Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kvinna - Det svake kjønn?

Kvinna - Det svake kjønn?

Handler om kvinnenes fordeler i forhold til menns.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.05.2004

Menn av i dag skal være tøffe og barske og stolte av å være nettopp det dei er, nemlig menn. Sant? Nei! Sanninga er den, at vi menn eigentleg av og til leiker oss med tanken om å være kvinne.

 

Dersom eg hadde vore jente, og ein eller annan gong hadde punktert, så kunne eg berre stilt meg i vegkanten med framheva bryster og eit fint Colgate-smil, og vips, så hadde det blitt kjedekollisjon på motorvegen, og ein hær av siklande menn hadde hoppa ut av den rykande vrakhaugen sin for å hjelpe meg. Dette hadde dei gjort utan å forvente noko igjen, dei hadde berre håpa på det.

 

Ei uskriven lov er at gutar aldri grin og ikkje under nokon omstendighetar visar følelsar. Som jente derimot hadde eg kunne gitt klemmar og grene så mykje eg ville, utan at eg skulle bli sett på som homofil eller som ein såkalla ”mjuk mann” for det. Tvert i mot kunne eg ha brukt det for å gjere kvardagen enklare. Når kvinner begynner å grine, så er det mannen si oppgåve å bli ”slave” og gjere alt han kan for at ho skal slutte. Dette er veldig hendig dersom eg ein eller annan dag skulle bli lei av husoppgåver, som støvsuging og middagslaging. Då hadde det berre vore å snufse litt og vifte det vekk med at eg var overarbeida, og eg hadde kunne sett på mannen min, med ein støvsugar i den eine handa, ein oppvaskkost i den andre og med eit rosa forkle tvinna rundt livet, i ein månad framover frå sofaen.

 

Hadde eg vore kvinne, så kunne eg skjelt ut mannen min heilt utan og grunn og berre skulda det på at eg var premenstruell seinare. Eg kunne gått heilt berserk med kredittkorta hans, og kjøpt og kjøpt til huset var fylt opp til randen med totalt unyttige ting. Deretter hadde vi så klart måtta bygd på huset, så vi kunne få plass til meir ved neste sal på ”Steen og Strøm.” Dersom eg hadde lyst på ungar måtte min betre halvdel berre finne seg i å være avlshingst, eller så hadde eg truga med skilsmisse og beskuldningar om konemishandling.

 

Som kvinne hadde livet mitt sikkert vore omtrent bekymringsfritt. Livet til ei moderne kvinne dreier seg jo berre om cellulittar og nyaste nummer av ”KK.” Det største problemet kvar dag hadde eigentleg vore kva eg skulle ha på meg. Svart eller rødt? Langt eller kort? Vanlege eller høghæla sko? Så hadde eg kome fram til at eg ikkje hadde noko fint å ha på meg i det heile tatt og nekta å gått ut. Skulle eg likevel finne det for godt å gå på for eksempel kino, så hadde eg tatt på meg det kortaste skjørtet eg hadde og inga strømpebukse under. På den måten kunne eg berre ha marsjert forbi køen av stirrande, frådande mannfolk utan så mykje som ei klage. Dersom eg hadde vore på ein restaurant og ete til eg nesten stupte, så ville eg likevel ikkje lagt på meg noko for det. Nei då, alle turane fram og tilbake til toalettet, for å sminke meg, hadde fjerna dei overflødige kiloa.

 

Om eg ein eller annan gong hadde vore på dans, så hadde det berre vore å sette seg ned i næraste stol og vente på å bli bydd opp. For det er jo et kjent faktum at det er mannen som skal by opp. Det hadde vore mannen som skulle sitte og sveitte i eit kvarter før han endeleg tok motet til seg og bydde meg opp. Det hadde vore mannen sitt nederlag når ein annan kom han i forkjøpet. Det hadde vore mannen som måtte sette seg ned og begynne heile prosessen frå byrjinga av. Dette hadde ikkje vore mitt problem, eg hadde jo vore kvinne.

 

Hadde eg vore dame, og reist med ”Titanic” då den hadde sin kjente jomfrutur rett inn i isfjellet i 1912, så hadde eg antagelegvis vore av dei første som kom meg i ein redningsbåt. Der, som så mange andre plassar, var det regelen ”kvinner og barn først” som gjaldt. Det er jo klart at menna skal ofre seg for kvinnene. Dette er nok ein av dei uskrevne lovane oss menneske i mellom.

 

Eg er ikkje heilt sikker på om tittelen kvinna har fått, nemlig som ”det svake kjønn”, stemmer heilt. Når eg tenkjer meg om, så er det vel ingen i samfunnet som har så mykje makt som kvinna. Kvinna si makt over mannen er som katten sin leik med musa. Derfor er det vel naturleg for ein stakkar mann å håpe på at han har gjort alt riktig i dette livet, så han kan sleppe billig unna og bli født som kvinne i det neste.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil