Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Død over bokmålSkriv ut Utskrift
Kåseri om nynorsk kontra bokmål.
Nynorsk - KåseriForfatter:



Overskrifta kan kanskje verke noko drastisk, men eg føler at ho slett ikkje er så langt frå røynda. Sant skal seiast, det finst mykje fleire personar i Noreg som skriv bokmål enn dei som bruker blyanten til å formidle det nynorske språket, men eg meinar det er større radikalar som nyttar nynorsk enn bokmål. Hadde det vore opp til meg, skulle eg gjerne ha sett Ivar Aasen falle av stellebordet som liten, og eg veit eg har mange med meg når eg seier dette. Hei, vent no litt. Ja, ja, kanskje vi er radikale alle som ein. Men eg står ved mitt utsegn om at dei verste radikalarane bur i nærleiken av Volda og ved Volda sine utpostar, som blant anna Hareid og Ulsteinvik. Eg må berre få seie at eg synst det er litt merkeleg når dei ti pensjonistane i Hareid Helselag utgjer ein like stor post på statsbudsjettet som heile Stavanger by. Korleis fåtalet av norske bønder og utkant-kloningar har makta å få gjennomført ein slik nynorsk-kampanje er meg eit stort mysterium. Det er vel ikkje eigentleg nødvendig med to variantar av alle skjema og skriv i heile Noreg. Eg trur ikkje nasjonen hadde dukka under fordi om Jon Lilletun sitt skriv om betre helse i skulen ikkje blei skrive på begge skriftmåla. Ikkje fortel meg at personar frå begge sider ikkje forstår dei to formane så godt som heilt ut, både skriftleg og muntleg. Dessutan er eg ikkje så sikker på kor mange bønder det er som verkeleg kan skrive i det store heile. Mi oppfatning av problemet mellom bokmål og nynorsk er at heile debatten er fullstendig idiotisk. Eg meiner personleg at nynorsken burde ha innsett kva han var, gammal, men eg skjønnar dei som er tilhengarar av nynorsk. Dei ville ha verka temmeleg dumme dersom dei trakk seg frå debatten, med så mykje prestisje på spill. Det ville forresten dei som lika bokmål spesielt godt også verka. Her er det største problemet, slik eg ser det. Eg meiner det berre står om prestisje og at alt godt, gammalt folkevett har blitt skove til side. Det må kunne gå an å møtast på ein halvveg? Nynorsken har berre blitt meir og meir lik bokmålet, så eg meinar ein slags samanslutning kunne vere på sin plass.

 

Nokon meiner også at ein bør støtte opp alle minoritetsspråk og gi dei fleste ein sjanse til å kunne lære seg nynorsk på skulen. Men eg meiner det må vere unødvendig for eit så lite land som Noreg å ha meir enn eitt skriftspråk. Eg er for all del ikkje imot nynorsk som eit muntleg språk, men då bør det vere snakk om dialekter. Tenk berre på alle pengane som går med til å ha alle papir på bokmål og nynorsk. Det er gale nok at samisk er eit eiga språk, men då blir det ein heilt anna debatt. Berre for å trekkje fram eit eksempel på kor mye problem eg har med nynorsk: Når eg skriv nynorsk må eg skrive om bønder, berre for å kunne "tenkje nynorsk". Eg meiner derfor at det ikkje er nokon samanheng mellom talemål og skriftspråk, eg skal gjerne seie "toska" og skrive "tosker". For eg har ingen trong til å finne røtene mine, men derimot ein trong til å ha ein identitet. Og for meg er min identitet norsk. Dessutan set eg ikkje særleg pris på at folk tenkjer på meg som ein bonde. Hadde eg ville vore bonde hadde eg kome til å stått i fjøsen fordi eg likte det, og slett ikkje fordi eg synst nynorsk er eit fint skriftspråk! Om nokon absolutt vil skrive på grautmål, så er det deira sak. Og eg tykkjer det er fint om kjente skriv til kvarandre på dialekt. Det er berre at eg ikkje er venen til for eksempel Jon Lilletun, og eg føler inga slektskap med han. Så eg synst han godt kunne skrive forståeleg norsk.

 

Eg trur hovudårsaken til nynorskentusiastane sitt blinde pågangsmot er det at dei meiner mobbinga av barn og bønder ville gått ned dersom å skrive nynorsk hadde vore vanleg kost for alle i Noreg, og kanskje heile verda! Det kan kanskje verke som det er den dårlege barndommen til radikalarane som driv dei framover, men det kan tenkjast at dei verkeleg føler seg så eitt med sitt talemål at dei berre må skrive slik også. Eitt onde er betre enn to seier eg. Og eg kan ikkje skjøne kva som gjer dei så galen med å skrive nynorsk. Av og til føler eg at dei nektar å komme inn i røynda, men fortset å leve på 80-talet med hockeysveis, tronge dongeribukser og ein vill idé om at nynorsk er kult. Kult med sterk l, kanskje, men definitivt ikkje kuuult. Men for å kome med litt krass kritikk mot dei som elskar nynorsk: - Kvifor i all verden lar de forskjellen mellom nynorsk og bokmål bli mindre? Hadde det enda vore andre vegen ballen trilla, så hadde eg iallfall skjønt litt. Skriftformene er no så like som to smørklattar som har smelta i sola. Hadde det vore to totalt forskjellige skriftspråk hadde eg skjønt frustrasjonen deira, om ikkje godt så iallfall betre. Er god nynorsk bokmål? Eg synst vi har halde lenge nok på nynorsken, og at det snart kunne vere ein idé å la han gå i gløymeboka. Muntleg vil han alltid leva!

 

Eg skjønnar mye av historia bak nynorsk, det med at vi ville samlast til eit land utan det danske skriftspråket og la tradisjonane leve vidare. Vi må berre hugse på at no er vi ikkje under Danmark og at det kan vere lurt å ha eit liknande språk som svensk og dansk. Nynorsk kan av og til høyrest ut som afrikansk for svenskar, og vi vil vel strengt tatt ikkje laga fleire problem for dei enn ka dei klara å lage sjølv. Hadde det ikkje vore ein tanke om nynorsk blei tatt av dagsordenen, og bøndene fikk økte subsidiar i staden? Eg synst iallfall ein kunne prøve å tenkje ut betre forhold å bruke pengar på enn nynorske A4-ark som flyt rundt i alle norske heim. Men når dette er sagt, skal eg nemne at det ikkje er berre dårlege sider med nynorsk. Ta til dømes det at historia bak det nåverande norske skriftspråket. Det finst sikkert ikkje eitt einaste land som har betre kontakt med si eiga fortid. For når ordet nynorsk kjem inn i knollen, tenkjar iallfall eg med ein gong på han Ivar Aasen - og slik gjeng det frå 1814 og fram til no på eit blunk. Dessutan kan det tenkjast at det er positivt for ungane i landet å få lære fleire ulike språk. Eg trur at dette gjør at dei blir sterkare både muntleg og skriftleg i framtida. Om ikkje alle forstår nynorsk eller kvifor vi brukar det, kan det vere greitt om at mange får lære seg det radikalarane kallar "norsk - slik det var meint a vere!". Men her har eg også eit anna synspunkt, og det er at nynorsk kunne, etter mi meining, ha blitt eit reint valfag. Da hadde det vore opp til kvar enkelt om han eller ho ville lære seg skriftspråket. Da ville i tillegg dei som dett utanfor i dei obligatoriske nynorsktimane, kanskje ha lært seg noko nyttig i staden for å sitje og klø seg i ræva. Det blir liksom som om dei allereie har byrja å gjøre seg klar til eit liv i ventekø utanfor sosialkontoret.

 

La meg få prøve å oppsummere litt av holdningane mine. Eg synst eigentleg nynorsk er eit bortkasta obligatorisk fag, og at dei som vil snakke eller skrive sånn kan få velje det av fri vilje. Som til dømes å flytte med kona, ungane og den altfor kresende hunden til ei utbygd i Sogn og Fjordane. Det er mogleg at synsvinkelen min blir litt einsformig mot nynorsk, men la meg forsikre deg at eg verkeleg prøvde å finne noko positivt med nynorsk. Det eg kom fram til var stort sett at nynorsk er bra å kunne og vite om for å få betre innsikt i historia til Noreg som land, og kanskje det at det blir eit nærare forhold mellom storbyane og bygdene. Men for å vere ærleg lurar eg litt på korleis nynorsk har klart, som ein liten, hissig alge, å feste seg til det norske samfunnet slik det er no. Og eg meinar absolutt det bør vere tid for å avskrive nynorsk som eit sidestilt mål til bokmål. Det er ein grunn til at bokmål faktisk blir kalla norsk!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish