Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Eliteidrett - og gledene han fører med segSkriv ut Utskrift
Kåseri om eliteidrett.
Nynorsk - KåseriForfatter:



Når ein skal sjå eit godt program på TV no for tida, og vil finne ut når det byrjar, er det ein ting ein legg merke til. I programmet er det nemleg nokre ord som går igjen, slik som: sport, programmet utgår på grunn av sport og sportsekstra, for å nemne nokon. Sport er nemleg berebjelken i eit kvart sivilisert samfunn. Ikkje slik å forstå at ein nødvendigvis må hutre seg ut i skogen i sludd og regn for å springe ei mil til dagen. Det held å sjå på at andre gjer det. For dei spring nok for ein heil nasjon av innesitjarar. Sveitte, snørr og andre kroppsvæsker flyt når dei tek ut alt dei har i beinhard kappestrid mann mot mann. Det er så ein blir heilt sliten av å sjå på dei, og ein mistar heilt lysta på å ut og trene sjølv. Men det treng ein heller ikkje. Det er jo difor me har profesjonelle idrettsfolk.

 

Men det som driv idrettsfolka til ein slik sjølvoppofrande livsstil, det er gleda over ærleg kappestrid med jamgode. Dei dyrkar idealet "ei sunn sjel i ein sunn lekam". Men for å få til dette så må ein ha sjølvdisiplin. Men om ein ikkje har det, så er det likevel håp. Som til dømes i Kina, der dei har forstått at ein må byrje tidleg for å bli ein god idrettsutøvar. Der tek snille menneske til seg born i ni-tiårsalderen for å trene dei med kjærleg hand opp til å bli gode idrettsfolk. Sport verkar og samlande for nasjonen. Det fanst ikkje eit tørt auge i Noreg når Stine Lise Hattestad, denne sympatiske kulekøyraren frå Asker, endeleg vann OL på Lillehammer. Og apropos OL. Lillehammer, ein liten by ved Mjøsa, fekk i to korte veker heile verda si merksemd retta mot seg. Og på grunn av desse to vekene så har dei no det største skianlegget i Noreg. Vel fortent spør du meg.

 

Østersund søkte for ei stund sidan om å få OL i år 2002. Det same gjorde Salt Lake City. Men, sidan Østersund ikkje var viljuge til å kjøpes nok IOC medlemmar, så fekk dei heller ikkje arrangere leikane. Slik er idretten. Du må vere viljug til å gje avkall på noko, i dette høvet pengar, for å oppnå målet. Når det gjeld idrett er målet sjølvsagt indre harmoni, og gleda over å ha gjort sitt beste i kampen mellom jambyrdige idrettsfolk. Me har alle høyrt om folk som er viljuge til å VERKELEG setje alt på spel. Dei går til innkjøp av nokre vidunderpiller som kan få einkvar humlepung til å sjå ut som Arnold Schwartzenegger, og det tregaste murmeldyr til å flyge som ein F-16 jagar. Desse pionerane møter mykje motgang no for tida. Bakstrevarar i dei store internasjonale organisasjonane kallar desse stoffa for juks. Om nokon blir teke med vidundermiddel i årene, blir dei utestengde frå all idrett i to år. Men tru ikkje at dei gjev seg for det! Dei trenar, og prøvar ut nye og betre måtar å auke muskelmassen på. Og etter dei to åra er omme, så startar dei på nytt att.

 

Alle profesjonelle idrettsfolk må ha lønn, elles så kan dei ikkje reise jorda rundt på dei livsnødvendige treningsleirane og konkurransane, og heller ikkje få vist seg fram. Og då er jo vitsen med idrettsfolka borte. Men problemet er: kven skal betale desse pengane? Dei fleste idrettsfolk løyser dette problemet greitt. Dei går berre til ein snill forretningsmann og tigg etter pengar. Til gjengjeld så får forretningsmannen skrive namnet på fimaet sitt på kleda til utøvaren. Dersom utøvaren treng mange pengar, kan han etter kvart sjå ut som ein vandrande reklameplakat. Men kven bryr seg vel om det, så lenge han går ut på banen for å ha det moro, vinne, og tene litt sårt tiltrengte pengar til den slunkne bankkontoen til laget. Mange fotballspelarar likar seg ikkje så godt på det laget dei spelar for. Det blir problematisk, fordi dei blir så godt likte av sjefane på laget. Dei vil ikkje at dei hyggjelege spelarane skal forlate laget, så dei må ha mange pengar for å bli overtalte. Nokre spelarar blir betre likte enn andre. Nokre er faktisk så høgt verdsette at laga må ha fleire millionar for å kome over sorga over å ha mista ein medspelar. Desse pengane er det det nye laget til spelaren som må betale. Ein gong i fjor sat eg og såg ein fotballkamp saman med kameratane mine. Etter 40 minuttar scora Liverpool. Michael Owen sparka ballen langt oppe til høgre i målet. "JAAA!" vræla Kyrre, Håvard og eg i kor, medan Espen hoppa opp i stolen.


"Rett i krysset" skreik Espen i fistel.
"Hurra" sa Sigbjørn lågmælt.
Då kikka alle på Sigbjørn.
"Eg held med Chesterfield" kviskra han. Då lo alle. Og Sigbjørn Gliste det vanlege "berre kødda-gliset" sitt.
Så sport kan virke splittande og, men det gjer ikkje noko, for alle som held med Liverpool er greie, og alle andre er det ikkje nokon vits i å bruke tid på.det har eg lært meg etter såpass lang tid med fotball kvar helg. Og hugs at det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta, for om du ikkje deltek, så vinn du heller ikkje.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish