Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
EnteSkriv ut Utskrift
Hele stilen handler om en del av Entes korte liv. Handlinga foregår på tida rundt svartedøden, før den slo ut for fullt. Ikke ment å være historisk korrekt, det hele er fiksjon. En slags tragisk kjærlighetshistorie.
Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Lyst. Så lyst. Eg kjenner lyset. Det brenn over heile meg. Eg kan ikkje opne augene. Då blir det for lyst.  Det brenn. Eg trudde dette skulle vere meir..  himmelsk? Kanskje levde eg livet mitt gale. Kanskje er det helvete eg blir sendt til. Men ingen kan vel meine at eg er syndig?

Serjev.. Serjev, pina deg ikkje for meg. Sørg ikkje meir enn du orkar. Eg skjønar.

Forhåpentlegvis møtest vi igjen.

 

Ente. Ho visste namnet sitt , men ikkje stort meir. Ho var barn av brannen. Brannen som hadde tatt ifrå henne foreldra hennar, men latt henne vere igjen. Kvifor? Skulle ho lide, straffast? Ho visste ikkje. Alt ho visste var at ho var aleine. Berre seg sjølv å stole på. Ingen å elske, som kunne elske henne igjen. Aleine.

Ente løp. Ho løp og gråt, gråt og løp. Eit hus. Mange hus. Store, dystre, forlatne. Ho knelte framfor den mørke porten. Håplaust. Men ho hamra på døra, slo med knyttnevane, så hardt, så hardt ho makta.

”Hjelp!” hulka ho. ”Hjelp meg no! Hjelp meg no. Eller aldri.” Ho drog seg opp.

Nei, sa huset. Her er inga hjelp å få. Ho sprang til neste hus. ”Hjelp!” Neste hus. ”Hjelp meg!” Neste. ”Hjelp!!”

Nei, sa byen. Nei, sa husa. Nei, sa vindauga.  Her er inga hjelp til deg.

”Eg er aleine.” kviskra ho. ”Mor!” Ho kasta seg på kne. Søle. Avfall. Det brydde henne ikkje. ”Mor! Far!” skreik ho. ”Kvifor forlet de meg?”  Ho stavra seg opp. Og løp. ”Løp, løp. Løp frå det.” Som om noko kviskra i øyre hennar. Inn i skogen. Tre og greiner piska henne. ”Berre slå de.” tenkte ho. Beina verka. Huden svei.

Eit nytt spørsmål. ”Eg skal jo leve, så kvar skal eg bu?” Ho trakka i ei maurtue. Ho skreik til, drog til seg foten.

Ho hinka omkring på venstre bein, og ramla overende, plutseleg ute i ei lysing.  Eit mørkt hus dominerte sletta, alt var stille. Vinden ville ikkje blåse her syntest det. Og alle dyr heldt pusten og lista seg forbi.

Ente børsta av seg maurane og halta bort. Huset var så mørkt. Ingen lys i vindauga, ingen røyk frå pipa.

Dødt og forlate. Så ho dytta opp døra. Ein merkeleg stank slo mot henne. Der inne hadde nokon levd eit godt liv, til nyleg. Pesta hadde kome på besøk. Kvite auge stirra mot Ente. I to køyesenger låg fire kroppar. Nokre hang litt utafor. Eit par låg samankropne i fosterstilling. Alle med auge sperra opp. Augene følgde Ente då ho skritta inn. Dei stirra då ho åt maten deira. Tørt brød og ost som låg på bordet, ho stappa det i munnen og svelgde fort. Raskt for å sleppe å tenkje over kva ho gjorde. Utmatta krølla ho seg saman midt på golvet deira, seig inn i urolege draumar.

Ilden. Heten. Hyla. Ula.

Ente kvakk til. Ul! Ho snubla bort til vindauget. ”Herre, min Gud! Ulvar!” Ul. Svar. Enda eit ul. Nærare. Nærare, frå ein annan kant. Ente kraup under bordet, trekte beina til seg.  Nærare, nærare…

”Nei!” Ho velta bordet og styrta ut. ”Løp, løp!” Ul. ”Nei!” hiksta ho. Ho løp. Sprang til ula stoppa.

Då sokk ho saman og pesa. ”Nei, nei, nei! Kvar er eg no?” tenkte ho. ”Eg må finne ly.”

Ho traska vidare. Rundt henne dansa skuggane. Her og der lurte månestrålar seg fram frå det tjukke lauvverket. Kvar skugge såg ut som eit dyr. Kvar busk, kvart tre, såg ut som troll, vetter.

Så, mellom skuggane, ein så stor, så djup. Så mørk, nesten som ei… Ei hole. ”Ei  hole!” gispa ho. Der inne var eit reir av tørre blad. Ho bora seg ned i dei og grov ned heile seg. Men søvnen kom ikkje til henne, ho vaka heile natta.

 

”De må stå opp no, prins! Det er allereie dekka til frukost.” Lyse strålar blenda prins Serjev. Nanna skauv til side silkelakenet og dundyna. Han skalv og krympa seg av det plutselege temperaturskiftet. ”La meg liggje litt til!”   ”Nei, min gode prins, no må du stå opp.” Han skauv seg opp i sitjande stilling. ”Her er kleda dine. Skal Nanna hjelpe?” ”Nei, for Guds skuld, ikkje hjelp! Berre gå. Eg kjem når eg er klar.” ”Sikker bassen?” ”Gå!”

”Nanna og far min, dei er berre til bry. Og mamma då. Milde herre, ha nåde..” mumla Serjev.

Han trekte på seg silke og fløyelsstas. Drog ein kam gjennom håret. Han blei ståande framfor spegelen, såg på seg sjølv. ”Det er ikkje heilt som ein prins burde sjå ut..” sa han til seg sjølv. ”Men det får halde.”

Så gjekk han ned to trapper, dekka av mjuke, raude teppe, inn i ein enorm spisesal.

Han skritta opp til enden av bordet og tok plassen sin ved sida kongen. Framfor han stod det dekka med kalkun, gåsepostei, kaviar. Han sukka og strekte seg etter brødet.

 

Det var seinsommar. Skogen yrte av liv. Hagane var lessa med frukt. Ente gjekk i mellom furu og gran.

Ho plukka raude bær, blå bær, gule bær, svarte bær. Nokre åt ho, og nokre trædde ho på strå og hengde i beltet.

Serjev gjekk i frukthagen sin. Den var berre hans. Ingen andre fekk gå inn utan tillating frå han.

Han plukka eit eple, snurra det rundt i handflata. Det var flekka, djupt raudt og strålande gult. Serjev tok ein bit.

Der stod eit av pæretrea hans. Han sleppte eplet og strekte seg etter den finaste pæra han såg.

 

Hausten gjorde ein sprakande entre. Verda eksploderte i raudt, oransje, gult. Alle tre var faklar av fargar.

Soppen skaut opp, frukta fall ned. Ente samla meir tørre blad til hiet sitt. Ho meinte i alle fall det var hennar.

 

”No er det nok av mat, men kva skal eg gjere til vinteren?” Ente tenkte på det kvar einaste dag. Kvar dag drog ho ut og plukka sopp og bær om ho fann. Ein dag sat ho atter ein gong og tenkte etter. Giftig? Eller ikkje?

”Best å vere på den sikre sida,” tenkte ho og kasta soppen frå seg. Fuglane song.

Eit stykke bortafor henne sat ein stor flokk sporvar og prata.  Dei tok seg ein kvil før den lange flyturen. Ei gren knakk. Fleire. Det var fottrinn. Men av dyr. Eit stort dyr, skjøna Ente. Kva slags? Der! Der fekk ho eit glimt av det. ”Å nei.. Å hjelp..” Raskt, nesten lydlaust reiste ho seg. I starten gjekk ho, sakte og forsiktig. Så la ho på sprang. Ho sprang for livet, styrta inn i hola. Grov seg ned i blada. ”Ikkje kom hit, berre bli der ute!” tenkte ho desperat.  Men.. Ho høyrde det. I nærleiken. ”Men, kvifor?” Så slo det henne.

”Å nei! Sjølvsagt, eit bjørnehi!” Ho spratt opp. Hjertet hamra, hardt for å sleppe ut. Panikk, panikk skreik det. ”Nei, nei, nei! Ikkje panikk. Roe meg ned. Må ta med maten. I alle fall litt. Litt sopp, litt bær.”

Ho samla det saman i forkledet. Sprang til opninga. Der var han, ja. Store, fine bjørnen. Han snuste i luften, kikka nysgjerrig på henne med dei svarte augene. Ente såg inn i dei. Kva gjorde eit menneske her i hola hans?

 

”Ta det med ro,” tenkte Ente, ”eg drar no.” Så la ho på sprang. Sopp og bær fall ut. Kva gjorde vel det, ho måtte berre komme seg unna. Så ho løp. Og ho fann ein veg.

Han leidde henne til ein landsby. Ein heilt vanleg landsby, men likevel… Noko var gale. Ho såg seg storøygd omkring. Minne. ”Hjelp meg! Hjelp meg no!” Men ho hadde ikkje fått noko hjelp.

Ho banka på ei dør. Ingen svarte. Prøvde ei anna. Ingen her heller. Enda ei.

Heller ikkje her svarte nokon. Ingen i husa, ingen i gatene. Ente kom på hytta. Stilla. Lukta. Ja, dette var likt. Så ho prøvde døra, og ja, den var ulåst. Og lukta. Og dei døde. Ei mor, ein far, eit barn. Døde.

Pesten. Den uhyggelege, forferdelege pesten. Men Ente tenkte, her kunne ho overleve. Her var hus, her var mat og varme. Ho måtte bli her, i alle fall til vinteren var over.

Kva med smitten, Ente? Ho tenkte ikkje på den. Og den gløymde henne.

Ente levde heile vinteren blant dei døde. Åt mat som blei dårlegare for kvar veke. Sov i husa til dei døde. Fyrte i peisane deira. Men dei var døde, ho levde.

 

Serjev levde heile vinteren i palasset. Det var ball allstøtt. Folk åt og åt. Dei dansa til langt på natt. Det virka som det var alt dei adelege gjorde. Serjev begynte å avsky det. Han var lei av gåsepostei, lei av å bli introdusert for stadig nye hespetre frå andre kongelege familiar. Det var tydeleg at mor og far hans i ein eller annan kviskrande samtale, hadde kome til semje om at tida var inne for bryllaup. Ei kone som kunne halde han borte frå skogane, som fekk han til å nøye seg med å sitje på rumpa og bli varta opp av andre.

Men når han fekk sjansen, då rei han ut i vinterparadiset. Han naut lufta, beundra landskapet og drøymde om eit anna liv.

 

Det kvite vinterteppet smelta og rann bort, som små bekker av krystall. Våren titta rundt hjørnet.

Lauvtrea forvandla seg frå nakne kvister til yrande liv. Dyr vakna opp frå vinterdvalen, fuglane kom tilbake.

Og Ente sprang ut av den døde byen, opp i åsane.

Ho pusta i frisk luft igjen, og overalt såg ho liv og håp.

Ved ein liten innsjø kasta ho kleda og stupte ut i det kalde vatnet.

Eigentleg var det reinaste torturen, ho hadde ikkje trudd det ville vera så kaldt. Ho kraup opp på bredda igjen.

Med eitt var det ein kvislande lyd ved øyret hennar. Så var han borte. Ho speida rundt seg. Igjen kvein noko forbi henne. Styrefjøra på ei pil strauk inntil skulderen hennar. Nokon skaut på henne! To menn stod på den andre sida av vatnet. Dei hadde bogane spente. Ho huka seg ned og sprang bort. Snappa til seg kleda sine og forsvann bak nokre buskar.

 

”Såg du henne?” ”Ja, men kvar blei det av henne?” ”Veit ikkje.” Jegerane hadde tenkt å få fatt i eit par fasanar, nokre harar. I staden såg dei huldra! Ei kvinne aleine i åsane. Nei, det var ikkje vanleg, her oppe levde huldrefolket. Men huldra i dette høvet var Ente.

Dette var skikkelege mannfolk, dei let seg ikkje skremme. Tenk kva for ei ære, å vere den som fanga huldra!

Men så glapp ho frå dei. No måtte dei rapportere til kongen og dei adelege.

Kan hende dei fekk ta med seg eit heilt jaktlag neste gong!

 

”Huldra seier du? Og i våre åsar!” ”Far, ikkje høyr på dei! For det fyrste tviler eg sterkt på at dette verkeleg var huldra. For det andre nyttar det ikkje å jage skrømt. Vi har alle høyrt historiene. Det endar med at huldra lurer jegeren. Kvar gong!” ”Du taler sanning, min son. Kva foreslår du vi gjer då?” ”La meg ri ut og undersøkje. Truleg er det berre skrøner. Det var nok berre vatnet som spela dykk eit puss, mine gode herrar!”

”Vi veit kva vi såg, vyrde prins. Og det var ingen ringare enn huldra!”

”Serjev, min son, det kjem ikkje på tale at du rir ut. Det sømmer seg verken for ein prins, eller ein forlova mann. Det sømmer seg ikkje for nokon mann å oppsøkje slike farar.”

”Men far!”

”Men herre konge!”

”Nei! Her er ikkje noko om og men. Eg skal få folket åtvara, og ein skal halde seg borte frå dei åsane. Alle skal gjere så! Eg har tala.” ”Kongen har tala, så skal det skje!” ropa ein ung mann med ein dårleg jobb, på kongen si venstre side. Serjev og jegerane trampa ut. Jegerane gjekk til høgre, mot storsalen. Serjev bøygde av i retning stallane. Der stod hingsten hans, kraftig, kastanjebrun. ”Tåpar! Trur på bondeforteljingar! Før vil eg sjå det med mine eigne auge!” tenkte han og skreid til hest. Han rei ut i den friske lufta. Dei vakre åsane! Det var slikt eit vidt og ope landskap. Kvar skulle liksom huldra skjule seg?

Der var vatnet. Ikkje noko overnaturleg. Det låg ein sko ved bredda. Ein enkel tresko, storleik som passa foten til ei dame. ”Så det var berre ei kvinne då. Ikkje noko hulder. Som eg trudde,” tenkte Serjev.

 

Ente hadde trekt på seg alle klesplagga. Ho merka fort at den eine skoen mangla. ”Eg treng han. Eg får gå tilbake.” Men der var ein hest. Og ein ryttar. Ein ung mann. Han heldt skoen hennar.

 

”Unnskyld! Den er min! Kunne eg få han tilbake?” Serjev skvatt til. Det stod en jente eit stykkje borte.

Hennar sko? ”Sjølvsagt,” ropte han tilbake. Ho traska bort til han og rekte ut handa. ”Her.” Han gav henne skoen. ”Ho er vakker. Herja på ein måte. Men strålande.” tenkte han. ”Kva heiter du?” spurde ho.

”Eg? Åh, eg.. Serjev.”

 

”Åh..” sa Ente. Serjev.. Det var eit namn ho hadde høyrt før. Men det virka ikkje så viktig. Det viktige, det viktige var at han var der. Han var ikkje død. Han var så veldig levande, og hyggeleg.

”Kven er du?” spurde han. ”Ente heiter eg.” ”Kva gjer du her?” ”Eg.. Kvifor det?” ”Eg meiner, kvar kjem du ifrå? Landsbyen?” ”Ja, men ikkje den du tenkjer på, ein annan…”

 

Ein annan? Serjev visste ikkje om andre landsbyar i mils omkrets. Ho ser trist ut, slo det han.

”Ente, treng du hjelp?”

 

”Ente, treng du hjelp?” Treng ho hjelp? ”Ja! Ja, hjelp meg!” Og ho brast saman i gråt. Kva skulle han gjere? Han tok henne i armane sine, og ho klyngja seg til han. ”Shh.. Eg er her, eg kan hjelpe.” kviskra han inn i håret hennar. ”Kva er det? Kva er i vegen?”

”Det var aldri..nokon..” hulka ho. Gråtande, hikstande, fortalde ho historia si. Til slutt såg ho opp på han.

”Nå veit du alt. Du må aldri nokon gong forlate meg, Serjev!” ”Eg..” Han såg djupt inni augene hennar. Så djupt. ”Eg skal ikkje forlate deg, eg lovar.” Dei mørke, dystre augene. Han kyssa henne. ”Serjev.. Når du drar..Ta meg med. Eg har ingen. Det er berre du.” ”Ente.. Veit du, det kan hende eg elskar deg.” Ho smilte. Heile andletet lyste opp. ”Så det er liv i deg,” tenkte han. Ho strakte seg opp og kyssa han. ”Kanskje eg elskar deg òg.” sa Ente med eit leikent smil. Han sleppte henne. ”Ikkje gå. Kvar skal du gå?” spurde ho. ”Vi.” svarte han. ”Vi drar heim. Kom, bli med meg.” Han sette seg fyrst opp og hjelpte så henne opp bak seg, opp på hesten.

Mens han rei sakte, fortalde han om livet sitt. Ho heldt armane rundt livet hans og kjende varmen og livet i han.

Serjev gløymde alt. Løfter, plikter. Han var ung, forelska og ikkje meir prins enn andre.

 

”Kvar er Serjev? Eg meiner det, berre sei det, kvar er han?” ”Tomi, vi veit ikkje!”

Tomi skritta forbanna rundt i storsalen.

Ho var dotter av kong Evan og høgt ettertrakta på ekteskapsmarknaden.

 Absolutt ikkje på grunn av personlegdomen sin, men av taktiske årsaker. Tomi var ei kjeftesmelle, ei skikkeleg hurpe, men giftemål gav høgt ettertrakta kontaktar. Vel, nå var ho tatt av marknaden, selt til prins Serjev og familien hans. ”Prinsesse, Serjev er komen.” ”Kva? Kvar?” ”Han rir inn på plassen, han har med seg ei jente.”

”Kva i! Kva har den tufsen rota seg bort i nå!” Dermed trampa ho ut.

Javisst, på plassen hoppa prins Serjev av sin stolte hingst og løfta ei jente av etter seg. ”Serjev! Kven i Guds namn og rike skal dette førestelle?” ”Dette er..” ”Serjev! Kvar har du vore? Kva har du der?” brølte kongen.

”Dette er Ente. Ente, det er Tomi, og dette er  far min. Far, det var denne kvinna jegerane tok for huldra. Som du ser, var det ikkje så.” ”Det bryr vel meg lite! Kva skal du dra henne hit for?” glefsa Tomi. ”Å nei.” tenkte Serjev. ”Den hurpa. Kva skal eg gjere?”

”Far,” sa han, ”eg kan ikkje gifte meg med Tomi.” ”Kva?!” ”Tomi, eg elskar deg ikkje. Øh.. Ente. Eg elskar Ente.” Han kyssa henne. Heilt stille. Serjev heldt Ente tett inntil seg. Ente såg seg forvirra omkring. Serjev sin far, kongen, blei stadig raudare i ansiktet. Men Tomi var fyrst ute. ”Dette er djevelen sitt verk! Alle veit at Serjev elskar meg! Eg er hans utkåra! Ho bruker vond magi på hans sinn! Heks er det ho er! La henne brenne! Heks!”

”Heks!” brølte faren, kongen. Eit sekund, og så oppfatta mengda kva for eit ord dei skulle rope. ”Heks! Heks! Heks!” ”Brenn henne på bålet!” ”Kva?! Nei! Ho er inga heks!” ropte Serjev fåfengt. Ente kraup saman. Fleire armar strekte seg mot henne. Eit par fekk tak. Dei trekte henne med seg. Serjev forsvann i mengda, men ho høyrde røysta hans. ”Nei! Nei! Ho er inga heks! Far, stopp det!”

Dei bar henne med seg. Så mange mordlystne menneske. Ho var byttet deira. Mobben fekk raskt laga eit bål, null problem. ”Serjev!” ropte ho. ”Ente!” svara det, men ho såg han ikkje. Dei surra henne til pålen. Ho skjøna det ikkje! Dei ville ikkje finne på å brenne eit anna menneske...vel? Faklar blei tende. Veden byrja å knitre.

”Oi.. Eg skal visst døy.” Tanken fòr gjennom henne. ”Døy..” Flammene slikka høgare, fekk tak i veden.

”Så eg skal brenne, som foreldra mine..” Tankane hennar var klare, rå fakta. Inkje kunne ho gjere.

”De skal vita at eg er inga heks!” ropte ho til mengda.

”De skal vita at dette er mord! Og du Serjev, skal vita at eg elskar deg!” ”Ente!”

 

Pina, smertene. Døden som kom så langsamt. Sakte, samtidig som kroppen min blei redusert og forsvann, litt etter litt. Eg føler meg heil att no. Lyset. Det er her framleis. Men det blir svakare. Eg har visst kome til ein slags himmel. Det fortener eg. Ein gong, Serjev, vil du òg kome. Eg veit du kjem hit. For eg er her.

 

Kanskje ikkje ein himmel. Kanskje ikkje eit helvete. Ingen gudar. Berre dette.

Og minnene. Minnene frå mitt liv.

 

Slutt




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish