Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Dei tre romrakettaneSkriv ut Utskrift
Et moderne eventyr.
Nynorsk - EventyrForfatter: Anonym


Det var ein gong tre romrakettar som skulle ut og utforske verdsrommet. Men i verdsrommet, budde det eit vondsinna romskip, som angreip alt og alle som reiste i der. Først drog den minste raketten. Han hadde ikkje eingong våpen med seg. Plutseleg møtte han på romskipet. "Kven er du som reiser i mitt verdsrom?" spurde romskipet. "Og eg er berre ein stakkars liten romrakett som skal ut og sjå meg om," svarte raketten. "Det er det samme," sa romskipet, "alle som reiser her ser eg på som ein trussel." "Jamen, eg er jo så liten, og har ikkje våpen eingong. Eg er vel ikkje nokon trussel?" spurde raketten. "Ja vel da," sa romskipet, " det får gå for denne gongen." Og raketten suste vidare. Noko seinare la den andre romraketten av garde. Han var utstyrt med nokre små kryssarrakettar.

 

Plutseleg ein eller annan plass der ute i mørkret, møtte han på romskipet. "Kven er du som reiser i mitt verdsrom?" spurde romskipet. "Og eg er berre ein stakkars romrakett som skal ut og sjå meg om," svarte raketten. "Det er det samme," sa romskipet, "alle som reiser her ser eg på som ein trussel." "Men eg er jo så liten, sa romraketten, "og kryssarrakettane mine gjer jo nesten ikkje skade eingong." "Ja vel da," sa romskipet, " det får gå for denne gongen." Og raketten suste vidare. Ei tid etter la den tredje og største romraketten av garde. Han var ein av dei mest respekterte og frykta, for han var utstyrt med protonlasarar. Og det tok ikkje lange tida før han og støytte på romskipet. "Kven er du som reiser i mitt verdsrom?" spurde romskipet. "Vet du ikkje det eingong," svarte raketten, "eg er den mest respekterte og frykta romraketten i historia." "Ja jøss!" kom det frå romskipet. "Og kvifor i all verden er DU frykta?" spurde det. "Og kva for nokre våpen har vel DU?" la det til med sarkastisk stemme. "Eg har etter kvart fått meg protonlasere," svarte romraketten. Då vart romskipet så redd, at det aktiverte sjølvøydeleggingsmekanismen for å bli sprengt på ein mindre grusom måte enn det ville ha vorte om raketten hadde angripe det. Og romraketten og alle raketter og romfartøy etter han kunne uforstyrra utforske verdsrommet så mye dei ville. Og har dei ikkje landa endå, så driv dei nok og utforskar det framleis vil eg tru.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish