Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ein typisk morgonSkriv ut Utskrift

Ein typisk morgon i mitt liv, kanskje litt personleg men men...

Karakter: 5+

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Dugvått gras men også nyfallen snø, sol i augo men også vatn i håret, trøytte men også glade augo, nydekka frukostbord men også knekkebrød i handa, uoppreidd seng men også våt sovepose, slappe musklar men også energi og ein stor, herleg, mjuk lenestol å sovna inn i…på nytt…det er ein draumemorgon. Å berre vakna opp å sjå at alt kryr og lever rundt deg, være litt slapp men likevel vaken, for så å sovne igjen i den herlegaste lenestolen som finnest. Uheldigvis har ikkje eg ein sånn morgon, aldri…den einaste gongen det er dugvått gras er om sommaren og når det er nyfallen snø, så kallar me tida vinter…

 

Å nei du, mine morgonar er dei same om og om igjen…

”Vegard, *dunk dunk dunk* nå må du stå opp”

”JA, slutt å mas”

”No har sporten byrja på radioen, bussen er her om 20 minutter”

”JA, trur du ikkje eg veit det”

Også mumlar eg noko om at dei (foreldra mine altså) er så dumme, og at eg har full kontroll og at bussen alltid er seinare enn meg. Noko den selvfølgeleg alltid er også. Eg kler på meg veldig raskt, det er iskaldt på rommet mitt, både vinter og sommar. Eg bur i kjellaren ser du.

 

Etter at eg har skifta sokkar, noko eg og må gjera kvar morgon, sidan eg må sove med sokkar på (det er fordi det er så kaldt på rommet og dyna mi er ikkje lang nok til å dekkje heile meg frå tærne til skuldrane) så går eg opp på badet. Der ser eg trøtt inn i spegelen, lagar eit falskt smil og prøver å sjå vaken ut. Tek å vaskar hendene mine og dreg dei igjennom håret i plassen for å tørke dei på ein handduk (okay, eg veit det høyrest ekkelt/rart ut, men då får eg litt vete håret, det er ikkje ofte eg får tid til å dusje), så tek eg å vaskar meg og går dermed ut på kjøkkenet. Der sit som oftast ein av foreldra mine, dei høyrer på (eller har den i alle fall på) radioen. Seier med nød eit trøytt god morgon og ser fortsatt ut av vindauget. Eg et skiver og smører meg niste raskare enn eg gjer om kvelden, og pakkar sekken. Dermed er tida brukt opp og eg stormar ut av døra(skrikar eit ”Hade”) på jakt etter bussen. Eller, eg rekk den som oftast, men av og til er det berre så vidt.

 

Nokon gonger har eg god tid, då står me å snakkar. Me er altså meg og dei andre som bur på indre Tjørhom og skal ta bussen til skulen. Me snakkar om alt mogleg. Men ofte går praten om skule og andre ting som interesserer oss (skule interesserer jo oss fordi me MÅ gå på skule, men det er ikkje akkurat favoritt interessa). Me snakkar og ofte om idrett, og då spesielt skiskyting og fotball. Og av og til kan det vera me fell innom temaet ”Elvis” noko som interesserer meg midt bak. Men når andre likar å snakke om det så får eg heller teie stilt for ei gong skyld.

Og når eg ikkje seier noko så spør dei meg alltid

”Er du sjuk Vegard, eller bare trøytt?”.

Som om det ikkje finnest nokon andre alternativ. Nei du, eg er berre lei av å høyre om Elvis. Men eg seier aldri det, eg seier ofte, ”Eg nei, eg er aldri sjuk eg, trøytt derimot…”.

 

Når me har stått ei stund å venta på bussen så kjem den som oftast, eg har fått jobben med å halde utsikt etter bussen om vinteren. For då står me nemleg inne på toalettet som er ved busshaldeplassen. Der er det varmekablar og do, men den er det ingen som brukar, og me har også ly for regn og vind. Og så kan me sjå kor tid bussen kjem, viss ein er høg nok vel og merke (vindauga står så høgt oppe sidan ingen skal sjå inn frå utsida). Så difor har eg fått den jobben. Av og til, når eg føler meg ”vaken” nok så kan det være eg slår ein spøk og seier ”No kjem bussen” Då spring samtlege ut (utanom meg sjølvsagt) og stillar seg i kø (me kan nemleg sjå om bussen kjem lenge før han kjem fordi det er ei lang slette framfor busshaldeplassen) akkurat der bussen stoppar med dørene kvar gong. Eg derimot følgjer dei halvvegs ut, men sørger alltid for å væra sist, og når alle er ute snik eg meg inn igjen og låser den ytterste døra rett framfor nasa på dei andre. Så må dei stå å frysa heilt til eg får dårleg samvit og slepp dei inn igjen. Og då skal dei ”banke meg” noko som aldri skjer.

 

Når så bussen endeleg kjem for alvor stillar alle seg i kø, me står ofte i to køar, ein til framdøra og ein til bakdøra. Eg stillar meg som oftast til framdøra for då får eg helsa på den alltid smilande, og ikkje minst, vakne bussjåføren, Øystein. Av og til kan det væra at me har ein annan sjåfør, då får ein berre eit grynt tilbake viss ein seier god morgon. Men Øystein er alltid glad og blid.


No i det siste har eg byrja med å sykle til skulen, det er eit mareritt, spesielt når eg skal opp Ukvilldalen (eg skriv det sånn, eg veit at byfolka skriv det annleis men dei skriv nå Tjørholm istadenfor Tjørhom, så det visar deira intelligens om sirdalske stadnamn), det må væra den verste bakken som finnest, det følest i alle fall slik om morgonen. Når eg har kome meg på toppen av den bakken så er det berre barnemat resten. Eller babygrøt viss det var eit betre uttrykk (det synest eg). Når eg syklar så kjem eg alltid på skulen ein halvtime før den byrjar, men eg er mykje meir opplagt, og det er rart å høyre skulen når den er heilt stille og det ikkje er teikn til liv i korridorane.

 

Når det er ferie så består morgonane mine av soving og frukost. Då er klokka tolv og dagen har gått over til det me kallar føremiddag. Det er herleg å sove synest eg. Men eg har ofte problemer med å få sove. Det kan ta ein og ein halv time før eg får sove om kvelden. Difor er eg ofte veldig trøytt morgonen etterpå.

 

Dugvått gras men også nyfallen snø, sol i augo men også vatn i håret, trøytte men også glade augo, nydekka frukostbord men også knekkebrød i handa, uoppreidd seng men også våt sovepose, slappe musklar men også energi og ein stor, herleg, mjuk lenestol å sovna inn i…på nytt…det er ein draumemorgon. Å berre vakna opp å sjå at alt kryr og lever rundt deg, være litt slapp men likevel vaken, for så å sovne igjen i den herlegaste lenestolen som finnest.

 

Uheldigvis har eg aldri ein slik morgon…

Men kanskje morgonen min er grei sånn som den er…ja, eg trur eg likar den faktisk, i alle fall litt…




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish