Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Fakta om Finland" (E. Loe)Skriv ut Utskrift
Ei bokanalyse av "Fakta om Finland" av Erlend Loe.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



"Fakta om Finland" er ein roman skriven av Erlend Loe og gitt ut av Cappelen i år 2001.

 

Erlend Loe er fødd i Trondheim i 1969. Erlend Loe debuterte som skjønnlitteraturforfattar først i 1993 med "Tatt av kvinnen". Han har sidan gitt ut bøker som "Fisken og Maria & José" (ei illustrert bok for vaksne), "Kurt blir grusom", "Den store røde hunden", og "Naiv. Super" som sin andre roman. "Kurt quo vadis?" kom ut i 1998. "Fakta om Finland" blei gitt ut i 2001, og sidan har han gitt ut "Kurt3", "Kurt koker i hoder" og no nyleg "Doppler".

 

"Fakta om Finland" er ein eg-roman og vert skriven i Eg-person. Boka er både humoristisk med ei undertone av alvor.

 

Eg-personen er ein brosjyremakar som har blitt leigd inn av den finske ambasada i Noreg til å lage ei brosjyre om Finland, eit land hovudpersonen ikkje har noko kjennskap til. Hovudpersonen sei derimot til ambasadørane at han veit mykje, "Har du overhodet vært i Finland? spør de nå, vi fikk intrukk av at du hadde vært der ganske ofte, sier de, var det ikke en slektning du peide å besøke? Jovisst sier, jeg. Det er min mormor, hun er finsk, men hun kjører ikke bil, og jeg var der mye i julen som barn sier jeg, men det er løgn, jeg vikler meg inn i løgner". Her ser vi klart at han vil ha jobben, og at han strekk grensene for å få det.

 

Hovudpersonen tenker heile tida på vatn og flyt, for forandringar er flyt, og forandringar er noko som han desperat prøver å kjempe imot. Han hatar det og seier "til helvete med flyt". Det at hovudpersonen heile tida vil kjempe imot forandringar kan tolkast som at fortattaren vil ha fram kritikk mot alt det nye og at forandringar ikkje alltid er like naudsynte. Forfattaren vel også at hovudpersonen finn fakta i frå gamle blad og bøker, noko som forsterkar tolkinga.

 

Det 3. året på rad har bilen til hovudpersonen blitt taua inn på grunn av 17. mai reingjeringa. Når han skal hente bilen møter vi den andre hovudpersonen i boka, Søsteren. Hovudpersonen blir betatt av Søsteren fordi ho seier at han må kjøre forsiktig. Han parkerar så bilen ein stad der han er sikker på at bilen blir taua inn igjen, for å kunne møte Søsteren ein gong til. Etter kvart blir dei betre kjent med kvarande og Søsteren spør om hovudpersonen kan hjelpe Søsteren med broren Bim. Bim er ein ung gut som har komt ihop med ein gjeng som set grillar i hovudet på han. Dette likar ikkje Søsteren. Vi får aldri vite om det blir noko meir av forhaldet mellom Søsteren og hovudpersonen, det blir berre hengande i lufta.

 

Boka er skriven på ein slik måte at handlinga ikkje er så viktig. Det er tankane og kjenslane rundt som er viktig i denne boka. Med setningar som går utover fleire sider så kan det bli tungtvingt å lese, men det er noko ein vert vant til. Erlend Loe har på ein måte klart å framstille korleis ein (litt) sinnsforvirra person tenker. Hovudpersonen har klart personlege trekk som kan samanlignast med tvangstankar. Loe bind ihop så mange ting ut av den minste ting. Det som er ganske ironisk i boka, er at boka er skriven i flyt. Den tek nesten aldri slutt. Ironisk er dette det hovudpersonen kjempar mest imot.

 

Eg tykkjer denne boka var veldig original. Måten den er bygd opp på, at det er faktisk ikkje sjølve handlinga som er viktigast. Dette er ikkje som noko anna bok eg har lese. Den var både nyskapande og nytenkande. Erlend Loe har virkeleg fått til å lage noko nytt.

 

Når det er sagt så er det eit par ting som eg gjerne vil kommentere når det gjeld "Fakta om Finland". Nokre gongar kan det bli for mykje av det gode. Av og til burde Erlend Loe tone ned på all tenkinga, som lesar kan ein bli frustrert over at ein aldri kjem til poenget.

 

Eg ser fram til å lese fleire bøker av Erlend Loe, for han er ein god forfattar.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish