Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
KonfliktSkriv ut Utskrift
Kåseri om konflikt.
Nynorsk - KåseriForfatter:



Konflikt. Eg tek ordet i munnen, for liksom å tygge på det. Eg smattar. Det får eg ofte høyre heime òg: - No smattar du igjen, og forresten heng det ei stor spaghettistong midt oppe på kinnet ditt. Et skikkeleg!, seier dei. Og sjølvsagt vil eg ikkje sitte i ro og høyre på at mine etevanar vert gjort til latter, og at eg eigentleg er ein ufyseleg person. Og kva gjer eg då? Jau, eg forsvarar meg. Kanskje slengjer eg ut ein litt omgjort versjon av kommentaren eg sjølv fekk i fleisen, eller om eg ikkje kjem på noko i farta; noko heilt usakleg, som til dømes: - Du snorkar verre enn ein gris! Det er nesten heilt likegyldig kva eg seier, berre eg føler at eg på ein slags måte er komen i ein god forsvarsposisjon. Og dermed er balubaet i gong. Dei involverte partane i diskusjonen vert meir og meir høglydt, skjellsorda haglar, og til slutt flyg spagetti og kjøttdeig eller kva som no er til middag tvers over middagsbordet som dei kraftigaste Scudrakettar.

 

Vi har her med eit virus å gjere, nærmast som ein ulækjande sjukdom. Som ein farsott går det over verda, dette grusomme som vert kalla daglegdagskonflikt, eller som ekspertane kallar det på latin: conflictus ordinaris. Dette er berre eitt av kanskje mange millionar døme på små konflikter som er rundt oss heile tida. Det eg trur er sjølve drivkrafta bak alt dette, for liksom å sjå det i eit universalt plan, er mennesket sin medfødte trong til å forsvare seg. Ein kan ikkje tole å bli rakka ned på eller latterleggjort, men må svare tilbake for å halde seg sjølv oppe, vere betre enn motstandaren. Slike små kranglar, eigentleg som bagatellar å rekne, har faktisk ført til uhyggjeleg mange mord. Det er naturen si groteske lov som gjeld, det er den sterkaste sin rett. Darwinismen slår tilbake over oss som ein einaste stor tsunami, og eg vil ikkje sjå bort i frå at denne bølgja ein gong vil utrydde heile den menneskelege rase.

 

- Smatt, smatt. Eg tyggjer fortsatt på ordet, men finn ut at eg eigentleg er mett, og spyttar det difor ut att. Tenna mine og enzyma i spyttet har gjort at ordet konflikt har vorte spalta ganske godt denne vesle stunda. På bordet framom meg landa det eg spytta ut, og der ligg det alt i hop: Kamp, samanstøyt, strid, trette, tvist, usemje, krig, meiningsskilnad og krangel. Mange små, men også svært negativt ladde ord. Men er det eigentleg nokon andre enn meg det har slått at alt dette kan vere forferdeleg morosamt? Når eg tenkjer meg betre om, så tenkjer eg at det simpelten må ha krossa andre sine tankar òg. Høyr berre her: Ei mørk og stormfull, men likevel lydlaus laurdagsnatt høyrest ein svak dump lyd på baksida av Esso i Ørsta. Nokon har vore gavmild og gitt ein annan eit hardt slag midt i andletet. Som ild i ein vindfull kornsilo sprer ryktet om slåsskampen seg, og toppen fem sekund etter er over halvparten av dei hundre som var på oppsida av bensinstasjonen stimla rundt dei to kamphanane, med kraftige heiarop og entusiastiske spasmer. Nokre ler, medan endå fleire byrjar å vedde pengar om kven som vinn. Alt må takast til vurdering: Promille, høgd og styrke, aggressivitet. Ein slik konflikt er ein folkefest utan like, noko det vil gå gjetord om i fleire dagar i etterkant. Tenk over det, folkens: Eit så negativt ord som "slåsskamp" har vorte snudd om til noko så utruleg artig! Også til dette har ekspertane og professorane laga eit faguttrykk: conflictus inversis. Det vart krangla ei god stund i dei akademiske kretsar før navnet vart godteke, då ei gruppe professorar ville at fagordet skulle vere krigus humoris. Denne konflikten vart forøvrig løyst ved at den siste gruppa tok ein god gammaldags krigstaktikk i bruk: Tilbaketrekking.

 

I desse valdagar vert det nesten naturleg å kome inn på politikken i alt ein føretek seg. Nett slik eg gjer no. Etter kvart som disputten mellom Jagland og den forhatte Carl I. Hagen har fått utvikla seg, har fleire og fleire synonymordbokforfattarar og -forlag måtte trykke opp nye utgåver anno september 1997. Grunnen til dette er at dei må leggje inn eit nytt synonym til konflikt: Nemleg ordet "valdebatt". Ikkje i eit einaste fjernsynsprogram har eg sett ein partileiar som ikkje er raud i trynet av ergring, eller at spyttet ikkje har flagra to meter av di dei er så ivrige etter å demoralisere motstandaren. Skjellsorda flyg hit og dit som kilotunge hagl, og sårer den eine etter den andre. Men likevel synest eg der er noko som manglar, der eg ligg i godstolen og prøver å skilje lygn frå sanning. Det litle ekstra som ville fått krangelen til å ta heilt av. Og eit vampyraktig smil deler andletet mitt i to den augneblinken eg innser mangelen: Eg vil ha BLOD! Ingenting hadde fryda meg meir enn å sjå Kristin Halvorsen hoppe på Anne Enger Lahnstein med eit kraftig hyl, og deretter dengje laus på Sp-dronninga sin rygg med ein høghæla finsko. Ikkje det at eg har noko imot Sp, men ei slik hending trur eg ville gjort at mange fleire ungdomar engasjerte seg i politikken. Kvifor ikkje i Noregs storting, når det støtt og stadig skjer i Japan? Japanarane kan det der med ungdomspolitikk.

 

Heilt til slutt vil eg berre gjere merksam på kor vanleg det er med ein konflikt. Dersom eg hadde forska seriøst på dette, ville eg gjort det slik: Eg hadde undersøkt i så mange norske sjuandeklassar som mogleg kor stor prosent av elevane som kjende til nettopp ordet "konflikt". Dette talet trur eg hadde nærma seg 95 prosent, om ikkje meir. Deretter skulle eg spurt dei same elevane kor mange av dei som kjende til antonymet "kompromiss". 30 prosent trur eg hadde visst dette. Sannsynlegvis måtte eg ha freista å lure meg ut bakvegen frå det siste klasserommet, medan eg i bakgrunnen ville høyrd ståken av elevar som krangla om kva eit kompromiss eigentleg er.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish