Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Døden på Oslo SSkriv ut Utskrift
Bokmelding av Pelle og Proffen-boka "Døden på Oslo S" av Ingvar Ambjørnsen.
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Dette er andre boka i serien om Pelle og Proffen som er skrive av Ingvar Ambjørnsen i 1988. Boka vart utgjeven i 1992 og er med i Cappelens pocket serie. Andre bøker i serien: 1. Kjempene faller 2. Døden på Oslo S 3. Giftige løgner 4. Sannhet til salgs. Bøkene fortsetjer ikkje, men du får ei ny historie kvar gong med ein god slutt. ”Døden på Oslo S” er ein av bøkene som har vorte filmatisert.

 

Handlinga i boka er sett til Oslo rundt år 1985-1990 og skildrar eit hardt rusmiljø i Oslo. Historia er sterkt konsentrert og foregår på omtrent eit halvt år, men hovuddelen omtrent på 2-3 månadar. Pelle og Proffen er to tenåringsgutar som likar krim og spenning. Uheldig for dei sjølve, men kanskje heldig for andre kjem dei ofte inn i andre sine problem. Der er ikkje alltid det vert like trygt heller. Denne gongen er det Pelle som startar det heile. Han er har fått pengar hjå mora for å kjøpe ny bukse, men spelar vekk halvparten av pengane. Sint på seg sjølv set han seg på ein snackbar i nærleiken og det var der han såg ho første gongen. Lena. Verdens flottaste jente, berre litt eldre enn han sjølv. Ho kjem og set seg hjå han og dei byrjar å snakke med kvarandre. Han fortel kva han har gjort og ho tilbyr seg å hjelpe han. I lykkerus gjer han henne resten av pengane og avtalar å møte ho på same plassen om ein halv time. Etter ein time er ho endå ikkje komt og han er på veg til å gå. Då kjem ho att med ny bukse. Skikkelig dongeri, verd mykje meir enn det han hadde i utgangspunktet.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Seinare får Pelle vite av Proffen at ein kamerat av dei, kalt Filla, har stukke av frå barneheimen ”Håpet” etter å ha ramponert eit kjøkken. Proffen er ein meir intelligent type og litt tettare bygd enn Pelle. Saman drar dei til Håpet for å finnne ut meir om den mystiske forsvinninga. Pelle finn ut at Lena er prostituert og brukar heroin, men kva er samanhengen mellom dei to sakene? Det vert verre og verre for Pelle og Proffen og det heile ser ganske mørkt ut heilt til saka tek ei ny vending. Dei finn Filla.

 

Boka inneheld ”berre” 147 sider, som nokon kanskje synes er lite. Boka er ganske lettlest og historien vert grundig fortalt på dei 147 sidene. Skrifta er passeleg stor og du brukar ikkje veldig lang tid på å lese boka. Du kjem fort inn i handlinga og det er som å vere i lag med personane. Boka er liten (pocket) og er delt inn i kapittel med kapitteloversikt framme i boka.

 

Heile boka er prega av spenning og krim. Kva skjer vidare? Vil dei klare det? Eg vil sei som mange andre at boka er ei typisk ungdomsbok. Frå tretten år og oppover. Ein kan kjenne seg att i hovudpersonane på fleire ting (viss du er ungdom) og boka er like aktuell i dag som ho var i 1990 åra. Det er tema som rusmiddel og kjærleik som går att fleire gonger. Ein får eit godt innblikk i kvardagen til mange ungdomar på i 1990 åra og historia kunne vore sann. Eg synes det er ei kjempebra bok. Ho er veldig interessant og det kjennest ut som eg kjenner hovudpersonane, og det er bra.

 

Terningkast: 5




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish