Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Sommarferien min

Sommarferien min

En rolig tekst om ro...!

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.02.2005


Eg sitt her på brygga litt nedanfor hytta vår. Det er kveld, klokka er kanskje tolv. Eg vet ikkje heilt. Men det er framleis varmt, sjølv om eg har på meg shortsen min, som ikkje er heilt tørr enda. Sola er på veg ned i sjøen, og himmelen står i full brann i fargar som rosa, lilla, raud, gul og oransje. Eg høyrer mor le høgt på verandaen, og må nesten le litt sjølv av den gode glade latteren hennar. Føtene mine plaskar lett mot vatnet, og eg kjenner at eg er heilt avslappa. Det er sommar, og fri frå kvardagens stress og mas. Den trøtte lukta av eksos og by er gløymt, og ei ny mildare duft er komen. Det luktar natur og sjø. Det er som om verda står stille i eit par månader, for å så kome tilbake med eit brak. Eg legg meg bak, framleis med føtene hengande utfor bryggekanten, og lukkar auga. Det einaste eg høyrer, er bølgjene som forsiktig glir opp mot stranda. Eg fin ein slags rytme i bølgjenes slag, og ligg og lyttar ei stund. Mor ler meir, men denne gongen etterfølgt av mormors latter. Det høyrest ut som om dei kosar seg.


 

Så høyrer eg katten min, Nemi, murre ved sida av meg. Eg set meg opp, og legg ho i fanget. Ho er svart og kvit. Det kvite blir nesten raudt i solnedgangen. Bølgjene blir rolegare, og sjøen blir blank. Eg høyrer ein måke skrike i det fjerne, og Nemi set seg opp. Mor ropar frå hytta. Ho spør om eg vil ha kakao, og eg svarar ja. Ein mild vind stryk forsiktig forbi meg, og mor kjem med kakao, stearinlys og eit pledd. Ho set seg ned ved sida av meg. Nemi får auge på noko i skogen og spring lett langs brygga. Mormor har gått inn. Mor skal også gå snart. Ho seier ingen ting, bare sitt saman med meg og ser på sola som held på å smelte ned i det store havet. Eg tar ein liten slurk av kakaoen min. Mor tar litt ho også. Så smiler ho til meg som om ho er ei lita jente som har gjort noe galt. Eg dyttar forsiktig til henne, og ho legger armen om meg, og spør om eg ikkje frys. Eg ristar på hovudet. Ho hutrar og legg pleddet rundt skuldrene mine likevel. Eg tar det ikkje bort. Nemi kjem tilbake, og smyg mellom oss. Mor klappar ho lett.

 

Eg høyrer ein båtmotor dure, og ser etter båten. Mor også. Det er morfar som kjem tilbake frå fiskarturen. Han vinkar ivrig når han ser mor og meg. Eg veit utan å sjå på mor at ho smiler. Vi hjelper han å leggje til brygga, og han viser oss fangsten. Åtte sei, og fire torskar. Mor fylgjer med han opp mot hytta. Nemi også, ivrig på noen smaksprøvar. Eg sit framleis på brygga. Saman med lukta av sjø og fisk. Eg trekker lufta langt inn, og liksom smakar på fisken. Eg høyrer mor og morfar prata utanfor hytta. Mormor kjem også ut. Det høyrest ut som at ho er imponert over fangsten.

 

Sola har nettopp forsvunne, men det er framleis lyst. Himmelen er heilt raud der sola var for ei lita stund sia. Eg tenner stearinlyset mor kom med, og puttar det ned i eit glas. Vinden blåser lett, men den er kaldare. Eg dreg føtene opp frå kanten, og pakkar meg inn i teppet. Det blir litt vått helt nedst på kanten, men det får så vere. Ein fisk sprett. Den femte i kveld. Ei nise ligg og flyt sjøen ei stund, for å så dykke under igjen. Nokre måkar landar på eit skjær i nærheita, og alt blir stille.

 

Eg strekker meg etter fiskestanga mi, men det er ikkje så lett, utan at teppet glir opp frå føtene. Men til slutt greier eg det. Kastar ut så langt eg klarar, og ventar litt, for å så dra inn igjen. Får eg fisk, skal Nemi få han. Viss eg ikkje tar han sjølv da. Men eg får ingen ting. Berre tang. Vinden bles ut stearinlyset, og det blir ein smule mørkare. Eg tenner det på nytt. Høyrer dei andre le på verandaen. Det skulle ikkje forundra meg om dei steikte fisk no. Fisk og potet. Eg ropar på Nemi, men ho kjem ikkje. Det er seint, og eg tenkjer på fiskane i havet. Kanskje dei søv. Viss fiskar søv da. Mor ropar noe om mat. Det er kaldt, og shortsen min er framleis våt etter badinga. Eg må ta han av, så eg ikkje blir sjuk, og tørke han. Eg ropar tilbake at eg kjem snart. Vil liksom berre nyte denne augneblinken. Det er så fredfylt. Så bles eg ut lyset, reiser meg og traskar fornøgd bortover brygga, og opp mot hytta vår.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil