Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Dialektar - DrammensmåletSkriv ut Utskrift
Foredrag om dialekter i Norge med hovedvekt på Drammensmålet.
Nynorsk - AnnetForfatter: Anonym



Noreg er på mange måtar dialektanes land. Dialektane er mange, og variasjonen er stor. Og i motsetning til mange andre land er dialektane respekterte. I Noreg blir ein ikkje stempla dersom ein snakkar på ein litt anna måte enn i hovudstaden. Ein annan ting som er annleis i Noreg er korleis språket heile tida utviklar seg. Bare for eit par veker sida gjekk Norsk Språkråd ut med nye rettskivingsformar. Desse er basert på det munnlege språket. Dette viser kor mykje respekt ein har for dialektane, og korleis dei er med på å forme det norske språket heile tida.

 

Dialektane i Noreg blir delt inn i austnorsk og vestnorsk – hovudforskjellane mellom desse to er tjukk l og kløyvd infinitiv i austnorsk, men ikkje i vestnorsk. Vidare kan dialektane lokaliserast etter om dei inneheld jamning (vokalane i infinitiv blir like), palatalisering (ein uttalar ein j i slutten på nokre ord, til dømes mannj, ittj, og reddj), blaute konsonantar, skarre-R, substantivsbøying, og fleire andre særeigne ting. På denne måten kan ein med stor grannsemd  plassera eit talemål i riktig fylke, og nokon gonger endå meir nøyaktig. Det finnes mange slike skilnader på dialektane; for ein som ikkje har vakse opp med det norske språket kan to slike uttalealternativ oppfattast som to forskjellige språk.

 

Drammensmålet er ein austnorsk dialekt. Det inneheld tjukk l, kløyvd infinitiv med endingar på –a og –e, og –a endingar i hokjønn bestemt form eintal. Vidare brukar vi ”jeg” (uttalas jei), ”vi”, og ”ikke”. I utgangspunktet er drammensmålet ganske likt språket i Oslo, altså nokså ”reint” bokmål. Men på eit område skil drammensmålet seg ut; kor ein legg trykket i orda. Drammensarar har ein tendens til å seie ”bannan”, ”avvis” og liknande. Forkortingar og såkalla ”slang” verker meir utbredt i Drammen enn i til dømes Oslo; ”Avvisa æ’kke ø’lakt” med andre ord. Dette varierer sjølvsagt ein god del, og heller ikkje i Drammen snakkar alle likt – heldigvis. Mange i Drammen har eit konservativt språk. Dette gjer seg særleg gjeldande hos de litt eldre, men nokon bydelar peikar seg òg ut. Bebuarane sentralt i byen og i åsane omkring sentrum snakkar ofte langt ”penare” enn andre drammensarar. Elles er det viktig å nemne at ein ofte med eit ”trena øyre” kan høyre kor i byen folk kjem frå; Konnerud har mange eigne uttrykk, deriblant ”Er’re no trøkk?!” og ”D’ække så kjipt!”. Andre bydelar, til dømes Gulskogen, skil seg òg ut på den same måten (Gulskogen blir ofte omtalt som ”Gusjken” av dei som bur der).

 

På landsbasis er ikkje drammensmålet lenger sett ned på. Det var ein periode då folk syntest det høyrdes vulgært ut. Denne meininga hang kanskje igjen frå språkdebatten i åra etter unionsoppløysinga. Det var då ”arbeidarspråket” - eit språk dagens drammensmål ikkje er ulikt -  blei innført; noko middelklassen ikkje var særleg glade for. I ein artikkel i VG for nokon månader sida  sto det faktisk at drammensmål er kult. Ungdommen likar tydeleg ”snarvegar i språket” og ein litt meir ”laid-back” stil. Dette kan tyde at ungdom frå Drammen ikkje lenger vil prøve å gå over til reinare bokmål når dei drar til hovudstaden for å studere.

 

Som eg sa i førre avsnitt går drammensmålet ein lys framtid i møte. Den negative innstillinga mange har hatt overfor dialekten i årevis ser ut til og gradvis forsvinne. Dette førar til at færre vil slutte å snakke ”drammensk” når dei flyttar til andre byar, samtidig som innflyttarar ikkje vil streve like hardt med å unngå påverknad frå drammensarane. Eg trur at drammensmålet kjem til å spreie seg i åra framover, sjølv om norske dialektar generelt er på tilbakegang (sjå neste avsnitt).

 

Fleire og fleire legg bevisst om dialekten sin. Dette er eit gammalt problem, men det er likevel aukande. Særleg i bygdene i innlandet har talemålet blitt totalt forandra i løpet av dei siste 50 åra. Unge folk synest ikkje dialekten er kul nok, og vel derfor å legge han heilt om. Folk flyttar òg meir på seg, noko som gjer at mange føler at det er pinleg og ha ein annleis dialekt; humorprogram på TV, til dømes ”Team Antonsen”, gjer ikkje akkurat saka noko betre. I tillegg blir bygdefolket utsett for så mykje bokmålspåverknad at dialekten er dømt til å tape. 

 

Men dialektane står òg overfor ein annan trussel; påverknad frå andre språk. Ein ser stadig nye ord og uttrykk som i utgangspunktet ikkje er norske. Særleg ungdommen innfører mykje nytt, og engelsk ser ut til å vere den største bidragsytaren. Frå film, TV og musikk kjem det stadig nye innslag til det norske språket. Ord som ein ikkje hadde hørt om for 50 år sida er i dag heilt vanleg. ”-Åssen gikk dæiten i går’a? -Drit i å vær gæi, du er bare djeles fordi jeg har ei skikkelig schpaa kæbe. –Nevah! -Ai havv niids, lissom. –Sårry, mækk! Visste ikke at du var så dæm sensitiv. Sensitiv gai komin’ thru, lissom. –Læksen’a jakkson! Vi snæiks...” Dette er faktisk eit eksempel på ein vanleg samtale mellom to gutar. Det er tydeleg at det norske språket har gått gjennom store forandringar i dei siste åra. Dersom utviklinga fortset slik ho gjer nå vil det norske språket vere forsvunne om ikkje så altfor lenge. Engelsken vil gjere sitt inntog, og Norsk Språkråd vil godkjenne det som skriftspråk fordi skriftspråket skal reflektere talemålet, og folk snakkar engelsk. Det er slik utviklinga er akkurat nå, og det blir spennande å sjå om det berre er ein fase,  eller om norsken sakte med sikkert blir ”fæida” ut...




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish