Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ei Sann HistorieSkriv ut Utskrift

Ei hengivande spennande og utruleg sann historie.

Karakter: 6

Nynorsk - KåseriForfatter:



Mine damer og herrer! Leidis end djentelmen! Velkommen skal dykk alle vera! Det er ingenting som er så hyggelig som når slik ein stor sum av befolkninga vel å ta turen berre for å høyre på meg. Men det er ikkje kva som helst de skal få høyra no. Ikkje ei typisk lang og keisam tale frå mi side, eller eit lite morosamt utsegn i forsøk på å bli slått tilbake med støyande, ukontrollerbar latter. Det dykk ska få høyra, er noko spesielt, noko utruleg, noko absurd og kanskje litt uforklarleg. Det dykk skal få høyra, er ikkje vanleg, men heller ikkje uvanleg, ikkje nytt, men heller ikkje gammalt. I dag skal dykk, og ingen andre, få del i ei sann historie. Ei sann historie tatt ut frå ingen andre sitt liv enn mitt eige. Og dette er ei historie som står meg veldig nær. Ho er både morosam og trist, skummel og triveleg, lærerik og usedvanleg godt sett til ord! Alt på ei og same tid. Men mest av alt er ho utruleg spennande og det er ikkje i det heile tatt vanskeleg å kjenna seg att i ho. Vi kan faktisk godt seie at det er ei historie der alle deltek. Og bli ikkje overraska om dykk, utover rimeleg tvil, finn ut at nett denne sanne historia er noko av det beste de har høyrt.

 

For det er eit eller anna med slike sanne historier som gjer det så utruleg givande å høyra på. Eit eller anna som gjer at sanne historier skil seg ut frå alt anna. Men kva? Kva er det som gjer at enkelte historie lettare finn vegen til oss berre fordi dei er sanne? Kva er det som gjer at spesielle hendingar tatt ut av spesielle personars liv, som vert sett på papir, fortare og betre får positiv kritikk og omtale i store aviser som gjer terningkast høge som høgspentleidningar berre fordi forfattaren kallar historia sann? Det skal jo eigentleg ikkje gå an å skriva om valdtekter i kyrkja, eller barndoms liv på bondegardar med foreldre som utan grunn slo kvar gang postmannen passerte naboens inngjerda hønsehus, og tross feil bøying av ord som ”konstant” og ”plage” likevel bli æra av forfattarar frå inn og utland. Det er som om kvar gong historia er henta frå ekte menneskeliv står vår gode svenske ven, Alfred, på døra med ein litteraturpris i handa. Og slik er det faktisk. Men misforstå meg ikkje. Det er ikkje noko gale med det. Folk likar vel kanskje å komme med hendrykte replikkar som ”er det verkeleg sant?” og ”plagast du av det ennå?”. Det høyrer vel kanskje med i vårt litle norske samfunn. Typisk? Norsk?

 

Det er ikkje berre berre å fortelje sanne historier. ”Berre sei det som det er,” og ”fortel det akkurat som det gjekk føre seg,” høyrer eg ofte. Men det er slett ikkje nok. Trur de verkeleg at ein liten is- klump var grunnen til at det såkalla skipet ”Titanic” ei kald natt så stille sank? Eller at eit lite samfunn plutselig kunne oppstå fordi ein gjeng med giddelause sjømenn fant ut at dei ikkje ville heim til England likevel? Kunsten med å fortelje eller skrive sanne historier er nemleg det å legge tjukt på. Ikkje lyg, men pynt litt på det som allereie finst. Finn ein balanse mellom sant og ”sant” men med ein liten smule salt i suppa. Og det er slett ikkje å lyge! Til dømes: Det kom ikkje ein 1.60 høg daglegdags mann iført ein Dolly Dimples caps og ”Den norske camping foreining” joggegenser springandes mot deg. Nei! Det dukka opp ein stor, mørk, skjeggete mann med finlandshette, militærdrakt og ein kropp utstoppa med anabole steroider!

Verre er det ikkje.

 

Andre viktige faktorar er til dømes det å fortelje historia som om det, tross alle psykiske og fysiske smerter, har vert ei lærerik oppleving. ”Det var forferdeleg og horribelt å falle ned frå eit så høgt fjell og så knekke fire ribbebein og begge beina…. men eg føler at eg har lært meg å behandla kyrne mine på ein meir kjærleg og omsorgsfull måte. Til dømes…

 

Du trur kanskje at om du har ein hendrivande historie å fortelje, og du framførar ho på ein enkel og liketil måte, er du garantert popularitet blant kjente og ukjente, men pass på! Det er ein masse feller å gå i. Sidan sanne historier er tatt ut frå ditt eige liv, er det utruleg lett å snakka om andre hendingar som eigentleg ikkje vedrører saka. Du skal kanskje fortelje om ei hending frå heimbygda di, men endar opp med å snakke om kostnader for transport bort og tilbake. Og typisk for forfattarar av sanne historie er at når dei endeleg har fått mogelegheita til å fortelje ho, snakkar dei seg heilt vekk og gløymer ho ut...




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish