Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Bokmelding VildandenSkriv ut Utskrift
Bokmelding av Henrik Ibsens Vildanden.
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Villanden er skrive av Henrik Ibsen (1828-1906), ein av våre største forfattarar i Norge.

 

Ein av ”dei fire store” forfattarane i norsk litteraturhistorie. Ibsen har skrive fleire store skodespel og diktsamlingar. Stykket har vorte sett opp på teater fleire gonger i fleire ulike land heilt frå boka kom ut i 1884. Første gong 9. januar 1985 på Den Nationale Scene i Bergen. Boka er frå den realistiske tida i litteraturhistorien, og tek opp temaet om livsløgner. Løgner folk er villige til å byggje heile livet sitt på. Villanden vert kalla eit ”samtidsdrama med symbolske og psykologiske verkemidlar” fordi det ikkje er så ”kvardagsrealistisk” som mange av bøkene var på den tida.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Handlinga er ikkje fastsett til ein bestemt stad eller tid, men eg vil tru at det foregår omtrent på same tid som då Ibsen skreiv Villanden og i eller nær ein storby. Boka er skrive rett etter ”oppskrifta” på å skrive dramatiske tekstar, med ei hending/konflikt som set dramaet igang i ein eksposisjon (start) og hovudkonflikta er som ein raud tråd gjennom heile boka. I tilegg til slike ting er boka delt opp i akter og kvar scene har scenetilvisingar om korleis scenen er og korleis personane snakkar, oppfører seg og ser ut. Til slutt flatar spenningstoppane ut og det heile går mot ei ending, men heilt til slutt skjer det noko heilt uventa. Slutten er dramatisk og mange likar ikkje han. Likevel synes eg at slik bør boka ende sidan Ibsen har skrive ho slik, og slutten er ein naudsynt del av dramaet etter mi meining.

 

Heile hovuddelen av handlinga føregår inn i atelieret (stova) til familien Ekdal, som består av Hjalmar (far), Gina (mor), Hedvig (barnet deira) og gamle Ekdal (far til Hjalmar). Gamle Ekdal har i fortida blitt dømt for ulovleg hogst på statens eigedom, men venen grosserer Werle vart frikjent. Etterkvart viser det seg at grosseraren har lagt fleire ting til rette for at Gina og Hjalmar fant kvarandre og klarde å etablera seg. Handlinga startar med at Hjalmar har vorte invitert av barndomsvenen Gregers Werle, son til grosserar Werle, til stor middag hjå grosseraren. Gregers har vore borte i fleire år og merkar på far sin at noko ikkje er som det skal og konfronterar dette med han. Kva er det grosseraren har gjort? Gregers ser på det å opplyse Hjalmar sitt sinn om livsløgna hans som si livsoppgåve. Hjalmar derimot har si eige livsoppgåve. Å finne opp eit oppfinnelse så storslått at han igjen hevar det Ekdalske namnet til heider og ære. Denne oppgåva er det naboen Dr. Relling som har gitt han og meiner det motsette av Gregers Werle. Klarar Gregers å fullføre oppgåva si og eller vil Hjalmar sitt liv forsetje å leve slik han gjer?

 

Grunnen til namnet Villanden (først Vildanden) er at i leilegheita familien Ekdal bur i har eit stort loft. Der held dei høns og ei skadeskutt villand som er Hedvig har fått av grosserar Werle. Loftet er draumeverda til Hjalmar og gamle Ekdal. Dei går på jakt etter hønsene med ein pistol som tilhøyrer gamle Ekdal. Somme seier at loftet og villanda representerer livsløgna til familien Ekdal og Hedvig. Korleis kan Hedvig være skadeskutt?

 

Boka inneheld mykje symbolikk, vanskelege ord og uttrykk og kan difor verkje tung å lese for nokon. Boka høver best for 13 år og oppover. Ho er ikkje så veldig lang og vanskeleg etter mi meining, men ein må forstå litt av symbolikken for å ha glede av boka. Det fins enklare tekstar. Det er ingen illustrasjonar i boka, men ho kunne med fordel hatt nokon enkle svart/kvitt teikningar for å setje alle scenetilvisingane litt på plass. Når ein først er komen inn i handlinga, manglar det ikkje på spenning. Nye overraskingar heile tida. Ei god bok tversigjennom.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish