdag sleppte Pat han ut av døra. Jess sprang ut av døra, forbi den raude bilen som stod parkert i garden og ut i det soleklare og varme været. Det varma godt i pelsen til Jess. Han sklei ned gardsplassen som hadde eit dekkjande lag med is. Han sprang rundt og fryda seg over dei fantastiske omgivnadene. Jess så plutseleg nokre tre han aldri hadde sett før. Dei var dekt med vakker kvit snø.


<bilde>

Logg inn for å se bildet
Det var mange tre som til saman lagde ein skog. Jess sprang mot skogen i full fart, han var så grøn og kvit. Jess laup først forbi nokre gamle trestubbar, og så var han plutseleg midt inne i skogen. Det var tre overalt. Rett framfor han, var det eit lite vatn, dekt av

is. Midt på isen stod eit lite rådyr som prøvde

så godt han kunne, å ikkje falle. Rådyret var

brun og hadde kvite prikkar. Jess gjekk bort

til han.

- Hei, eg heiter Jess. Kva heiter du?

- Eg heiter Bambi, skal vi bli venner?

<bilde>

Logg inn for å se bildet
<bilde>

Logg inn for å se bildet
Bambi og Jess blei venner og smilte til kvarandre. Plutseleg kom ein rullande pannekake forbi. Jess snakka med pannekaka, og dei blei også venner.

 

Jess gjekk ikkje langt inn i skogen før han møtte på ein ny skapning. Det var ei veldig lita dame som satt på ei teskei. Jess snakka med ho også, dei blei venner med ein gong.

 

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Jess var lykkeleg, no hadde han tre venner. Jess gjekk nokre meter inn i skogen som var så vakker og kvit. Plutseleg kom ein ung gut forbi.

- Hei, eg heiter Jess. Kva heiter du?

- Eg heiter Espen Askeladd, skal vi bli venner?

- Ja, svara Jess og smilte.

Askeladden måtte skunde seg, han skulle vinne prinsessa og halve Hundremeterskogen. Jess sa ha det bra til sin nye venn, og gjekk vidare.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Jess såg seg rundt i skogen. All den kvite snøen låg så vakkert på dei grøne trea. Det var like vakkert som i eit eventyr.

 

Jess gjekk enda fleire meter, så såg han plutseleg eit hus. Det var ikkje eit vanleg hus. Det var eit hus, som var laga av sukkertøy, karamellar, potetgull og sjokolade. Jess trudde han var i himmelen.

 

Han banka på døra. Ut kom tre grisar.

<bilde>

Logg inn for å se bildet
- Hei, eg heiter Jess. Kan eg ete huset deira?

- Nei, svara dei tre grisane, ulven skal blåse bort huset. Men vi kan godt bli venner.

- Ja, svara Jess og forstod at han ikkje kunne ete heimen deira.

Jess fortsette å gå inn i skogen, han gjekk lenger enn langt.

 

Plutseleg hørte han ein kjent stemme.

- Jess, no må du komme. Eg må vere tidleg ute til min postmannsrute! skreik Postman Pat frå sin raude bil.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish