Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Fiskebollar og kvit saus.Skriv ut Utskrift
Om å komme hjem.
Nynorsk - KåseriForfatter:



Skrevet november 1997 (VK1)

 

Å kome heim vil si å lukte fiskebollar og kvit saus etter ein hard dag på skulen. Å kome heim vil si å høre hunden kome løpande mot deg. Å kome heim vil si å rope "Hallo!" medan ein sparkar av seg skoa. Men å kome heim vil også si å liste seg forsiktig inn ein sein fredag- eller laurdagsnatt. Eller kanskje å vakne opp i senga ein søndag morgon og ikkje huske korleis ein kom heim i det heile tatt. Alt dette bringar mange kjensler. Det gjer det i iallfall hos meg.

 

Når folk har vore på ei reise langt, langt vekk, gløymer dei ofte å tenke over den viktigaste delen av heila reisa. Nemleg det å kome heim. Først da skjøner ein kor ein verkeleg har vore og korleis ein har hatt det.

 

Eg hugsar framleis ei historie eg las i Donald da eg var liten, kor Donald sjølv skulle til Syden. Han bestemte seg for å dra til flyplassen for å sjå korleis dei som kom heim hadde hatt det. Der fekk kan sjå at ei gruppe menneske, som hadde kome heim frå ein sydentur, var mykje gladare enn dei som hadde vore ein annan plass i Syden. Donald valde sjølvsagt å dra til den plassen kor menneska kom smilande tilbake frå. Det viste seg å ikkje vere heilt klokt. Det hadde seg nemleg slik at dei var glade for å kome heim! Ikkje fordi dei hadde hatt det bra. Langt i frå. Dei hadde rett og slett hatt det forferdeleg.

 

Å kome heim frå ei lang reise forteljar også mykje om korleis ein har det her heime. Ta til døme da eg i sumar lånte plastsnekka til mine føresette og overnatta eit par døgn i den. Eg skal for all del ikkje kome inn på nokre detaljar om denne turen, men kjensla eg fekk da eg kom heim var minst like stor, eller kanskje større, som mange av opplevingane eg hadde på båtturen. Huset virka så stort, romsleg og stille. Ikkje gynga det heller. Tro meg, det var verkeleg skjønt å ta eit skikkeleg bad. Og kald mjølk frå kjøleskapet var herleg. Det er fyrst etter slike opplevingar ein verkeleg skjøner kor godt ein eigentleg har det.

 

Eg trur det hadde vore ein god idé å gjere ei vekes opphald i skogen kvart år vanleg for oss nordmenn. Kor vi på bare levde på bær og rautar. Fyrst da hadde vi innsett kor fint vi har det her heime. Kanskje var det derfor Odd Arne Skaldebø ikkje kom heim før etter ein månad i Alaska eller at Christoffer Columbus prøvde å finne sjøvegen til India. Dei ville overdrive så kraftig at dei ville sette pris på å vere heime resten av livet. Det ville iallfall eg ha vore etter å ha gått ei veke i Alaska utan å eta noko eller vore i båt i fleire veker. Eg trur eigentleg Odd ikkje klarte å overdrive nok. Eller så likar han bær og rautar unormalt godt. Han har nemleg tenkt seg tilbake ein gong til. Gud vet kor lenge han har tenkt til å vere borte denne gongen.

 

Det er imponerande å sjå kor mykje folk er villige til å betale bare for å finne ut kor godt det er å kome heim. Nordmenn betaler gjerne fleire tusen kroner bare for eit par dagar langt vekk frå heimane deira. Eg føretrekkjer heller å reise i mine eigne tankar. Da kan eg reise kvar eg vil. Og det går fort. Frykteleg fort. Plutseleg kan eg vere i Afrika, eller kanskje står eg på toppen av eit fjell. Ser utover dalar, vann og skogar. Men like raskt som eg drog, kan eg vere tilbake. Ved pulten til dømes. Oppdage at læraren kikkar spørjande på meg.

 

Einskilde ser på livet som ei reise i seg sjølv. Ein spanande reise som vi ikkje veit kvar ender. Eg elskar denne reisa. Eg elskar livet!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish