Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
HeltarSkriv ut Utskrift
Kåseri om helter.
Nynorsk - KåseriForfatter:



Heltar. Kven er dei eigentleg? Er dei overnaturlege supermenn som spring rundt og hjelper folk i fare? Nokon vil kanskje seie det. Andre har nok ei anna meining.

 

I alle fall har det eksistert heltar heilt ifrå tidleg morgon. Ein kan lese om dei i gamle historiebøker. Alle har vel høyrt om dei gamle riddarane som for rundt og redda unge jenter i nød. I dag er vel riddarane si tid over. Dei fleste vil nok seie at dagens heltar er meir som politimenn, brannmenn og folk i den dur.

 

På ei anna side er det ikkje så lett å bestemme kven som er helt eller ikkje. Nokon har andre heltar enn andre, og andre har andre heltar enn dei igjen. Jentene har guteheltar og jenteheltar. Gutane derimot ar mest gutar til heltar som til dømes Sylvester Stallone. Definisjonen på ein helt er jammen ikkje lett å få fram når alle har forskjellige heltar, nei.

 

Eigentleg trur eg alle går rundt og er ein liten helt. Sjølv om vi ikkje gjør heltedådar i fleng, gjør vi ofte små ting som får oss til å vere små kvardagsheltar. Det kan vere å hjelpe ein pensjonist eller redde ei katte frå å bli overkøyrt.

 

Naturlegvis har vi også dei som er heltar av større dimensjonar. Slik som rockestjerner og de som reddar trehundre menneske frå ein flystyrt. Og så må ein heller ikkje gløyme alle actionheltane som fyk rundt på Tv-skjermane.

 

Dei fleste av dagens heltar er nok tilfeldige heltar som av ein eller anna grunn berre dumpar opp i ein kjangs til å bli helt. Det er oftast dei som er heltar av den typen heltar som hjelper folk i nød. Det er slike heltar vi treng. Dei som står for noko. Slike som meiner noko med heltedåden sin.

 

Det finnest folk som gjør kva som helst bare for å bli kalla helt. Nokon lager ulykker med vilje slik at dei kan komme å hjelpe folka og deretter bli kalla helt. Dette kallast ikkje for heltedådar, men for bedrageri. Folk som blir heltar av den grunn er jukseheltar og fortener derfor ikkje sin status som helt. Folk som er helt i dag kan bli til en blaff over natta. Sjå berre på O.J Simpson. Han var først en helt, så blei han ingenting. Ja, helte-tittlane flaksar like fort som eit lauvblad i ein hauststorm.

 

Heltar er viktige for oss alle uansett kor store dei er. Dei fleste av oss treng nemleg nokon å sjå opp til. Nokon å ha som førebilete. Ein som ein kan identifisere seg sjølv med. Samtidige er det viktig for oss at vi sjølv blir sett på som heltar ein gong iblant. Slik at vi føler oss brukelege og sånn at vi får sjølvtillit. Ein skulle kanskje tru at det ikkje er sånn, men dersom ein tenkjar seg om kommer ein sikkert på korleis det er.

 

Heltane har i alle fall vært her så lang tid som ein kan hugse og det vil dei sikkert fortsette med å vere. Fram i evig tid. Superheltar, actionheltar, og andre slags heltar. Om dei er heltar på samme måte som dei er i dag er eit spørsmål som ein ikkje kan få svar på. Det vil tida vise.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish