Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Leverpostei - gut eller jente?

Leverpostei - gut eller jente?

Eit kåseri om for lite tid og for mange val.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.03.2005
Tema
Verdier

Mat er ikkje det det eingong var. No siktar eg kanskje helst til pålegg. Pålegg er ikkje det det eingong var. Før kunne vi gå i butikken og kjøpe det vi ville ha. No står vi plutselig overfor ei heil masse med val. Der vi før berre kunne rive med oss nokre boksar med Stabburets leverpostei, må vi no velje om vi vil ha bilete av ein gut eller ei jente på boksa. Kva med dei familiane som har både jenter og gutar? Der jentungen vil ha leverposteien med bilete av jenta på, og guten vil ha den andre? Har ikkje Stabburet tenkt på kva denne konflikten kan føre med seg? Og det same med Makrell i tomat. Vi har ”original”, ”hakket”, ”hakket i salsasaus”, og alle desse i forskjellige størrelsar, og no også på tube. Er det ikkje noko gale når vi må bruke fem minutt på å velje kva for ein makrell i tomat vi vil ha?

 

Livet består av mange val. Kva skal ein bli? Kvar skal ein bu? Skal ein ha born? Desse spørsmåla vert lett overskygga av viktigare spørsmål som kva for ein Nugatti ein skal kjøpe. ”vanlig”, ”crisp”, eller kanskje på tube? Og kva med seigmennene? Skal ein ta vanlege, mørke eller kanskje seigdamer? Slå eit slag for feminismen, liksom? Desse er vanskelege og tidkrevjande val. Sjå berre føre deg denne forvirra, fortapte mannen som står framfor hylla og skal kjøpe bind til den nye sambuaren sin. Han niles på den lett sammenrulla handlelappen og ser rundt seg i håp om å finne ei god venninne som kan hjelpe han. Var det Libresse? Var det lilla eller grøn, eller kanskje rosa? Var det me eller utan vingar? Ein byrjar å sjå sveitten piple fram i panna på denne stakkars mannen. Etter ei lita seanse med ”elle-melle” metoden, kryp han til korset og dreg opp mobiltelefonen.

 

Nokre kallar kanskje dette mangel på informasjon, men eg vil seie at det er for mykje å velje mellom. Det er kanskje ikkje så rart at folk i dag klagar over for lite tid?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil