Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Den moderne karrierekvinna og levemåten hennesSkriv ut Utskrift
Eventyr om den moderne karrierekvinnen.
Nynorsk - EventyrForfatter:


Det var ein gong den moderne karrierekvinna var lei av levemåten sin, og så fekk ho det for seg at ho skulle dra til tv-selskapet og spørre produsentane bak tv-seriane ”Ekstrem forvandling”, ”Ungkaren” og ”Rik eller lykkelig” om å få hjelp til ein betre levemåte. Ho fekk friste lykka ho som andre, anten det blei til rikdom eller lykke.


"Kva er det du har å klage over?" spurde produsentane. "Å eg er så lei av levemåten min, skjønner de" sa den moderne karrierekvinna. "Venninnene mine er alle vakre og lykkelige med kjekke menn. Men eg er ulykkelig fordi eg ikkje får anna enn stygge friarar på døra, for eg er ikkje like vakker som dei er. Er det rett og rettferdighet i slikt?" spurde ho. Nei, det syntes produsentane det kunne vere noe i, og så leita dei i manusa sine, og lovte at ho skulle få vere med i alle programma, slik at ho kunne få ein betre levemåte: "Det er urettferdig at du skal ha det så mykje verre" sa dei. "Så no skal du få både rikdom og lykke, og plastisk operasjon." Ja, den moderne karrierekvinna takka, og var så glad at ho visste ikkje om ho skulle le eller gråte. Og i taxien på vegen heim nynna h "Rikdom og lykke, og plastisk operasjon! Rikdom og lykke, og plastisk operasjon! Rikdom og lykke, og plastisk operasjon!"


Då taxien hadde kjørt ei stund havna den midt i den verste rushtrafikken. Sjåføren syntest den moderne karrierekvinna berre var opptatt av seg sjølve, så han ville spele ho eit puss. Dermed tok han til å nynne han også, fint og rolig: "Stygg og ulykkelig, og ingen kjekke menn!" Den moderne karrierekvinna brydde seg ikkje om det, ho nynna berre vidare med sitt: "Rikdom og lykke, og plastisk operasjon!" Men sjåføren fortsette: "Stygg og ulykkelig, og ingen kjekke menn! Stygg og ulykkelig, og ingen kjekke menn! Stygg og ulykkelig, og ingen kjekke menn!" Til slutt ség det i den moderne karrierekvinna, og før ho visste ordet av det, tok ho til å nynne og ta etter.


Da ho så kom heim, spurde venninnene korleis det hadde gått hos produsentane. "Fekk du hjelp til ein betre levemåte?" spurde dei. "Å ja, å ja!" sa den moderne karrierekvinna "Stygg og ulykkelig, og ingen kjekke menn! Stygg og ulykkelig, og ingen kjekke menn!"

 

Og snipp, snapp, snute så var det moderne eventyret ute!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish