Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
BeatlesSkriv ut Utskrift
Bokanalyse av Lars Saabye Lars Saabye Christensens bok 'Beatles'.
Bokmål - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter: Anonym



:Forfattaren

 

Lars Saabye Christensen er blant Noregs mest populære samtidsforfattarar, og vart født 21. september 1953. Dei fyrste åra av forfatterskapet hans vart finansiert gjennom Statens lånekasse for utdanning. Han debuterte i 1976 med diktsamlinga "Historien om Gly", og har sidan gjeve ut fleire samlingar; "Kamelen i mitt hjerte" (1978), "Jaktmarker" (1979), "Paraply" (1981) og "Åsteder" (1986). Lars Saabye Christensen fekk Tarjei Vesaas’ debutpris for "Historien om Gly".

 

Men det er som romanforfattar han er best kjend. Det gjeld bøker som "Amatøren" (1977), "Billettene" (1980), "Jokeren" (1981) og "Blodets bånd" (1985), alle bøker med eit spenningspreg. Romanane hans utspelar seg i Oslo sine ungdomsmiljø, og "helten" er som oftast ein nokså mislykka individualist.

 

"Beatles" (1984) er hans mest kjente bok, og gir ei bra skildring av gutar sin oppvekst i 1960-åra. Boka gjev eit godt innblikk i 1960-åras Oslo og i ein heil generasjon sine idealer. "Beatles" er blitt omsett til mange språk, og er seld i meir enn 100.000 eksemplar. Oppfølgjaren til "Beatles" heiter "Bly", men skal visst ikkje være på lang nær så bra som "Beatles." Boka "Herman" har også blitt filmatisert. Dette skjedde i 1988. Filmen fekk Kritikarprisen for 1988. Lars Saabye Christensen har også gjeve ut ei bok om grafitti og gjendikta rockesangaren Jim Morrison sine tekstar. Han har også skrive stykkjer for radio og fjernsyn.

 

Dei utmerkelsane som Saabye Christensen har fått, som ikkje er nemnt ovanfor er Riverton-prisen og Cappelen-prisen.

 

:Handlinga

 

"Beatles" handlar om fire gutar av årgangen 1951 som er ungdommar i Oslo frå våren 1965 til hausten 1972. Det heile byrjar med dei fire gutane sine morsomheiter med å stele bilmerke frå bilane rundt omkring i Oslo. Det vert grundig forklart at alt ein treng å gjere er berre å vri Mercedes-merket tre gongar rundt, og merket er ditt!

 

Gjennom desse sju åra av Oslogutane sine liv får vi oppleve mykje rart. Kim Karlsen som fér rundt med to damer (Nina og Cecilie), flippar fullstendig ut i fylla, og hamnar delvis på køyret. Det vert liksom aldri noko ut av livet til Kim. Gjennom desse sju åra, er det popgruppa "The Beatles" som held dei saman. Dei har nemleg planar om å starte eit eige band som skal heite "The Snafus." Men dette vert det ikkje noko av. Alle fire hadde rekna med at dei skulle få pengar til instrument i konfirmasjonsgåve, men det måtte dei sjå lenge etter. Sebastian hadde også kutta ut heile konfirmasjons-køyret tidleg i boka.

 

Kvar gong dei fekk ei ny "Beatles"-plate var alle samla for å høyre gjennom plata ein åtte til ti ganger i løpet av ein og same kveld. Og eg skal love deg at det vart diskusjonar og leven, når det gjekk rykte om at "Beatles" skulle oppløysast og at Paul McCartney var daud.

 

Ei anna kvinne i Kim Karlsens liv var Henny, venninna til onkelen hans, Hubert. Dette var ikkje eit forhold som med Cecilie og Nina, men ein særs god venn av Kim som også klarte å få Hubert til å tenkje klarare og løyse opp "knutane" i livet hans. Henny og Hubert flytta etterkvart til Paris, men dette gjekk ikkje lenge, då dei fant ut at dei ikkje passa i lag. Hubert flytta då for seg sjølv.

 

Då Sebastian flytta ut av huset sitt, etter at mora hadde fått ein ny type, gjekk det fullstendig rett på trynet for Sebastian. Han hamna på køyret, inntil han skulle møte faren i Paris. Faren venta og venta, men såg aldri noko til sonen sin, Sebastian, og måtte difor reise uten sonen sin. Ingen hadde ein tokke om kvar Sebastian oppheldt seg, og Kim, Ola og Gunnar jobba nesten ein heil sommar for å tene pengar til å kome til Paris. Dei leita på kryss og tvers over heile Paris, og skulle til å gje opp då dei tilfeldigvis traff på Sebastian som spelte munnspel for å tene pengar til dagens opphald.

 

Han hadde hamna skikkeleg på køyret. Det såg nesten ut som ein tatovering alle dei sprøytestikka han hadde på armen. Dei fekk drege han med heim etter eit rømmingsforsøk, og fekk han til å slutte med denne narkotikaen. Då dei alle var samla att, og hadde fått noko å gjere att, fekk Ola plutseleg brev frå Kirsten i Trondheim om at ho var fire månader på veg med sonen til Ola. Han hadde vorte far! Difor vart dei splitta att, og spreidd for alle vinder.

 

Etter mange dårlege forsøk på å få dagane til å gå, enda Kim Karlsen opp på Gaustad Sykehus etter eit mentalt samanbrot i Oslo sine gater.

 

:Overblikk

 

Kim Karlsen blomsterbudet, med tilnamn "Paul McCartney", "Karlsen på

 

Taket", "Karlsens lim" osv. er en rappkjefta fyr som ingen kan målbinde. Kim Karlsen er ein som har en finger med i det meste. Synsvinkelen ligg nemleg hos den munrappe Kim Karlsen. Han hamner til slutt på Gaustad Sykehus etter eit mentalt samanbrot uten at boka gir nokon særleg tilfredsstillande forklaring på det.

 

Kim er ein som aldri får bestemt seg for kva slags dame han skal satse på, for når den eine forsvinn av ein eller annen grunn, og det dukkar opp ei ny, kjem alltid den forrige plutseleg opp att, og øydelegg det meste. Dei to jentene som det står mellom er; Nina, som smakar eple og som alltid sit på fontenene i Gyldenløves gate, og Cecilie, med uforståeleg fjern bakgrunn frå Bygdøy og ein far som heiter Alexander den store.

 

Hovudproblema med desse to jentene, er at Nina flyttar til Danmark og seinare hamnar på køyret rundt omkring i Europa. Ho vert funnen i Afghanistan av faren som jobbar på ambassaden. Cecilie flyttar til Reykjavik for å studere.

 

:Personlege tankar

 

Boka »Beatles var ei lettlest bok, som eg likte særs godt. Det var mange morosame og ikkje fullt så lovlege handlingar, som gjorde at det var lettare å lese vidare i boka. Boka var på heile 538 sider (!). Eg syntest at det ikkje var noko keisamt i boka, fordi dei heile tida gjorde galne ting, som å drikke legesprit, å gå på festar, danse med skjelett, røyke hasj, og så vidare. Det var rett og slett ei bra bok.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish