Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Elskede Poona" (K. Fossum)

"Elskede Poona" (K. Fossum)

Bokrapport - "Elskede Poona" av Karin Fossum. Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Bokmål
Lastet opp
18.05.2004

Kriminalromanen ”Elskede Poona” er skrive av Karin Fossum. Den blei utgitt på Cappelen i 2000. Boka er den femte i serien med Politikonstabel Sejer som hovudperson. Han er enkemann og bur saman med hunden Kollberg. Han har lang erfaring i politiet, og ein spesiell teft for korleis å løyse saker. Hans evige følgjesvenn er den unge konstabelen Jacob Skarre.

 

I starten av ”Elskede Poona” blir vi kjent med den middelaldrande ungkaren Gunder Jomann som lever eit roleg og tilbaketrukket liv som Jordbruksmaskin seljar i den lille bygda Elvestad. Han overraskar alle da han drar på ein fjorten dagars ferie til Indias hovudstad Mumbai. Endå meir overraska blir dei da han kjem heim og fortel at han der nede har gifta seg med ei indisk dame- Poona Bai. Men han kjem aleine heim. Poona skal fyrst komme til Noreg om to ukar. Men dagen da Poona skal komme blir heilt annleis enn det Gunder hadde tenkt seg. Hans einaste slektning, søster hans Marie, blir alvorleg skadd og landar på sykehus i koma. Derfor rekker ikkje Gunder å dra på Flyplassen og hente kona si slik som det var blitt avtalt. Jomann sender nokon for å hente Poona, men ho er som sunket i jorda. Dagen etter blir eit lik av ei utanlandsk kvinne funne på ein åker i Elvestad. Liket er mishandla på det grovaste; heile ansiktet er slått saman til det ugjenkjennelege. Det ser ut til å bli enda ei utfordrande sak for Konrad Sejer og hans assistent Jacob Skarre.

 

Etterforskningen er vanskeleg i det lille bygde samfunnet der alle kjennar alle, og ingen heilt vil tro at ein av dei har gjort noko så grusomt som å begå eit mord. Men etter kvart kjem delane frem og Sejer sit igjen med tre hovudmistenkte. Er det den frustrerte småbarnsfaren og drosjesjåføren Anders Kolding, som påstår han satte ho av ved Einars kro etter å ha kjørt ho frå Gardermoen? Er det Gøran, muskelbunt og treningsnarkoman med eit hemmeleg forhold til den 45 år gamle nabokona? Eller er det rett og slett bygdas pub vert Einar Sunde, som blei sett i det han dumpet Poonas koffert i ein dam? Ein etter ein sjekkar Sejer dei ut av saken og tilslutt peikar alt mot at Gøran er den skyldige. Men han nektar straffeskuld og insisterer på at han er uskuldig. Fyrst ved hjelp av si eiga metode, med følsomhet, innsikt og forståelse, får Politikonstabel Sejer han til og fortelje og sidan tilstå den grusomme handlinga. Atter igjen inntrer ro og fred i Elvestad, men ting kjem nok aldri til å bli som før igjen i det lille bygdesamfunnet. Forfattaren prøvar gjennom heile boka å fortelje oss kor nært knyttet menneska i ei lita bygd er til kvarandre og kor vanskeleg det kan være for deg å oppdage at ein dei har kjent heile livet er ein mordar.

 

”Elskede Poona” er ein velskrevet bok, med enkelt språk utan for mange detaljar, varierande fortellervinkel og logiske handlingar. Hovudpersonane er godt karakterisert og har ein menneskelig heit ved dei som gjør at man lett kjennar seg igjen. Ein ting eg likte spesielt godt ved boka er korleis den beskriv kjærleiksforholdet mellom Gunder Jomann og Poona Bai. Så etter mi meining er boka både ein spennande kriminalroman og ein tragisk og vakker kjærleikshistorie. Men boka til Karin Fossum har også nokon mindre bra sider. Blant anna var det mange ”løyse ender”, som ikkje blei oppklart på slutten. For eksempel korleis det går med Gunders søster. Vaknar ho nokon gang opp av koma? Ein uviktig ting for sjølve handlinga, men noko eg gjerne skulle visst. Eg måtte begynne å bla bakover i boka for å sjå om eg hadde oversett svaret, men det hadde eg ikkje. Eg synes det er veldig irriterande når du får følinga av at forfattaren har ”gløymt” å oppklare ting. Men alt i alt var dette ein middels spennande kriminalroman, som er fin å ha som sengelektyre.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil