Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Alltid fleire dagarSkriv ut Utskrift
'Alltid fleire dagar' av Ragnar Hovland
Bokmål - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:


Boka handlar om gutane Bell, Silver, Miki og hovudpersonen sjølv som viser seg igjen i "eg"- personen i handlinga. Vi får vere vitne til mykje god humor og mykje sprell frå gutane heilt frå barndomen til dei er blitt vaksne gutar. Dei har ein ting til felles og det er at dei likar jenter, øl og brennevin ganske så godt.

 

Etter at dei er ferdige med å gå på gymnaset, reiser dei til kvar sin stad og vi følgjer hovudpersonen "eg" vidare i forteljinga. Han treffer kameratane sine att fleire gonger og då han bur i Bergen treff han Miki ganske ofte. Silver døyr som følgje av ei motorsykkelulykke og då er han ute or historia, men "eg" snakkar og tenkjer ganske mykje på han i ettertid.

 

Sentralt står den sjuke jenta og også Lilly som kan nesten alt. Til slutt blir den sjuke jenta frisk og "eg" treff ho igjen på slutten av forteljinga. Også katten blir mykje omtalt og blir framstilt nesten som eit menneske. Også hendingar frå heimbygda blir mykje omtalt, slik som konfliktar mellom Abelsen og resten av folket. EF kampen gjenspeilar seg og, der dei fleste er NEI forkjemparar.

 

Kva tykkjer eg om boka? Eg tykkjer at boka var ei forholdsvis kjekk og morosam bok, lett å lesa. Det blei kanskje litt for mykje av det gode, og litt mykje overdriving, men det var kanskje det som skulle til for å få boka morosam.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish