Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Bernadette SoubiriusSkriv ut Utskrift

Bernadette Soubirius - Vår frue av Lourdes. Skytshelgen for gjetere.

Karakter: 5/6 i 9. klasse

Nynorsk - EssayForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Den heilage Marie-Bernarde Soubirius blei fødd den 7. januar 1844 i Lourdes, ein by på Pyreneenes nordside i Frankrike. Familien og vennene brukte berre kjælenavnet Bernadette. Ho var den eldste av seks barn av Francois Soubirius og hans 18 år yngre kone Loise Casterot, som fortsatt var i tenårene. Faren var møller og legde sin eigen mølle i 1844, men effektivitet var ikkje ein av hans eller hans hustrus dyder, derfor mista han snart mølla og blei arbeidslaus. Familien var ein av dei fattigaste i byen, og dei måtte bu i ein mørk og fuktig kjellar som tidlegare hadde vore fengsel. Bernadette måtte tidleg arbeide som gjeter. Som 14- åring var ho skrantande, liten av vekst og følsom, men etter alt å døme også noko tilbakeståande. Ho kunne ikkje lese og skrive, og ho klarte aldri å hugse katekismeleksene.

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Men ho var ei god jente, hjelpsam og lydig og snill mot sine yngre brødre og søstre. Ho var glad i Gud, og ho forsøkte å lære alt ho kunne om Ham.

 

Den sjukelege Bernadette hadde fått kolera i ein epedemi i 1854, og det forverra hennes astma og dei andre sjukdommane ho lei av, og måtte haldast burte frå kulde og hardt arbeid. Likevel fekk ho lov til å gå ut for å samle ved. Ein dag i februar i 1858, ein kald morgon, hadde veden til familiens komfyr tatt slutt. Da blei Bernadette sendt ut for å sanke ved med to yngre jenter, veslesystera Antonia og ei venninde. Dei gjekk forbi klippa Massabielle (”stor klippe” på den lokale dialekta) ved elva Gave, og dei to andre bestemte seg for å krysse ein bekk. Vatnet var kaldt, og Bernadette ville ikkje bli våt på føtene. Ho blei att på den andre sida ei stund, men ho ville ikkje bli etterlatt aleine, så ho satte seg ned for å ta av seg skoa.

 

Da blei ho oppmerksom på ein raslande lyd i trea like ved. Da ho såg opp, såg ho ein skikkelse i ei kløft eller ei grotte i berget. Bernadette beskreiv henne seinare som ei vakker, ung kvinne, ikkje høgre enn  ho sjølv, kledd i kvitt med eit ljoseblått tøybelte og med eit kvitt slør på hovudet som falt over skuldrane og heilt ned til bakken. På føtene hadde ho to vakre gylne roser. Ho held hendene saman, og frå hennes høgre arm hang ein rosenkrans – som også Bernadette hadde i lomma. Skikkelsen såg ut til at ho inviterte henne til å be. Ho knelte ned og tok fram rosekransen, og ”dama” fulgte henne gjennom fem dekader, og deretter forsvant ho.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Om kvelden fortalte Bernadette mora om det ho hadde sett, men ho sa at dattera hadde sett ein sjel frå skjærsilden, og forbaud henne å gå attende til grotta. Bernadette konsulterte den lokale presten, som denne hendelsen ikkje gjorde noko som helst inntrykk på, og etter nokre dagar fekk ho farens tillatelse til å gå attende til grotta. Skikkelsen viste seg på nytt for henne, men ikkje for dei som følgde henne. Ho falt i transe og måtte trekkes vekk frå staden.

 

Ingen trudde på historia hennar, men likevel tok nokon henne med attende sit fire dagar seinare. Da snakka visjonen sor fyrste gong til henne på den lokale dialekta og ba henne komme attende kvar dag i to veker. Bernadette fortalte at ho sa: ”Kom attende hit kvar dag i to veker. Eg lovar ikkje å gjere deg lykkeleg i denne verda, men i neste”. Bernadette fulgte kvinnas instruksjonar og begynte å besøke grotta kvar dag. Ho fortalte andre om åpenbaringane, og etter kvart fulgte ei stadig større folkemengd henne dit.

 

Sundagen etter blei Bernadette fulgt av ein skeptisk lege, som tok pulsen på henne idet ho fall i transe. Ho blei grundig utspurd av ulike lokale tjenestemenn, som konkluderte med at sjølv om ho var førd bak lyset, var ho oppriktig. Dei neste dagane vokste folkemengdene til fleire hundre menneske. Seks dagar seinare fekk ho det neste bodskapet: ”Bot! Bot! Bot! Du skal be for syndare. Gå og kyss bakken for omvendelse av syndare. Gå og drikk ved kilda og vask deg i den. Du skal ete av dei urtene som veks der”.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Det var ingen kilde i grotta, men dagen etter skrapte Bernadette i jorda  der åpenbaringen hadde indikert, og det begynte å sive ut sølevatn. Snart blei vatnet så klart at ho kunne vaske hendene i det og drikke av det. Vatnet strømma snart ned i elva Gave, og det har det gjort heile tida sidan. Det er ueinigheit om det var ei gløymt kilde, eller om den strømma fram på mirakuløst vis.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Dagen etter var det imidlertid ingen åpenbaringer, og Bernadette skuffa ei folkemengd på 4000. Men mengda vekste, og under den trettende åpenbaringen kom det neste budskapet: ”Gå og fortel prestane at folket må komme hit i prosesjon og byggje eit kapell her”. To dagar etter var den siste dagen i dei to vekene Bernadette hadde blitt bedt om å komme, og da var folkemengda vokst til 200 000.

 

Ei stund etter spurde Bernadette ”dama” kven ho var, og ho svarde, igjen på dialekt: Que soy era Immaculado Councepciou – ”Jeg er den uplettede Unnfangelse”. Bernadette skjønte ikkje kva dette betydde, men ho gjentok ordene inni seg til ho kunne dei utenat. Ho fortalde dei seinare til sognepresten, som skjønte kva det betydde, og blei veldig overraska. Han begynte å tru at Bernadette verkeleg hadde sett Jomfru Maria.

 

Det skjedde ei ny åpenbaring, onsdag den 7. april, som var i påskeveka, mens den attende og siste skjedde den 16. juli, festen for jomfru Maria av Karmelberget. Da hadde dei lokale myndigheitene sperra av områdene rundt grotta, og Bernadette såg kvinna, ”like vakker som alltid”, frå den andre breidda av Gave. Maria lovte ikkje i nokon av åpenbaringane at sjuke menneskjer som besøkte staden, ville bli helbreda.

 

Nokre av åpenbaringane fann sted medan det var mange menneske til stede, men ingen andre enn Bernadette sa seinare at dei skulle ha sett eller høyrd ”dama”, og det var ingen uro eller hysteriske utbrudd. Da åpenbaringane var over, blei området oversvømt av falske seere og sjukleg religiøs overspentheit, forhold som bestyrka dei kyrkjelege myndigheitene i deira ganske så reserverte haldning til Bernadettes opplevelser. Mange myndigheiter prøvde å stenge kilda, og forsinka bygginga av kapellet, men visjonenes innflytelse og ry nådde og Keiserinne Eugenia av Frankrike, hustru av Napoleon den 3., og byggearbeidene gjekk videre. Til tross for kyrkja og dei lokale myndigheitenes svært så synlige skepsis i fleire år, etablerte staden seg raskt til å bli eit stort valfartsmål. Snart blei det Europas største.

 

Familiens situasjon forbetra seg etter åpenbaringane, for folk sørga for at faren fekk seg arbeid. Men i nokre år lei Bernadette mykje under mistenksomheit, og ho blei plaga, pressa og kryssforhøyrd av skeptikere. Men folk flest trudde på Bernadettes historie p.g.a. hennes faste holdning til tross for at mange ikkje trudde henne. I folkemeninga blei hennes historie snart bekrefta gjennom fleire helbredelser av menneske som hadde besøkt helligdomen og drukke av eller bada i vatnet frå kilda. Ein blind mann hadde fått att synet da han vaska ansiktet i vatnet. Men Bernadette lei like mykje under taktlaus begeistring og påtrengenheit, men ho viste ein enorm tålmodigheit og verdigheit til å vere så ung.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

For å sleppe alt maset søkte ho i 1861 tilflukt hjå søstrene på hospitset i fem år, men folk fann fram til henne der også. På sommaren i 1866 slutta ho seg til Dei Barmhjertige Søstre (Soeurs de la Charite) i klosteret Saint-Gildard  i Nevers ved Loire i Midt-Frankrike.

 

Ho var fortsatt svak, men ho kom seg, og arbeida fyrst som sjukepassar og seinare som sakristan. Ho forlot aldri klosteret i resten aav sitt liv. I klosteret var ho meir beskytta mot offentlegheitens prøvelsar, men ho unngjekk ikkje betreviten frå sine overordnede. Priorinnen og novisemesteren var veldig strenge, og dei lot ingen mogelegheit gå ifrå seg til å ydmyke henne. Generalsuperioren, søster Marie- Therese Vauzou, sa: ”Å! Ho var berre ei lita bondepike! Om den heilage Jomfru hadde ønsket å vise seg for nokon i verden, ville ho vel ikkje valgt ei slik enkel, uvitande bondejente i staden for ei vis og dydig nonne?”

Bernadette sa at ho blei knust som eit kveitekorn.

 

I likheit med mange av dei som reiser til Lourdes, var Bernadette ofte sjuk, for astmaen hennar blei stadig verre. Frå 1875 var ho aldri frisk, og ho fekk tuberkulosei skjelettet, noko som gav store smerter. Det blir fortalt ei historie om ei syster som leitte etter Bernadette, og til slutt fann ho til sengs. Da spurde ho sarkastisk kva ho gjorde der. Bernadette svarte: ”Eg passer mitt arbeid”. ”Og kva skulle det vere?” Bernadette svarte: ”Eg passer mitt arbeid med det å vere sjuk”.

 

Slik gjennomførde ho sitt selvutslettande liv og døde den 16. april 1879 i Nevers, 35 år gamal. Ho blei gravlagd på klosterets kyrkjegard. Da man som ledd i saligkåringsprosessen åpnet grava i september 1909, fann dei legemet hennes uten noko spor av forråtnelse, medan likkledet var råttent og eit kross var rustna. Nå kvilar Bernadette i ei kiste av gull og krystall i klosterkapellet i Nevers, kledd i sin svarte ordensdrakt, med hovudet bøgd og hendene folda over hjartet.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Bernadette blei saligkåra den 14. juni 1925 og heilagkåra den 8. desember 1933 av pave Pius XI (1922- 39), på minnedagen for Jomfru Marias uplettede Unnfangelse. Det var ikkje for hennes visjoner ho blei heilagkåra, men for den ydmyke enfoldigheit og tillitsfulle tru som kjennetegna hennes liv.

 

Lourdes er enda eit attraktivt valfartssted, og tusenvis av menneske reiser dit kvart år. Kilda som Bernadette fann, og vaska seg i og drakk av, finst fortsatt der den dag i dag, og mange sjuke folk dreg dit for å bli helbreda. Det er mange historier om blinde folk som ser att, eller kreftsjuke folk som plutseleg har vorte friske. Kven veit?




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish