Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ivar Aasen

Ivar Aasen

Om Ivar Aasen samt en oversikt over verkene hans.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.03.2005
Tema
Ivar Aasen


Ivar Aasen blei født 5. august i 1813. Han var bondeson og vaks opp under enkle kår i Ørsta på Sunnmøre. Då han var tre år gammal døydde mora, og då han var tolv år mista han også faren. Då måtte han hjelpe til med gardsarbeidet, noko han ikkje likte. Den eldste broren trua med at hvis han ikkje hjelpte til på garden, så blei det heller ikkje noko å eta.

 

<bilde>
Han likte å lesa, og berre 18 år gammal blei han omgangsskulelærar i heimbygda. To år seinare blei han lærer hjå prost Thoresen i Herøy på Sunnmøre. Han dreiv også med sjølvstudiar. Han hadde ikkje alltid nytt papir å skrive på når han skreiv, difor brukte han det han kunne komme over når han skulle skrive, han skreiv blant anna på bilettar, aviser, papp osv.

 

I Norge i 1830-åra var det debatt rundt arbeidet med ein norsk språkreformasjon, og dette kjente Aasen sannsynlegvis til. I 1836 skreiv han ned ein plan for seg sjølv om å skape "eit sjølvstendig og nasjonalt språk". Året etter reiste han rundt på Sunnmøre og lagde ein systematisk oversikt over den sunnmørske dialekten. Den var ferdig skreven i 1841, og ved hjelp av dette arbeidet fekk han eit stipend til å reise rundt i landet for å studera dei ulike bygdedialektane, med tanke på å lage et eige norsk skriftspråk


 

I åra 1842-1847 reiste han rundt i Norge og studerte dialektar, særleg på Vestlandet og dei indre bygdene på Austlandet, fordi desse dialektane var minst påverka av dansk. Til saman gjekk han over 400 mil til fots! Basert på desse undersøkjelsane gav han i 1848 ut ”Det norske Folkesprogs Grammatikk” og i 1850 ”Ordbog over Det norske Folkesprog”. I åra som kom jobba han med å utvikle ein normalform av dialektane. Det kom etter kvart ut fleire ordbøker og grammatikkar, og dette arbeidet fekk etter kvart avgjerande betydning av det som i dag er kjent som Nynorsk. Aasens plass i historiebøkene er først og fremst som Nynorskens far.

 

I 1847 busette han seg i Kristiania. Her budde han ugift og einsam. Sjølv om han hadde nok pengar og var ein kjent språkforskar i Norge leigde han to små kalde rom i Teatergata 6. Om vinteren fraus han ofte fordi han ikkje hadde nok ved å fyre med. Då han arbeidde, hadde han ingen lampe på arbeidsbordet, berre to stearinlys. Han var ein stillfaren mann som hadde liten sans for komfort.

 

Han blei stadig meir berømt for sitt vitenskaplege arbeid. På sine eldre dagar opplevde han at det nye landsmålet slo gjennom i det norske samfunnet. I 1885 vedtok Stortinget å sidestilla landsmålet (Nynorsk) med riksmålet (Bokmål) som skule og offisielt språk.

 

Han var ikkje berre ein genial språkforskar, men også ein kunstnar. Han brukte Nynorsken mykje til dikting og rim. Han skreiv eit skodespel, Ervingen i 1855 og diktsamlinga Symra i 1863. Blant dei mest kjende dikta i Symra er "Nordmannen", eller best kjent som "Mellom Bakkar og Berg".

 

Ivar Aasen døydde i 1896. før han døydde opplevde han at Stortinget likestilte Aasens skriftspråk, landsmål, med riksmålet.

 

Aasen var også innom Vik. Den 28. Februar 1843 reiste han frå Sogndal og for til vik. Han kom til vik om kvelden. Han tykte at Vik hadde ein fin beliggenheit og at innbyggjarane sine klede var svært gammaldagse men staselege. Den 8. Mars 1843 reiste han frå Vik, og det var då eit flott ver.

 

Oversikt over viktige verk

 

Om språk:

 

”Det norske folkesprogs gammatikk”, 1848

(2. utgave 1864)

”Ordbog over det norske folkesprog”, 1850

(2.utgave 1873)

 

Oversikt over dikt som Aasen skreiv:

 

· Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog (1842)
· Tvo nye Visor (1851)
· Symra - 1863 (3. utg. 1875)
· Einstaka dikt
· Etterleivde dikt I
· Etterleivde dikt II (lausvers og brot)
· Omsette dikt og salmar

 · Ungdomsdiktinga (før 1840)
· Tre nye Sange (1844)

 

Oversikt over skodespel som Aasen skreiv:

 

· Ervingen, 1855.

· Samtale imellom to Bønder (1849)
· I Marknaden (1854)

· Ervingen (1855)

· Sidste Kvelden (1887)

 

Bilder

 

Ivar Aasen var ikkje nokon spesielt fotogen mann, noko som ein ser att på bilda som er tekne av han. Det finst berre nokre få bilete der han ser ”skikkeleg” ut.

 

<bilde>
<bilde>

 

 

Kjelder

 

Ivar Aasen perm frå vik bibliotek

 

Internett- www.aasentunet.no/


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil