Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
EnøkSkriv ut Utskrift
Om ulike Enøk tiltak.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Innleiing

Omgrepet Enøk har for mange ein negativ klang. Før eg fann ut meir om dette, var det fyrste eg såg for meg når eg høyrde omgrepet Enøk, meg sjølve heime i stova med ei stor hua tredd ned over øyro mine og gode varme polvetter. Eit bad eller ein god varme dusj kan eg berre ta kvar jul . Sparing, sparing og meir sparing. Men der tok eg feil!

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Enøk tydar nemleg ikkje sparing, men at man nyttar energien fullt ut mykje betre med ny teknologi.

Eg vil no ta føre meg litt om desse punkta:

 

- Kva er eigentleg Enøk?

- Enøk tiltak som kan gjennomførast heime hos meg sjølv.

- Nyttar me Enøk tiltak heime hjå meg?

 

 

 

Kva tydar eigentleg omgrepet Enøk (Energiøkonomisering)???

Energiøkonomisering eller enøk vil sei å nytta energien som er lagra i dei ulike energikjeldene på ein mest mogleg effektiv og lønsam måte. Enøk vil sei at me brukar energien på ein slik måte at man reduserer forbruket utan at me senkar kravet til komfort. Målet er ikkje fyrst å fremst å bruka så lite som mogleg av energien, men å bruka energien mest mogleg økonomisk. Enøk tydar å nytta energien meir effektivt ved å:

 

- sløsa mindre

- få meir ut av kilowattime

-bruka billigare og fornybare energikjelder.

 

I vårt land har me i alle år vore utskjemde med å nytta oss av billig og for så vidt naturvenleg energi, i form av vasskraft. Men det har med tida allikevel vore naudsynt å tenkje energisparing og her til lands. Alternative måtar å få ned straumforbruket på har vore skissert og difor og der i blant; ENØK. For å tenkje på kommande generasjonar må ein, dersom ein tek omsyn og ansvar, få inn dette omgrepet blant folk i landet vårt. Ikkje berre lærar dei kva ordet tydar og står for. Men at det og vært naturleg og allment å bruka dette så vel i privatforbruk som i offentleg forbruk.

 

 

Kva kan t.d. gjerast på det private plan?

 

Enøk tiltak som eg og min familie kan gjennomføra i heimen.

 

Sparedusj

Det er herleg og godt å dusja, helst med varmt vatn, lenge. Men det koster ein god del. Omkring 15-20% av det totale energiforbruket i familien vår går med til å varma vatn. Me bruker nesten like mykje straum på å få varmt vatn, som me brukar til lys og alt anna elektriske utstyr i huset vårt.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Lukkeleg er det mykje me kan spara me nokre heilt enkle tiltak. Det er særskilt til dusj og bad det går med mykje varmt vatn. For å redusera energiforbruket, medan du dusjar og badar, vil det å byte ut det eksisterande dusjhovudet med ein spare dusj vera det enklaste tiltaket. Vassforbruket under dusjing kan reduserast til det halve utan at du merkar stor forskjell i dusjkomfort. Ein eldre dusj kan bruka opptil 20 liter vatn i minuttet, medan ein sparedusj er nede i 6-10 liter per minutt. Ein sparedusj er ikkje noko dyr investering, den kostar mellom 100-150 kr.


Kor mykje kan eg og familien min tena på å montera ein sparedusj?

Det finnest ikkje eit enkelt svar på det, sparinga vil variera frå tilfelle til tilfelle.

Men etter litt utrekningar har eg kome fram til dette når det gjeld min familie og dusjing: Dusjar me 20 gonger i veka ca.10 min vil me spara 1000 kroner i året på sparedusj.

 

Inneklima

Inneklima har mykje å seie oss. Anten det er snakk om klimaet inne i huset vårt eller på arbeidsplass eller skule. Kven har ikkje merka at ein får hovudverk dersom ein ikkje er påpasseleg med å lufte godt ut og får sirkulasjon i innelufta? Særskilt er dette ofte eit problem på skular der det er mange personar samla på eit lite areal. Sørgjeleg er det at det ofte er ein hard kamp for skulane om å få pengar til å setja opp skikkeleg ventilasjonssystem for å gjera noko med dette problemet.

 

I dei seinare åra har det og kome gode idear og tiltak for å betre inneklima rundt om i heimane. Mange meiner at den dårlege innelufta ofte er det som gjer at mange menneske lir av ulike sjukdommar i luftvegane t.d. Antal born og unge som har store og alvorlege plagar med allergi og astma har stadig blitt høgare og nokre av ekspertane meinar at dette i høg grad skuldast det inneklimaet ein veks opp i. Å installera ei varmepumpe kan t.d. gjera noko med lufta inne.

 

Med ei varmepumpe blir lufta filtrert og reinsa gjennom avanserte filtre som gjer at inneklimaet blir mykje betre. På den måten kan det å installere ei varmepumpe vere med på å førebygge luftvegs sjukdommar.

Ei varmepumpe er og ein maskin som klarer å hente varme frå omgjevnadane. Den maktar å heve temperaturen og transportera varmen inn i huset, slik at me kan nyttig gjere oss varmen der. Den store fordelen med varmepumpa er at den kan flytta store mengder varme frå omgjevnadane inn i huset ved hjelp av veldig lite energi. Er du gira på å spara pengar og straum blir varmepumpa anbefala på det sterkaste. Som følgje av at straumprisane og har vore svært ustabile og høge dei siste vintrane, har salet av varmepumper skote rett til værs.

 

Kor mykje me vil spara er avhengig av straumprisen og forbruket vårt. Sannsynet for at straumforbruket til oppvarming blir halvert ved bruket av varmepumpa er stor. Pengene du vil spara kan dreia seg om fleire tusen kroner.

Etter å ha snakka med farmor, som har fått montert varmepumpe i heimen sin, har eg forstått at ho no har fått ein meir komfortabelt heim. Ho har no fått ein jamn og god inne temperatur, og ei mykje friskare luft.
 

Kor mykje kan familien min forvente seg og spare ved installasjon av varmepumpe?

 

Fem til åtte tusen kroner året er oppnåeleg for dei fleste. Strømforbruket og oppvarmingskostnadene er forskjellige frå husstand til husstand. For blokker med elektrisk oppvarming er det normalt at 60 -70 prosent av elektrisitetsforbruket går til oppvarming. Varmepumpa kan dekke 60-95 prosent av dette, alt avhengig av kor i landet du bor, planløysing, isolasjon og kvifor ei varmepumpe du veljer.

 

Vårt hus er på omlag 200 kvadratmeter med eit årleg strømforbruk på 28 000 kWh. Med ein bruk på 16800 kWh til oppvarming. Dersom varmepumpa dekkjar 70 prosent tilsvarar det 11700 kWh. Med ein elektrisitetspris på 70 øre/kWh blir det omlag 8232 kroner spart på eit år. Det er jo noko å tenkje på…..

 

Kva kan eg gjera for å huska å skru av lyset i eit rom eg har vore i??

 

Kor mange gonger har ikkje mamma sagt "Skru av lyset etter deg, Elisabeth"? Lite har tankane mine samla seg om kor mykje pengar ei lyspære på 60w som står på heile døgeret vil koste.

 

Lys er noko som krev straum. Her er sparepærer eit veldig godt å enkelt alternativ. Ei sparepæra varer frå 4 til 10 gonger så lenge som ei vanlege normalpære, og brukar ein femtedel av straumen for å gje like mykje lys.

 

I Noreg brukar ein gjennomsnitts hushaldning over dobbelt så mykje energi til lys som det dei gjer i vårt naboland Danmark. Eg veit ikkje kvifor, men i Noreg er vi visst så kry av at me har elektrisk lys at me svært gjerne vil vise det til alle heile tida. Difor står lyset til og med på i rom der det slett ikkje er folk i det heile tatt. Kanskje er det slik at mange, med meg, ikkje er lært opp til å slå av lyset, eller gløymer eller "gidd" ikkje slå av lyset når ein går ut av eit rom.

 

Sparepærer er noko me absolutt ville hatt nytte av i heimen min kor ingen er flinke til å skru av lyset. Me som har store utelys kunne ha montert fotoceller. Som gjer at pærene automatisk tennest når det skumrar og sloknar når det lysnar.

 

I store rom som t.d. stova, kjellaren, loftet kan me få installert ein Enøk- brytar som automatisk slukkar lyset når ein forlet rommet. Ei sparepære på 11 watt gir like mykje lys som ei pære på 60wattDet er likevel ingen grunn til at ei sparepære skal stå på døgnet rundt sjølv om den bruker lite energi. En 11 Watt sparepære som lyser døgnet rundt vil bruke straum for ca. 70,- kr i løpet av et år, mens en 60 Watt vanleg pære som lyser døgnet rundt bruker straum for ca. 370,- kr i løpet av et år.

 

Kva kostar sparepærer?

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

OSOlUX sparepærer senkjer straumforbruket ditt til lys opptil 80%. Varer i ca 8000 timar. Leveres i 7W som tilsvarer 25W vanleg pære, 9W som tilsvarer 40W og 11W som tilsvarer 60W. Kostar 40 kr. Sparepærer med integrert fotocelle, Steinel - Sparepæra har innebygget fotocelle som slår seg automatisk på når det blir mørkt og av når det blir lyst. I tillegg til at du sparer opptil 80% strøm, aukar du også tryggleiken og trivselen. 15W tilsvarande 75W i vanleg lyspære. Kostar 198 kr.

 

Kva Enøk tiltak har me heime hos meg??

 

Heime hos meg er enøk tiltak ikkje særskilt bra…….

I liket med dei aller fleste familiar rundt om er det ikkje vanleg å setje seg for godt inn i dette…

Men eg trur vel kanskje at min generasjon vil bli betre………tida vil nok vise.

 

Desse tiltaka har me i vårt hus:

- Sparepærer.

- Termostat på alle omnar i stova og kjøken

 

Konklusjon

Til slutt vil eg sei at det er mange måtar å drive med energisparing på. Det er ikkje så enormt vanskeleg som mange trur. Det er heilt enkle ting som kan gjerast. Dersom du vil ha full nytting av energien, med minst mogleg energitap, så er man nøgd til å begynne med dyrare investeringar. Men til sjuande og sist er det kanskje det som er lurast? Det tek nok lang tid å spara inn dei dyraste tiltaka, men til slutt vil ein tene på det.

 

Miljøet er klart noko som står i fokus når me snakkar om enøk, men det er fordi miljøet rundt oss er noko av det viktigaste som er. Naturen er noka me bare må ta vare på anten me vil eller ikkje! Difor er det betre å gjere noka med det no. Det ligg vel i korta at dersom me vil ha den same komforten som vi i dag kan tillate oss å ha, er ein nødt til å tenkje meir på desse tiltaka. Men eg har mest tru på at det vil slå skikkeleg om seg dersom det vært påbudt med div. sparetiltak. For at det på eit privat plan skal bli normalt, må offentlege institusjonar gå fyrst.

 

Kjelder

- Internett.

- Læreboka.

- Farmor.

- Brosjyre frå lyse.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish