Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Handlingsreferat av boka Synnøve SolbakkenSkriv ut Utskrift
Et handlingsreferat på nynorsk av Bjørnstjerne Bjørnsons bok "Synnøve Solbakken".
Nynorsk - ReferatForfatter: Anonym


I 1857 kom boka Synnøve Solbakken ut, den var skrivi av Bjørnstjerne Bjørnson.

Boka er ein kort roman som gir oss eit innblikk i bygdelivet på den tida, bygdelivet på 1800 talet er også ein del av temaet, temaet seier også noko om kor vanskeleg det var for forelska par på den tida. Hovudpersonane i boka er Torbjørn Granlien og Synnøve Solbakken. Torbjørn bur på garden Granlien som ligg i den skuggefulle sia av dalen, mens Synnøve bur på garden Solbakken som ligg på den andre sia av dalen der det er sol.

 

Når Torbjørn var liten hadde faren som heiter Sæmund ein gardsgut som heit Aslak. Aslak lærte Torbjørn alle slags mulige ord og regler, Torbjørn som ein gong var ein snill og skikkeleg blir ein rampunge! Aslak fortel han om garden Solbakken som ligg på den andre sia av dalen, han fortel at der er det ei vakker jente som heiter Synnøve og at det er troll og tusser der. Etter ein stund kvitter Sæmund seg med gardsguten Aslak, fordi han lærer Torbjørn så mye spikk. På detta tidspunkt tar Sæmund med seg Torbjørn i kyrkja for første gong, det er da han ser Synnøve for fyste gong. 

 

Så kjem tida da Torbjørn skal stå til konfirmasjon, han går da til presten til saman med sin yngre syster Ingrid og Synnøve Solbakken. Ingrid og Synnøve blir etter kvart perlevennar.


Det utviklar seg etter kvart til at det blir ein spent stemning mellom Synnøve og Torbjørn.
Men Synnøve får ikkje lov til å omgås med Torbjørn fordi han slåss så mykje. Torbjørn kjem ofte i slåsskamp og dei einaste som ikkje får vite noko om det er Sæmund og presten.

 

Så hopper boka fram til dei er omtrent 20 år. Synnøve og Ingrid er da oppe på setra og passer buskapen. Ein dag kjem Torbjørn opp på setra og besøker jentene. Han og Synnøve sitt da saman å snakke om forholdet deira, så det er fyste gong dei kysser. Torbjørn ber da Synnøve om og fortelje foreldra sine om at dei liker kvarandre, men Synnøve tør ikkje.

 

Ein dag skal Torbjørn til byen, men vogner velter og han får hjelp frå garden Nordhaug som det da er bryllaup på. Mens han venter på garden Nordhaug, begynnar Knut Nordhaug og bråke med han, men Torbjørn er ikkje interessert i å slåss, det endar ned at Knut stikker ned Torbjørn. Han blir da liggande helselaus i noen månader. Ingrid får da ein lapp av Torbjørn som ho gir til Synnøve, der står det at ho og Torbjørn ikkje kan holde i la lenger. Så blir Torbjørn bra igjen og da blir de saman igjen. Sæmund tar da med seg Torbjørn over til Solbakken for og spørje foreldra til Synnøve om ho kan gifte seg med Torbjørn. Synnøve og Torbjørn får da kvarandre til slutt.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish