Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Det var ein gong ein skuleSkriv ut Utskrift
Ein artikkel om det norske skulesystemet.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:



Det var ein gong ein skule som var så gild og god, og ingen annan skule kunne måle seg mot denne. Det var den norske skule. Men ein dag kom dei harde fakta. Ein OECD (Organization for Economic Cooperation and Development ) – undersøking, viste at blant deira medlemsland låg Noreg på botnen når det gjaldt disiplin. I lesing og skriving var vi berre middels. Den som var best var nabolandet vårt Finland. Men vi låg på toppen når det gjaldt å bevilga pengar til skulen pr. elev!!!!

Nå var skuledebatten i gong.

 

”Vi kan ikke ha ambisjoner om å vere middels. Dette er skuffende!” utalte utdanningsminister Kristin Clemet (H) seg. Ho samanliknar det dårlege resultatet med at norske utøvarar kjem heim frå vinter – OL utan medaljar. Berre at denne gongen kan me ikkje skylde på at finnane er dopa!

 

Har politikarane visst om korleis det sto til med undervisninga lenge? Har dei prøvd å dekke over dette ved å opne pengepungen? Og er det politikarane som har all skylda for at den norske skulen nå må dragast opp av gjørma?

 

Eg trur at politikarane og det stadig utviklande samfunnet må ta hovudansvaret for at den norske skule ikkje er så god som den ein gong var.

 

Lærar var før noko som berre dei flinkaste av dei flinke kunne verta. No kan kven som helst bli lærar, berre dei kjem inn på lærarskulen (det skal ikkje dei heilt store kompetansane til for å komma inn der) og fullfører utdanninga. Før i tida var læraryrket eit statusyrke. Det var lærarane som sat på fyrste benk i kyrka, lærarane hadde bil, og det var lærarane som var den mest kunnskapsrike personen i bygda. Det var lærarane og prestane som var noko på den tida. I desse dagar har ein lærar like mykje status som ein sjukepleiar (ikkje det at eg har noko imot sjukepleiarar altså). Noko av grunnen til at lærarane har fått mindre status er den låge lønna deira. Dei personane som har gode karakterar og som for nokre tiår sidan hadde valt å verta lærar, vel no andre yrker med høgare lønn. Ca. 50% av lærarane som driver undervisning i matematikk i grunnskolen, har null vekttal i matematikk! Nesten 9000 lærarar i ungdomsskulen manglar fordjuping i dei faga dei undervisar i! Detta er ikkje oppsiktsvekkjande, dette er skremmande.

 

Det spørsmålet mange stiller seg er: Kvifor er norske elevar mindre flinke på skulen no enn det dei var for eit par tiår tilbake, og kvifor er dei mindre flinke på skulen enn elevar i andre land er? Etter min meining er reform 97 ein skivebom. Når ein går på skule så går ein på skule, og ikkje i halvt skule, halvt barnehage. Dagens førsteklasse tok eg på ei veke, nemleg førskuleveka. Dessutan så burde dei ikkje lagt til eit ekstra skuleår, for ein lærer mindre når ein er skulelei, så ein lærer nødvendigvis ikkje meir sjølv om vi legg på eit år!

Eit utviklande samfunn kan vera noko av grunnen. Man lærer bare det man føler noko for. Og kva er det eigentleg barn/ungdommar i dagens samfunn føler noko for? Data! Kvifor har ein ikkje meir data i skulen i dag? Framtida er jo data! Elevane hadde hatt mykje meir utbytte av å ha eit par timar med data i veka, enn å læra korleis ein konstruerer trekantar eller kva kongen av Namibia heite for 200 år sidan! Feilen ved den norske skule er att den ser seg for mykje tilbake, for den er redd for kva han kjem til å sjå om han ser fram over. Det held ikkje med data som tilvalsfag. Alle frå førsteklasse til tiendeklasse, burde ha data minst ein gong i veka. Når elevane er interessert i data, så lærer dei og mykje meir enn det dei hadde gjort om dei hadde om eit emne i for eksempel samfunnsfag, som dei var heilt uinteresserte i. Det var ein reportasje på TV for ei stund tilbake, der eit firma i Oslo hadde fleire tusen Pc-ar av ganske god standar, på lager som dei skulle selje for 1500kr. pr. stk. til skular over heile landet. Nesten ingen skular hadde meldt si interesse. Dette er eit typisk eksempel på at norske skular er redde for framtida. Og dei kan ikkje skylde på økonomien når dei kan få datamaskiner til 1500kr.! Men nokon skular har tatt utviklinga på alvor, det er til dømes ein skule som har eit prøveprosjekt med att dei lærer elevane å skrive på datamaskiner før dei lærer å skrive handskrift. Dette må da vere heilt topp! For det første er det ein fin måte å lære bokstavar på, det tar ikkje så lang tid å lære å trykke på den rette knappen som å gjere den rette ”handrørsla”. Dessutan er det ein fin måte å lære rettskriving. Du får jo beskjed når du skriv feil!

 

 

Elevar har mindre respekt for lærarane no enn før, for som eg har vore inne på før har ikkje lærarane den statusen, både blant elevar og i samfunnet elles, i dag som dei hadde for nokre tiår tilbake. Dette fører igjen til mindre disiplin og mindre arbeidsro, noko som ser klart i OECD-undersøking der Noreg ligg på botn når det gjeld disiplin. Det var meir disiplin heime og om ein ser nokre tiår tilbake. Det er det lite av i dag. Dermed lærer man ikkje heime frå korleis ein skal oppføre seg mot vaksne. Dette fører og til mindre disiplin.

Det har jo alltid vore slik at dei forskjellige generasjonane har lært ulike ting, så vi kan nesten ikkje samanlikna no med før. For eksempel: Besteforeldra mine lærde aldri eit ord engelsk når dei gjekk på skule. I dag er dei fleste som går i ungdomsskulen så flinke i engelsk at dei fint kunne klard seg åleine eit heilt år i England! Og hovudrekning var jo noko som sto på dagsorden i 1960, no klikkar vi alt inn på kalkulator. Det er jo unødvendig å bruka mykje tid på noko som kan vera gjort på eit par sekund. Dessutan, så er det ingen som kjem til å bruke hovudrekning når dei vert eldre likevel. Det tør eg nesten seia med handa på hjarta.

Litt av svaret på kvifor norske elevar er mindre flinke på skulen enn det elevar i andre land er, ligg kanskje i at Noreg er eit av dei landa som har kome lengst i utviklinga i verda. Det fører igjen til det eg har påpeikt ovanfor, fordi det er kanskje sånn i andre land at born har ei heilt anna holdning til dei vaksne enn det born i Noreg har.

 

 

Bør vi ta vekk karakterane i ungdomsskulen kanskje? Eller bør vi gje karakterar heilt ned i mellomskuletinnet? Det er jo slik med karakterar at om ein får gode karakterar så blir ein ofte dradd oppover, og om ein får dårlege karakterar så vert ein ofte dradd nedover. Dette fører til at forskjellen mellom dei som er flinke og dei som ikkje er flinke aukar. Men på ei anna side, så er det greitt å vite ”kvar ein står” i eit fag. Og då får ein og eit motiv for å følje med i timane. Så eg synest det er greitt nok å ha karaktersystemet slik det er.

 

Kva skal ein gjere med dei som bråker og lager dårleg arbeidsro i ein klasse? Skal vi plukke ut ”urokråkene” og setta dei i ein klasse for seg sjølv, eller i andre klassar? Eg meiner at vi ikkje bør gjere det. Dei som vert plukka ut kan føle seg mindreverdige, og då får ein dei i alle fall ikkje til å skjerpa seg!

 

Ein skule har ei ordning der dei hadde eit gult og eit raudt kort liggjandes framme på tavla. Bråker nokon, kommer det gule kortet fram. Hjelper ikkje påminninga, vert det rødt kort og kryss. Vert det over 22 kryss på ein klasse, får ikkje klassen sjå film. Får ein elev meir enn fire kryss, får ikkje han/ho sjå filmen (kanskje ein skulle lagd ”dommarkurs” inn i pensum på lærarskulen?) Dette, eller noko liknande, hadde vore ein fin ordning som kanskje alle skular i landet kunne ha brukt som mal. I alle fall i barneskulen der dei ikkje har oppførselskarakterar.

 

Nei det er ikkje enkelt å sjå konkrete løysingar i dagens skuledebatt. Den beste løysingen trur eg vi finn hos nabolandet vårt Finland. Dei scora jo ”toppkarakter” i OECD-undersøkinga. Noreg burde sende nokre ekspertar over grensa for å prøve å forme det norske skulesystemet etter det finske.

 

”Det er typisk norsk å være god!” utalte Gro Harlem Brundtland seg under vinterlekene i Lillehammer i 1994, det gjaldt tydelegvis ikkje den norske skule!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish