Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Bokreferat frå boka ”Smuglere”Skriv ut Utskrift
Et kort bokreferat på nynorsk av Arthur Omres bok "Smuglere".
Nynorsk - ReferatForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.

I romanen ”Smuglere” av Arthur Omre er handlinga lagt til Oslo og nedover i Vestfold fylke. Handlinga er lagt til 1920- tallet og boka skildrar fattigdommen og datida sin måte å tene lett-tente pengar på, spritsmugling. Forfattaren gir oss ei god skildring av menneska i smuglarmiljøet. Han beskriv hovudpersonen sin sinnsstemning som vekslar mellom optimisme, håp, tvil, og redsel. Team i boka er hovudperson sine mange problem innafor kjærleik og økonomi. ”Eg”-personen og Hugo Larsen prøver å oppnå eit paradis, dei har levd i fattigdom heile livet sitt og nå vil dei prøve å oppnå noko stort, boka skildrar alle deira oppturar og nedturar, frå store pengar til fengsel. Vi får også eit innblikk i det hardbarka smuglarmiljøet og datida sitt rettssystem.

 

Boka omhandlar ein ”eg”-person som er arkitekt og bur i Oslo, men han har lite arbeid å gjere så han låner stadig pengar. Han går etterkvart konk og han må finne seg nytt arbeid for å kunne betale tilbake alle pengane han skulde. Men jobb er det ikkje lett å få tak i, ein kveld treffer han Jenny Lund som fortel han om smuglarar. Ho hjelper han med å komme i kontakt med nokre smuglarar og slik startar smuglarkarrieren til hovudpersonen.

          

Hovudpersonen bur saman med venen Hugo Larsen som også er hans partner på fleire av turane. Hovudpersonen seier før han drar ”at kvar einaste tur ska vere den siste”. Men den siste turen blir det aldri noko av før han blir tatt, han hamner da i fengsel. Fyste gongen klarer han å rømme da han blir frakta med båt til Horten, men han blir etterkvart teken på nytt og da hamner han i fengsel igjen, da beskriv hovudpersonen eit lengre fengselsopphald. Men han blir etterkvart sloppe fri, men han kjem snart inn igjen og da blir han der for godt!

 

Vi får følgje smuglarane på smuglarrutene deira på sidevegane gjennom Vestfold, og med båt i Oslofjorden, vi får også skildringar frå Holmestrand, Sem, Tønsberg og Horten.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish