Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > U2 - The Joshua Tree

U2 - The Joshua Tree

Anmeldelse av ei plate som burde finne plass i enhver verdig platesamling.

Karakter: 5+

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
24.01.2005
Tema
Rock

Mellom to svarte striper står det fire alvorlege menn med ein svartkvit ørken som bakgrunn. Ikkje eit tre er å sjå i denne dystre øydemarka. På baksida kan ein tydeleg sjå dei same alvorlege mannfolka, litt spreidd denne gongen, men med eit tre ved siden av seg. Treet er einsamt og sjeldant og heiter ”The Joshua Tree”. Slik er omslaget på U2plata med same namn.

 

Ørkenen er òg sentral i mange av tekstane på plata. Det er påfallande at ordet ”desert” er nemnt i fleire av låtane. Dei nyttar ørkenen som eit symbol, oftast som eit bilete på kalde, menneskelege relasjonar.

 

Det einslege treet på biletet ”The Joshua Tree” er ingen songtittel, men eg trur det er meint som eit symbol på håp midt i ørkenen.

 

Tekstane syner nett det same. Vi ser det i ”In God’s Country”. Teksten startar med ”desert sky” og ein melankolsk stemning, medan andre verset presenterer ”desert rose” som håpet i tilværet hans. Songen sluttar med ein slags evig fred.

 

Dei andre songane ber òg dette preget av rotløyse som finn svar i religionen. Den gamle gospelsongen ”I Still Haven’t Found What I’m Looking For” er eit godt døme på dette Trass i alle dei gongene songen blei spelt på radio i 80-åra, er den framleis usliteleg. Framleis høyrer ein denne songen spelt på radio.

 

Dette viser kor god kvalitet musikken til U2 kan ha. Noko av løndomen bake dette, er at U2 lagar melodiane sine på den vanskelege måten der melodien først berre er eit lydbilete som alt skal lagast ferdig rundt, d.v.s. harmoniar, melodi og tekst skal styrast av dette lydbiletet. Dette er ein typisk arbeidsmåte for U2.

 

Innenfor kvar låt varierar dei ofte takten, og eit døme på det kan være introen på ”Where The Streets Have No Name” Den startar i 6/8-takt og går vidare i 4/4 for til sist å ende opp i 6/8-takt igjen. Dette er svært effektfullt.

 

”With or Without You” var ein spesiell song på 80-tallet som sneik seg inn i musikkverda med den rare gitarlåta til The Edge, gitaristen i bandet. Songen er like mystisk for meg i dag som den var då eg som 4-åring høyrde den frå guterommet il storebroren min. Det er utruleg at fire enkle akkorder kan fange kjenslene slik som de denne songen! Etter mi meining er denne songen noko av det beste U2 har laga.

 

Då U2 starta karriera var dei heilt på sidelina av vanleg popmusikkstil. Denne plata fekk sterk pepper av kritikarane, men U2 gjekk sin eigen veg, og no ser vi at kvalitet varer lengst.

 

”The Joshua Tree” er eit album med eit visst amerikansk bluespreg, men tek likevel vare på den irske smerten og melankolien som er så typisk for nettopp denne gruppa.

<bilde>

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil