Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
"Beatles" (L. Saabye Christensen)Skriv ut Utskrift
Litterær analyse av "Beatles" skrevet av Lars Saabye Christensen. Sammendrag, personskildring, miljøskildring og tema/budskap i romanen.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym

Samandrag

”Jeg kan tydelig høre singelen som knaser under skoa der vi lusker over vestkantorget, jeg kan føle den yre svimmelheten etter et magadrag, og ennå kan jeg kjenne albuen til Ringo som treffer meg mjukt i siden, og vi stanser på rekke og rad alle fire, og John peker på en svart blankpolert Mercedes som står parkert utenfor Naranja. Det var Gorge som først sa noe. Han sa. Den er din Paul.”

 

Beatles er ein roman om ein gutegjeng frå Oslo vest, i perioden vår ’65 til sommar/ haust ’72. Gjennom boka får vi høyre om dei fire gutane Seb, Ola, Gunnar og Kim, gjennom deira oppvekst på Frogner. Dei har ein felles lidenskap, den engelske popgruppa Beatles, og dei er alle einige om at ”The Beatles” er det største i hele verda. Det finst ingenting utanom, ingenting ved sida. Sjølv har dei oppkald seg etter bandmedlemmene Ringo Starr, George Harrison, John Lennon og Paul McCartney., og forfattaren vekslar mellom hovudpersonanes namn og deira popidol i begynninga av boka, som ein morsam vri på det heile, i tillegg til at alle kapitla er kald opp etter songtitlar frå diverse Beatles-plater.

 

I det første kapitlet ”I feel fine” får vi høre om diverse hendingar frå gutegjengens barndom, der de oppfører seg som fire guter i begynninga av tenåra truleg ville gjort ein vår i 1965. Dei steler bilmerke i all hemmelegheit, og oppbevarer dei som sine personlige skattar, mens dei planleggjar sitt neste kupp. Elles fordriv dei tida med å vandre rundt i byen og røyke på hjørnet, smugtitte i familieboka, fryde seg med importerte pornoblad, og spille fotball som heltar for heimelaget i Oslo og omegn. Seinare fortel Kim om somrane på Nesodden, og hans forskrudde onkel Hubert, som trosser sin bror ved å kome i saman med ein ung pike som heter Henny. Henny og Kim har ein god kjemi, og man kan få inntrykk av at Kim ser på henne som ei slags gudinne som den venleiken ho er. Dei to fortsetter å ha eit nært vennskap utover i boka også, og det hender at Kim har drømmar og fantasiar om Henny, som alt anna. Vi får høyre mykje om hans absurde tankar og fantasiar, spesielt etter kvart som han blir eldre.

 

Han får også oppleve sin første kjærleik, Nina. Dei deler hemmelegheiter, spaserturar og eple, og smaken av eple er noe som går igjen gjennom hele forteljinga som ein påminning om hans første, store kjærleik. Etter kvart flyttar Nina til Danmark, og dei må heretter nøye seg med å skrive brev til kvarandre. Kims andre kjærleiksforhold er litt meir komplisert enn det første. Jenta som heter Cecilie frå ”slottet” på Bygdøy, er frå overklassen, og spiller kostbar og uoppnåelig. Men dei to finner tonen etter kvart, til tross for Kims fatale fyllestunt, på taket til Cecilie under klassefesten i deira første år på realskolen. Etter kvart blir nemlig gutane i firarbanden opptatt av andre ting enn fotball og bilskilt, og begynner å eksperimentere med alkohol. Kim har nokre episodar som ingen heilt klarer å glømme, blant anna under ein skolekonsert i gymsalen, der han for andre gong blir lurt til å ”ta flaska på styrten”.

 

”Et skjelett hang på veggen, kraniet gliste til meg. På hyllene stod det norgesglass, med frosker slanger og grisefostre på sprit, det var et sånt glass jeg måtte ha drukket. Jeg gikk langs hyllene, blei kvalm og rolig. Ekkelt, motbydelig, så motbydelig livet kan være…”

 

Men gjennom alle slike hendingar er dei fire samla, og deira vennskap er viktigare enn noe anna. Dei opplever alle Beatles-platene saman, og suger til seg kvar einaste tone, kvar einaste strofe og kvar einaste bolleklipp frå forsida på platecovera. Saman deler de drømmer og opplevinger, forelskingar og fisketurar i Nordmarka. De planleggjar sitt eiget band, ”The Snafus”, men kjem ingen vei ettersom dei ikkje får instrumenter til konfirmasjonen slik dei alle hadde håpet på. Men dei gir ikkje opp håpet om sitt eiget band, og fortsetter å dagdrøyme. Dei planlegg at Kim skal være solist, og han søker råd hos Jensenius, ein forvirra og merkelig mann som jamt opnar vårens dører med operasong i gatene. Dei legger store planer for framtida, sjølv om dei innerst inne veit at det mest sannsynleg ikkje blir stort av det. For etter kvart som tida går, forandrar ein lykkeleg barndom seg, til ein meir dyster og komplisert tilvære. Dei blir interesserte i politikk med god hjelp av Gunnars bror Stig, og Vietnam-krigen og EF er mykje omdiskutert av gutane i boken. Gunnar vil ha Kim til å dele ut løpesedler, noe som blir eit stort dilemma for ham, ettersom bunken med løpesedler om Vietnam, Kiruna-streiken, fem-dagers ukar og rasjonaliseringa veks og veks i skrivebordsskuffen hans.

 

” - Er’u forbanna på meg? spurte jeg spakt.

- Det er folket som er forbanna på deg, sa Gunnar. Folket er skuffa over deg.

Og da han gikk, sa jeg det som gjorde meg til fullkommen lakei, som for alltid gjorde meg til spott og spe.

- Ikke si noe til Cecilie, sa jeg.”

 

Etter kvart kommer den tida der det er deira plikt å melde seg inn i militæret. Kim ljug seg som vanlig unna det, mens Gunnar og Seb slippen unna, rett og slett ved å fortelje sanninga. Men stakkars Ola blir plassert i marinen, og det blir lenge til de ser ham igjen. Seb får seg egen hybel, og Kim flytter inn saman med han ettersom stemninga i heimen heller ikkje er den same lenger. Alt er i forandring, og gutane må begynne å ta egne val. Kim begynner så vidt å studere filosofi, men mye kommer i vegen for ham undervegs, og han er for forvirra og sløv til å ta opp studia igjen. Gunnar går i sin brors fotspor, mens Seb forsvinner på mystisk vis, når han skal bli med sin far til sjøs. Hans tre lojale venner sporar ham opp etter intens leting i Paris’ gater, der de finner ham neddopa, tynn og ussel.

 

”…vi kunne bare så vidt kjenne igjen gamle Seb, et sted, langt borte. Og han trudde ikke sine egne øyne heller, hvis de var der fremdeles, munnspillet falt fra kjeften og leppene hans var fulle av sår.

- Dere her? strotra han.

- Er’e ikke Frognertrikken som går her, á? sa Ola, hva skulle vi gjort uten Ola..”

 

Ting går altså ikkje helt som planlagt for de fire gutane, men de hjelper Seb på rett kjøl igjen, og får ham med tilbake til Noreg, der han til å begynne med finner sin trøst i kristen tro. Etter et besøk hos Cecilie i Island, begynner det å gå nedover med Kim også. Han møter veggen når han har seld sine kjæraste eigedelar. Beatles-platene. Her kommer romanens totale vendepunkt, der han bli innlagt på eit sted som tilsvarer hans eiget mareritt, Gaustad psykiatriske sjukehus. Til å begynne med skjønner han ikkje kvifor han er blitt plassert der mot sin vilje, og nektar å snakke til legene og psykologane om sin fortid, og kva som plager ham. Men så ein dag, finner han eit brev. Eit brev frå den gangen han løy seg unna militæret, og alt bare var skodespel. Dei trudde han hadde psykiske problem. Nå skjønner han alt, og etter eit møte med Jensenius, er han klar over hans einaste muligheit til å komme seg ut derifrå.

 

”Jensenius var stum. Han pekte over skulderen, mot hovedbygningen. Det grønne spiret. Så fant han frem en blyantstubb og et papir, skreiv, ga det til meg, snudde seg sakte rundt og vralta tilbake. Jeg leste på lappen. Kom deg unna. Før det er for sent.”

 

Og det er nettopp det han gjer. Han kjem seg unna. Den dagen bestemmer han seg, og den dagen Noreg ein gong for alle seier nei til EF, blir de fire gode kameratane gjenforrent. Dei er uskillbare igjen. Dei er venner for livet. Dei er The Beatles.

 

Personskildring

Kim, eg-personen i boka, er ein av dei i gjengen som finner på mest sprell. Han kan framstå som litt av ein tøffing ettersom han opp til fleire gonger gjer vågale og dristige ”stunt”. Han slåss med grevlingar, spaserer på hustak og dansar med skjelett, men når det gjeld andre ting, så er han ikkje like tøff. Av ein eller anna grunn som han sjølv ikkje kan forklare, har han ikkje mot til å dele ut de løpesedlene som han stadig blir tildelt av Gunnar. Innerst inne trur eg at han er redd, og full av angst. Han har vanskelig for å ta val. Han vekslar mellom Nina og Cecilie frå tid til annen, utan heilt å klare å bestemme seg. Han syns det er vanskelig å ta val, og han finner ikkje ut kva han vil gjere med livet sitt, men lever i noet, og gjer uttrykk for det som betyr noko for han. Cecilie, Nina, The Beatles, Seb, Gunnar og Ola er de han alltid kjem tilbake til. Han har ingen forklaring på det han gjer, og det virke som om alt i livet hans ”bere skjer”. Det er som om han lever i ein konstant fyllerus der han surrar rundt utan noka mål og meining. Og det er lett å skjønne, etter bokens innleiing at Kim vil få ein trong til å få orden på livet sitt etter så mange år med kaos og uro. Minner om hans krokete pekefinger, lukta av eple og nye Beatles-plater surrar antakeleg rundt i hovudet som ein einaste stor smørje av forvirring og ungdomsminne. Henny betyr mye for Kim, og ho pustar liv inn i hans tilvære med sitt skjønne vesen. Som tidligare nemnt, drøymar og tenkjer han mykje, spesielt på Henny, Cecilie og Nina. Han er, som dei andre gutane i Beatles-gjengen, veldig glad i øl, men han tar avstand frå narkotika. Dette er nok mykje på grunn av hans kamerat Sebs store misbruk, og kanskje litt pga. morens store bekymring rundt akkurat dette. Kim har ein tendens til å finne på gode unnskyldningar og bortforklaringar når det gjelder, men når det gjelder hans eigenskapar som skodespelar har dette ingen samanheng. Han finner fort ut at skodespelar, det skal han ikkje bli. Han er så vidt innom filosofistudia, og vurderer seinare også å studere geologi på Island, men ingen av delane ser ut til å passe ham likevel. Som sagt, han er ein forvirra sjel, med vanskar for å finne sin veg i livet.

 

Seb er den av gutane som kommer skeivest ut, pga. sterkt rusmisbruk og stor trong til å følgje sine egne veger og oppleve nye ting. Hans far er sjøfarar, og Seb flytter heimafrå når hans mor finner seg ein ny mann, ettersom faren sjeldan er heime. I sin tidlige ungdom er han saman med Guri. Hun finner seg seinare ein ”slalåmkis” som hun fartar rundt med, men de kommer saman igjen når Seb begynner å få orden på livet sitt etter krisen i Paris. Ein periode virke det som han har funnet Gud, og i Kims augne er han blitt frelst ein gong for alle. Men lykka snur for Seb når han igjen tyr til rusmidlar og det ville liv.

 

Ola er den i gjengen som kan bli sett på som ein litt nervøs og stakkarslig fyr, som droppar ut av både skule og konfirmasjonsundervisning, og tabbar seg fullstendig ut på fotballbanen. Han sliter med stamming, men når han møter sin første kjærleik i Trondheim, forsvinner stammingen til gutanes store overrasking. Han skal til å begynne å studere når han finner ut at han er blitt far, og tilvære som familiefar er nå et faktum for Ola.

 

Gunnar, den siste av gutane i ”The Beatles” er han som kan bli sett på som gjengens sjef og overhovud. Han har sterke meiningar når det gjeld politikken, og er ikkje redd for å gi uttrykk for dei. Dette gjelder også når noen av hans kameratar blir urettferdig behandla. Da nøler han ikkje med å slå motstandarane deira i bakken med det same. Han er ein målbevisst ung mann, som lever i et aktivt studentmiljø der han først og fremst ønskjar å stå opp for alle arbeidarar og deira rettighetar. Han er sterkt imot amerikanarane i deira krig mot Vietnam, og deltar stadig i demonstrasjonstog for å fremme sin meining. Han er ikkje imot alkohol, men er meir forsiktig enn dei andre når det gjeldr å drikke for mykje. Han er den mest fornuftige av dei fire, i alle fall på dette området. Noe av grunnen til opphavet av hans meiningar er også den urettferdige behandlinga hans far har fått, i samanheng med nødvendig nedlegging av hans kolonialforretning til fordel for supermarknaden Bonus.

 

Miljøskildring

Miljøet som blir skildra i boken, er kva man kan kalle et typisk storbymiljø i på 60-70 talla. Man får eit godt innblikk i korleis det må ha vært å være ungdom på den tida, med masete foreldre, eksamenstress, kjærleik og ikkje minst eksperimentering med narkotika og alkohol. Det er mykje man kan kjenne seg igjen i i denne særeigne romanen, ettersom forfattaren sannsynligvis skildrar et miljø noe tilsvarande omgivingane rundt hans egen barndom. Det blir brukt mykje stedesnamn, som gjør at det hele blir letter å sjå for seg, fordi man kan kjenne seg igjen i de stedane som blir skildra. Dette gjelder da spesielt miljøskildringar rundt områder i Oslo 2, om korleis gutane syklar gjennom gatene, røyker på hjørnet og kjøper tyggjegummi og teikneserieblad i kolonialen på Bislet.

 

Vi får høre om folkets reaksjonar på krig og politikk på den tida, og korleis det var for arbeidarane den gongen, i forhold til i dagens samfunn. Forfattaren har ein evne til å lekamliggjere omgivingane med farger, lukt og besjeling.

 

”På en høyde stod et svært spetakkel, en uferdig kirke, reisverket ligna skjelettet til en dinosaurus. Så var vi i ørkenen og langt borte skimta jeg snøhvite fjellplatåer og skinnende breer. Jeg så en butt hest gå ute på de mugne markene og lete etter fôr. Det begynte å regne igjen.”

 

Det miljøet som blir skildra i slutten av boka er mørkt, dystert og utan håp, og det gir preg av ein melankolsk stemning, spesielt i det kapitlet der Kim er på besøk hos Cecilie på Island, men også når gutane drar for å lete etter Seb i Paris. Der får vi innblikk i et miljø fullt av menneske, muggost og løshundar, og om man lukker auga kan man føle at man er der med dei, og kjenne luktene, og sjå alle menneska, og ikkje minst sjå for seg elendigleiken som Kim beskriver.

 

” …gjennom trafikkens vegg, en blues, en raspa blues, et hylende munnspill, en torturert ulv, det kom fra jorda, fra metrostasjonen rett utafor, det stilna rundt oss, trafikken saktna og vi hørte det tydeligere og tydeligere.(…) Seb stod lent opp mot de skittengule flisene, ved siden av det grønne metrokartet, vinden fra korridorene, i en sky av pisslukt, han var ikke til å kjenne igjen..”  

 

Forfattarens fantastiske evne til å lage et bilde av omgivingane rundt de fire gutanes barndom, gjør det lett for lesaren å sjå for seg det hele. Bildar av 17. mai i 1965, vill festing i ”slottet” på Bygdøy og ikkje minst korleis dei fire gutane må ha lege, musestille rundt platespillarane gong på gong, med ørene tett inntil platespillaren kvar gong ein ny Beatles-plate ble sloppe, vil lenge sitte støypt fast i minna om denne unike romanen.

 

Tema/Bodskap

 

Temaet i denne boka er hovedsaklig vennskap, og kor viktig det er at venner støtter kvarandre og er der same kva som skjer. I Beatles deler dei alt frå øl til Beatles- plater, og dei lar ingenting komme mellom dei. Om ein av dei er savna, gjør dei alt de kan for å finne kvarandre, same kva som må til. Denne boken symboliserer verkelig kva ordet vennskap betyr, og kva det vil si å ha venner som stiller opp for ein.

 

Boken fortel oss kvor vanskelig det er når man kommer inn i eit dårlig miljø, og i dette tilfellet, eit rusmiljø. Seb er eit symbol på korleis det kan gå når man kjem ut på ville veger, og har vanskar med å komme tilbake på rett spor igjen. Boken bringer eit buskap om korleis oppveksten medverkar til dei val man tar seinare i livet, og at drøymer og håp om framtida ikkje skjer av seg sjølv. Man må jobbe hardt for å komme seg dit man vil. ”The Snafus” er eit godt eksempel på akkurat dette. Dei fire gutane ønskjer så sterkt å få realisert drøymen om deira eiget band, men dei kjem ingen vei utan handling i dette tilfellet heller. Man må ha eit klart mål med livet, og ikkje bare ta alt som det kjem, slik som gutane i denne boka. Gunnar er nok eit lite unntak akkurat i dette tilfellet, for han var heldig som lot seg påverke av sin bror, slik at han fant sin vei i livet. Ingen av dei andre gutane ville la seg påverke av sine fedras ønskjer for deira framtid, noko som sannsynligvis var litt uvanlig på den tida i arbeidarfamiliar.

 

Et buskap som er formidla i romanen, er at man må ta sjansen når man har den, og ikkje drøyle for lenge. Dette blir trekt parallelt til togene som Kim snakkar så mykje om. Hans farfar seier jamt og trutt at toget snart kommer for å hente ham, og Drammens-toget suser forbi Kims vindauge støtt og stadig. Dette kan være symbol på at toget er gått for lengst for nokre av dei sentrale gutane i romanen, spesielt Kim. Han gjer ingenting med livet sitt, og står framleis på perrongen og venter på neste tog som aldri kjem.

 

Et anna buskap som kommer frem helt mot slutten av boka, er at livet fort kan ende opp med å bli helt annleis enn det man hadde førestelt seg. Aldri ville Kim trudd den gangen da han var på tur i Nordmarka, og møtte ”dei kvitkledde galningane” frå Gaustad, at han sjølv kom til å ende opp slik om noen år. Man aner fred og ingen fare for framtida, men så går tida skrekkeleg fort og plutselig har man ikkje kontroll på noen verdens ting lenger. Venskapen til Gunnar, Seb og Ola er alt Kim ikkje har mista grepet på, og det er gull verdt. Han har, som han sjølv sa i boka, seld sjela si saman med Beatles-platene, og dette beviser at han for godt har forlate alt frå barndommens tider, bortsett frå de tre gutane som symboliserer det same. The Beatles er og blir The beatles, fordi di har kvarandre alltid, same kva, og det er det eg har oppfatta som det største og absolutt viktigaste buskap i denne romanen. 

 

” Gunnar dytta meg inn, Ola satte klampen i bånn og vi raste gjennom svingane. Seb satt i forsetet og sendte en hvitvin bakover. Jeg var på gråten (...)

- Vi vant! skreik Gunnar i øret mitt. Vi vant!


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish