Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Beatles" (L. Saabye Christensen)Skriv ut Utskrift
Bokrapport av Lars Saabye Christensens "Beatles".
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym



Lars Saabye Christensen

Lars Saabye Christensen vart fødd i 1953 i Oslo, og han vaks opp i same by. Etter 15 år i "eksil" på Sortland i Vesterålen har han no flytta tilbake til byen der han har henta miljøet til mange av sine romanar og noveller.

 

Debuten på eit stort forlag kom i 1976 med Historien om Gly, ei todelt utgjeving av korte tekstar og dikt som gjenspeglar hovudpersonen Gly sitt liv. For dette fekk han Vesaas-prisen som beste debutant. Tre diktsamlingar og tre romanar seinare kom endeleg gjennombrotet med Beatles, oppvekstromanen som gav han Cappelenprisen.

 

Lars Saabye Christensen sine tre første romanar kom i tidsrommet 1977-1981.

 

BEATLES

Forfattar: Lars Saabye Christensen                   

Utgitt: 1984

Forlag: Cappelens Forlag A/S

Antall sider: 538

Antall kap.: 21 kapittel over tre delar

 

Handling:

Beatles følgjer dei fire kameratane Kim, Gunnar, Seb(Sebastian) og Ola gjennom oppveksten deira. Dei er heilfrelste Beatles-tilhengarar, og ventar spent på kvar nye utgjeving. Dei dreg det så langt at dei tiltalar kvarandre med namn frå Beatles-medlemmene, høvesvis Paul, John, George og Ringo. Mang ein kveld sit dei rundt platespelaren og lyttar til The Beatles, der dei får sin første forsmak på det komande ungdomsopprøret. Som mange andre på same tida let gutegjengen håret gro til stor fortviling for foreldra. Lesarane får i sju år følgje med dei fire kameratane i det meste dei gjer, frå musikk til turar, festar, jenter og eksperimentering med rusmiddel.

 

Handlinga føregår frå året 1965-1972, der vi følgjar kameratgjengen gjennom tykt og tynt, alt ifrå telttur i Nordmarka, til funn av lik på sjøen, til dei er på skoleball og dansar med skjelett til dei er på fest og drikker legesprit.

 

Handlinga er hovudsakleg lagt til Frogner, der dei fire gutane bur. Tidvis ser vi òg avstikkarar til Nesodden, Nordmarka(telttur) og Holmenkollen. Nokre glimt frå Paris og København er teke med, men elles held gutane seg til sine velkjende gater i Oslo. Handlinga relaterer ofte til faktiske hendingar i boka sitt tidsrom for å forsterke det miljøet som vert omtalt. Dette gjeld mellom anna Vietnamkrigen, folkeavstemminga om EEC og ungdomsopprøret i Paris.

 

Det er vanskeleg å trekke ut eit samandrag, men nokre av hendingane har blitt nemnt, men tenåra innehelder mange hendingar, noko som alle veit. Boka inneheld minst like mange.

 

Språk:

Språket i boka ber preg av ein forteljande, muntleg tone. Historia er nedskriven av Kim, og forfattaren legg difor vekt på at det er han det skal høyrast ut som(tilbakeblikk). Kim sin skrivemåte ligg ofte tett opp til måten ein tenker på, og nyttar ufullstendige setningar og fragment. Boka inneheld òg mykje direkte tale, som er formidla på same vis som forteljinga, på Oslo dialekt. Vi finn òg døme på fleire sosiale forskjellar i boka, framstilt ved jenta Cecilie og den tidvis femte ”Beatle”, Fred Hansen. Cecilie tilhøyrer overklassen, bur i ein villa i Bygdøy Allé, og snakkar tilsvarande pent og høveleg. Fred Hansen bur på austkanten, er av lågare arbeidarklasse og vert mobba av læraren for å seie "vårs" og "demses". Kim er knutepunktet mellom dei to ytterkantane, med eit avmålt språk som høver godt til ungdomsmiljøet sitt.

 

Språket er prega av Lars Saabye Christensen sin eigen oppvekst, og ligg nært talemålet han sjølv nytta på denne tida, ei Oslo dialekt. I direkte tale ser vi at han tek dette enda lengre, med samantrekningar av ord og slanguttrykk. Språket er med på å forme karakterane i skildringa av dei, og gjev større truverde til deira oppdikta bakgrunn.

 

Historia vert fortalt av Kim, sitjande i sommarhytta på Nesodden, der han skriv ned livshistoria si. Det er òg her attforteljinga begynner, med at han er på same stad fleire år tidlegare. Han ser tilbake og fortel kronologisk i 1. person om åra som har gått. Undervegs legg han til sine eigne kommentarar til det som har hendt, og med åra litt på avstand har han moglegheita til å sjå hendingane i eit større perspektiv. Lesarane får såleis vite Kim sine tankar, både dei han gjorde seg då episodane faktisk hendte, saman med dei refleksjonane han gjer seg medan han skriv. Utover i historia for ein også vite kvifor den høyre peikefingeren er ”krokete og skeiv som ei klo”.

 

Hovudpersonar:

Gunnar har ein eldre bror med anarkistiske tendensar, som går i demonstrasjonar og deltek i aksjonar, mellom anna i protest mot Vietnamkrigen. Broren er eit førebilete for Gunnar, men han vel ein annan veg, og vender seg mot kommunismen.

 

Seb eksperimenterer med ulovlege rusmiddel og reiser til Europa for å finne faren. Seinare, vel heime att, legg han av seg denne livsstilen og vert religiøs - den einaste av dei fire som ikkje konfirmerte seg.

 

Ola var i utgangspunktet den minst modne av dei alle, noko vi ser symbolisert i stamminga hans. Han vert likevel det som veks opp fortast, og vert far i ung alder. I takt med den raske modninga ser vi at stamminga forsvinn etter at han vert sikrare på seg sjølv og meir vaksen.

 

Kim, derimot, hamnar absolutt ingen stad. Han mistar forholdet til foreldra, finn seg ikkje tilpass på universitetet, har ingen fast jobb, blir stempla krigsudyktig av militæret og mistenkt for ranet av bankfilialen det faren er sjef. Ingenting går hans veg, og han driv kvilelaust rundt mellom jenter og rusmiddel. Han har ingen ventil for kjenslene som bygger seg opp innanfrå, og ender opp på psykiatrisk behandlingsheim.

 

Bipersonar:

Nina den første kjærasten til Kim. Ho flytter sia til Danmark.

Cecilie den andre kjærasten til Kim. Ho er frå overklassen og har strenge foreldre.

Fred Hansen ein dyktig symjar, derfor er/var det eit under at hans bortgang skulle bli slik som sagt i boka.

 

Tema:

Boka er som sagt delt inn i 21 kapittel over tre delar. Kvar av dei tre delane er markant forskjellige enn dei andre. Del ein skildrar for det meste ei harmonisk ungdomstid der dei einaste problema i all hovudsak er ganske små i høve til kva dei vil møte på seinare. Del to ber preg av store omveltingar for Kim Karlsen. Han mistar to kjærastar, faren tek skuldkjensla for ranet innover seg. Fellesskapet mellom venane vert dessutan avgrensa, som symbolisert i tittelen på det første kapittelet i delen; "Hello Goodbye". I del tre ser vi dei gamle venene av og til samla under spontane innfall. Kim vert i det siste kapittelet tvangsinnlagd på Gaustad, men rømmer med hjelp av venane og dreg til Nesodden.

 

I løpet av handlinga ser vi dei fire sakte gli i kvar sin retning. Frå å vere samstemte barndomsvener ender dei opp som svært ulike personar, men med fortida som fellesnemnar.

 

Boka viser korleis enkle hendingar i kvardagen kan vere med og forme ein person i forskjellige retningar. Noen modnes fortare enn andre, slik som i romanen. Lik oppvekst, men forskjellig personlegdom, og vidare til vaksne menneske.

 

Mi eiga meining:

Boka er innhaldsrik den, men direkte ”spenningsbok” er det ikkje, sjølv blir den på ein måte spennande, man må bare fortsette å lese og lese. Slik var det med meg. Klarte ikkje legge ifrå meg boka. Så eg kan anbefale boka på det sterkaste, Lars Saabye Christensen skriver på ein slik måte at man ofte sitter der heilt aleine og faktisk ler, ein ler av ei bok. Ein ler mang ein gong!

 

 

Vurdering av romanen: 10/10 poeng




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish