Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Frost

Frost

Om å gå frå å vere barn til å bli ungdom, og litt om kjærleik.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
31.05.2004
Tema
Oppvekst


Nysnøen knirkar under skosolane mine. Den kalde, kvite massen blir pressa saman i fine mønster der eg trør. Minusgradane glefsar etter kinna og kryp inn under kleda mine. Eg hutrar. Himmelen er kald og svart over meg. Eg kan skimte ei og anna stjerne der oppe mellom skyene. Det grelle, gule lyset frå lyktestolpane skin ned på vegen, på dei tjukke trea med dei kviskrande greinene, på meg. Eg går med bøygd nakke og tenkjer. Tenkjer på alle tinga eg skyv frå meg til vanleg. Ein augeblink ser eg opp. Der framme skimtar eg nokon, eit svart omrisse. Eit menneske. Ein lang, svart jakke. Langt hår? Eg trur det. Ikkje noko huve. Det minnar meg om nokon. Nokon eg tenkte mykje på ei stund. Tenkjer eg mykje på ho enno?

 

Vi var så små, den gongen. Den gongen for lenge sia. Vi leika, og utan at eg visste det da, skjønte eg kva kjærleik var. Vi leika, slik ungar gjer. Og vi elska kvarandre, slik berre ungar kan gjere før dei veit kva det vil seie å elske nokon. Det er mørkare her. Ein av lyktestolpane er slokke. Når forandra det seg? Då vi var for gamle til å leike, men for unge til å elske? Då foreldra våre ikkje lenger skjønte kjærleiken vår. Då vi ikkje lenger fikk lov å overnatte hos kvarandre, fordi dei ikkje likte at vi låg i same seng. Då dei ikkje ville la oss dusje i lag etter å ha spilt fotball ute som sumaren. Då dei rynka på dei lange nasane sine då vi spurte om å få fare på telttur i lag. Dei skjønte det nok, men eg trur ikkje vi gjorde det. For oss var det ikkje rart, ikkje flaut, ikkje unormalt. Men dei heldt fram å rynke på nasane og legge armane i kors. Sakte men sikkert byrja dei å riste på hovudet. Ikkje normalt, sa dei. Ikkje normalt. Orda vaks seg store som fjell. Ikkje normalt. Kva er ikkje normalt? Orda svulma opp til store feite trykkbokstavar. Ikkje normalt. Dei dukka opp overalt, i rosa, rødt og oransje. Store, feite og skrikande sate dei spørsmålsteikn ved alt eg elska. Alt det fine, vare, og skjøre eg hadde. Alt vi hadde. Ikkje normalt, sa dei.


 

Eg hutrar. Senkar hovudet samstundes som eg løftar blikket.

Stikk hendene i lommene på jakka. Ho kjem mot meg. Nærmar seg. Eg er redd. Redd for at det kan vere ho, redd for kva eg vil gjere. Vil ho stoppe? Vil ho prate med meg? Vil ho i det heile tatt kjenne meg igjen? Det er tross alt gått ei stund sia sist. Alle tankane svirrar rundt som veps i hovudet mitt. Stundom stikk dei.

 

Ein gong kyssa vi. Vi var ute, det var varmt i veret, og vi låg i berre badedraktene på svaberget. Ho smakte salt sjø og sumar. Varmt og vått. Kanskje var det da leiken blei kjærleik? Eller er kjærleik og leik det same? Eg veit ikkje. Når eg tenkjer på det i ettertid ser eg ikkje nokon forskjell. Det var eg som kyssa ho. Eg bøygde meg over ho og la leppene mine inntil hennar. Først virka ho forskrekka, så smilte ho. Ho tulla det ikkje vekk, ho smilte. Frå leik til alvor. Eller kjærleik. For foreldra våre var det alvor.

 

Det er mørkt her. Fleire av lyktestolpane er øydelagde. Utan det grelle, gule lyset stikkande i auga mine ser eg ho betre. Det er ho. Eg trur ikkje ho ser meg. Eg går sakte, vil dra det ut, utsette det. Veit ikkje om eg vil møte ho. Om eg tør. Det er så mange tankar eg aldri kan forme til ord. Snøen knirkar høgare og høgare, hjarteslaga slår i øyra mine og hendene mine skjelv.

 

Etter kvart måtte vi treffast i skjul. Foreldra våre ville ikkje vite av det vi dreiv med. Eg kunne ikkje snakke om ho heime på same måte lenger. Det var så mange nye kjensler som låg bak kvar gong eg nemnde namnet hennar. Dei skjønte det nok. Det er ikkje normalt, skreik dei ein gong eg kom heim etter å ha vore ute med ho heile dagen. Med kroppen full av varme, glødande, boblande kjensler slo dei meg verbalt til marka. Ikkje normalt. Eg er ikkje normal. Det er ikkje normalt. Eg starta tru på dei. Tru på at det berre er ein måte å vere normal på. At det berre er det normale som er bra. At ved å vere normal blir alt bra. Eg møtte ho ikkje så mykje etter det.

 

No høyrer eg skritta hennar, saman med mine eigne. Eg ser spora hennar i nysnøen frå motsatt retning, men mot meg. Ein veg, to menneske, spor, samanklemd snø i mønster, på veg mot kvarandre. Frostrøyken som kjem ut av munnen min gjer at eg ser ho i ein dis. Gråkvit tåke føre auga mine. Eg held pusten og ser ho klårt. Ei slank jente med svart jakke, langt lysebrunt hår, nøttebrune auge som eg enno ikkje er nærme nok til å sjå tydeleg. Eit varmt smil gøymt bak ei alvorleg mine. Eg skjelv. Eg ristar. Eg har mista kontrollen over føtene mine. Dei går av seg sjølv no, rett mot ho. Stemmebanda mine gjer seg klare til å seie noko, eg kjenner alt vibrasjon.

 

Trea kviskrar, minusgradane bit, stjernene på vinterhimmelen stirar avventande på oss. To menneske på kollisjonskurs. Lyset frå lyktestolpen der vi stoppar gjer oss gule og glødande. Orda til foreldra mine, ikkje normalt, blir pressa saman i fine mønster i snøen bak meg. Hei, seier ho og smiler.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil