Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Familiesamankomsten

Familiesamankomsten

Sjanger
Novelle
Språkform
Bokmål
Lastet opp
27.05.2000
Tema
Drap

- Telefon til Grete Berg. Grete Berg kom til resepsjonen.

 

Grete Berg, ei middelaldrande kvinne som tida ikkje har gjort noko særleg med, dreg med seg stresskofferten og går fort til resepsjonen.

 

- Eg er Grete Berg. Her var ein telefon til meg, seier ho andpustent.

 

- Ja, versågod.

 

- Grete Berg her.

 

- Det er politimester Arntsen her. Eg ber deg om å ta fyrste fly til Ålesund no med ein gong. Det er ein viktig sak. Detaljar får du vite når du kjem.

 

Ho klarer så vidt å høyre kva han seier. Flyduren rundt henne er ganske høg. Ikkje det ein kan forvente av ein så ny flyplass som Gardermoen. Men så er det vel ingenting ein kan forvente på den heller..

 

- Greitt, men kvar skal eg bu?

 

- Eg har ordna med rom til deg hjå naboen min. Ei gammal hyggjeleg og rik dame.

 

Ho får ikkje tenkt mykje under flyturen. Det einaste ho tenkte på, var å halde seg roleg. Å flyge hadde aldri vore noko ho likte særleg godt, men ho kjem seg gjennom det på eit vis. Endeleg landar dei.

 

Politimeister Arntsen møtte henne. Ein mann mist i seksti-åra med ølvom og eit stort behov for å stadig ha ein røyk i kjeften. Saka fekk ho fortalt på køyreturen til Ålesund. Eit eller anna med ein mann som hadde svindla nokon for pengar. Ho hadde verkeleg trudd det var noko meir alvorleg. Der hadde ho avbrote ei syden-reise!!!!!!!!!!!!! Snakk om svindel!!!?!?!!

 

Huset var eit stort herskapshus frå midten av 1800 – talet. Grete hadde aldri sett noko liknande. Ho blei møtt av ein gammal mann.

 

- Frua har bedt meg seie at ho gjerne vil møte deg. Ho sit i peisestova. Eg kan ta bagasjen din.

 

- Takk, og kvar er så vegen til peisestova?

 

Mannen peikar nedover ein lang gang. Grete kjem til peisestova. Der inne sit ei gammal dame. Grete tippar ho er rundt åtti.

 

- Ja, her skal det no bli fullt hus, er det fyrste ho seier.

 

- Å, korleis det?

 

- Heile slekta kjem på vitjing. Eg har ingen barn sjølv, men ein del nieser og kusiner har det blitt. Fem i alt.

 

- Då skulle vel ikkje eg ha kome.

 

- Nei, det gjer ingen ting. Vener av gode naboar blir sedde på som ein slags familie.

 

Dei blir sitjande å prate. samstundes har slektningane kome. Alle samlar seg i peisestova, som ikkje er det ein kan kalle lita. Den har eit stort vindauge som vender ut mot den nydelege hagen. No kunne ein ikkje sjå så mykje av han, for regnet auste ned, og skodda låg tett. huset var veldig lytt, så vinden som herja ute kunne til og med ein døv høyre. Det knirka og knaka i dei gamle veggane.

 

Grete får helse på alle. Arthur Vik, skipsreiar, med familie. Gerd Johannesen, arkitekt, einsleg. Marte Sande, modell. Geir Vik, rekneskapsførar, og bror til Arthur. Olga Gran, kunstnar. Utanom dei var fru Gregersen sin pleiar og hushjelp, Stina Berg og butler F.Fredriksen der. Stina ropar på dei, og seier at middagen er ferdig.

 

And med brokkoli og kvitlauksbrød. Grete nyt kvar ein bit. Men som eterforskar kan ho lett merke at noko ikkje er som det skal. Geir ser heile tida engsteleg ut av vindauget, eller kanskje på det som sit framfor vindauget; nemleg Arthur si vakre hustru. Hennar lange, lyse hår og djupe blå auge, var det sikkert ikkje mange menn som kunne motstå. Fru Gregersen forlet bordet.

 

- Eg må berre ta meg ein middagslur. Eg byrjar å bli gammal.

 

Ho går.

 

Plutseleg høyrer dei eit hyl. Hylet til fru Gregersen!! Ingen kunne ta feil av den gamle, skjerande stemmen hennar. Alle stormar opp mot rommet hennar, med Grete i spissen. Det er eit uhyggjeleg syn som møter dei. Fru Gregersen sit likbelik i senga, og nedanfor føtene hennar ligg Stina – død.

 

- Tilkall politi og ambulanse.

 

Grete tek kommandoen.

 

- Kan alle saman vere så vennlege å gå ned og vente til politiet kjem.

 

Grete kan ikkje sjå noko som tyder på at noko kriminelt har skjedd. Eit glas ved sidan av den døde vekker merksemd.

 

- Best eg får det vesle som er att analysert, tenkjer ho.

 

Politimeister Arntsen kjem inn gjennom døra. Han har eit sørgjeleg drag over andletet.

 

- Har du funne noko? Noko som tyder på at det kan ha hendt noko kriminelt?

 

- Nei, berre eit glas med nokon dråpar att i. Det låg saman med den døde. Eg vil gjerne ha innhaldet analysert.

 

- Det skal du få. Mennene mine har med seg utstyr til det.

 

- Har det hendt noko kriminelt, vil eg gjerne starte etterforskning. For det mest trulege vil då vere at nokon her i dette huset må ha gjort det.

 

Etter ein times tid kjem dei tilbake med resultata av prøvene.

 

- Dette glaset inneheldt vatn og……..

 

- Vatn og……

 

- TDT

 

- Så det har altså hendt noko kriminelt. Eg lurer verkeleg på kven som ville drepe Stina. Det einaste som kan høyrast logisk ut, er at fru Gregersen må ha gjort det. Eg høyrde dei krangla fælt i stad.

 

- Kan du ta henne i avhøyr, Grete? Du er etterforskar og privatdetektiv. No leiger eg deg for at du skal ta deg av denne saka.

 

- Greitt. Kan nokon av dykk be fru Gregersen om å kome hit?

 

- Ja, kva er det du vil meg?

 

- Du er hoved mistenkt i denne saka. Vi trur du kan ha drepe Stina.

 

- Kva? Korleis?

 

- I stad hadde du ein alvorleg krangel med henne. Eg vil gjerne vite kva den krangelen galdt.

 

- Det var berre ein diskusjon om kva vi skulle servere til anda. Ja, og så ville ho ha meir løn, som om ho ikkje har fått nok. Ho tener meir enn dei fleste andre hushjelpe eg veit om. Og eg kan ikkje skjøne at det er grunn nok til å begå eit mord.

 

- Har du noko aning om kvar glaset som låg ved sidan av henne kom ifrå?

 

- Det er det glaset eg brukar å ha på nattbordet. Eg har alltid eit glas vatn på nattbordet. Det hender eg vaknar midt på natta og er tørst, og då slepp eg å gå i dei mørke gangane til kjøkkenet. Eg har gitt Stina lov å drikke av det viss ho blir tørst når ho arbeidar. På eit vilkår; At ho skiftar ut vatnet etterpå.

 

- Takk.

 

- Takk for kva?

 

- Du har gitt saka eit anna perspektiv. Det var ikkje Stina det var meininga å myrde. Det var deg!!

 

- Meg?!?!?!!!!!!!!?!?!?

 

- Ja, deg. Mordaren visste sannsynlegvis ar du hadde eit glas vatn på nattbordet, og difor nytta han sjansen til å drepe deg ved å putte gift i glaset. Eg trur det er best du legg deg nedpå ei lita stund. Du treng all den kvila du kan få.

 

Grete bestemmer seg for å avhøyre gjestane. Hennar sjette sans fortel henne at nokon som oppheld seg i huset må vere mordaren. Arthur Vik blei den neste.

 

- Ja, som sagt var det nokon som ville drepe tanta di. Men dei var så uheldige ar dei myrda feil person. Ikkje at dei viste at det skulle hende, men lagnaden tilsa noko anna. No vil eg ha eit lite avhøyr av deg, sånn som eg vil ha av alle andre. Alle blir handsama som mistenkte.

 

- Eg har ikkje gjort nokon ting som helst. Eg og kona min kom hit om lag klokka 15.00. Så kva tid kunne eg ha hatt til å putta gift i glaset?

 

- Du seier noko der. Du entra peisestova nokon minutt over tre. Men eg skal no avhøyre kona di, òg. Kan du hente henne for meg?

 

- Ja, som du sikkert veit etterforskar eg mordet på Stina Berg. Som eigentleg var meint på fru Gregersen. Eg har nettopp hatt ein samtale med mannen din. Han sa at de kom hit til huset om lag klokka tre. kan det stemme utfrå dei notisar av klokka du gjorde deg?

 

- Ja. Eg har det alltid med å sjå på klokka når eg kjem nokon plass. Ho var akkurat 15.01. Det var ikkje berre vi som kom då. Olga og Marte òg. Men berre Olga fylgde oss til peisestova.

 

- Veit du kvar Marte tok vegen?

 

- Nei, men ho for sikkert på badet.

 

- Takk for opplysningane. Dei kan verte til god nytte.

 

Grete hadde lova politimeister Arntsen ein middag på "by’n".

 

- Ein lovnad er ein lovnad, tenkte ho, medan ho gjorde seg klar.

 

Under heile middagen prøvde ho å få tankane vekk frå mordet og etterforskninga, men det låg heile tida og murra i bakhovudet. Ho hadde berre snakka med tre stykk. Der var endå tre att. Dei tre som ho hadde prata med, hadde vanntett alibi. Arthur og kona hadde begge kome om lag klokka 15.00, og hadde difor ikkje hatt tid til å få gifta i glaset før dei kom inn i stova. Fru Gregersen ville nødig prøve å myrde seg sjølv. Marte eller Geir eller butlaren kunne ha gjort det. Ho "strauk" butlaren. han hadde vore der heile tida og tatt imot gjestane. Han kunne ikkje ha gjort det. Han stod i hallen heile tida og kunne lett merke kven som gikk opp.

 

- Kva tykkje du om det?

 

- Tykkjer om kva?

 

- Ok, du har ikkje fylgd noko særleg med .

 

- Nei, det er den saka som bekymrar med, men eg lovar å slutte og tenkje på den. Resten av kvelden vart ganske hyggjeleg, men prega av det som hadde hendt, og det vart seint før ho kom heim. Då ho kom tilbake, var Fredriksen vaken.

 

- Eg tenkte eg kunne vente på deg. Det er liksom lettare å få sove når eg veit at alle er her.

 

- Det forstår eg. Unnskyld meg at eg var så sein.

 

- Det gjer ikkje noko. Eg har dessutan noko eg vil fortelje deg om saka.

 

- Takk. Eg hadde tenkt å prate med deg i morgon. Kom igjen, fortel meg kva du veit.

 

- Då Geir kom, om lag i 15.15 tida, spurde eg om eg skulle bere opp sakene hans, slik eg hadde gjort med alle andre sine saker. Han takka nei. Han skulle skifte klede til middagen likevel. Eg tykte ikkje det var noko merkeleg, for han har alltid vore av den elegante typen.

 

- Kva hadde han på seg då han kom?

 

- Brun cordfløyelsbukse og ein grøn strikka gensar.

 

- Når kom Marte?

 

- Ho kom saman med Arthur, Siri, som er kona til Arthur, og Olga. Eg tok bagasjen deira. Arthur, Siri og Olga drog til stova, men Marte tok seg ein liten tur på toalettet i gangen.

 

- Hugsar du når Geir kom ned att?

 

- Like før middag. Om lag klokka 15.45.

 

- La du merke til kva han hadde på seg?

 

- Nei, diverre.

 

- Tusen takk, men no må eg verkeleg gå å legge meg. Du har gitt meg verdfulle opplysningar.

 

Neste morgon ved frukostbordet:

 

- Eg vil at alle møter i peisestova etter frukost. Eg har noko viktig å fortelje dykk, så det er viktig at alle kjem.

 

Grete sette seg ned att med eit dump. Resten av frukosten blei fotært i stillheit.

 

- Er alle her? Ok. Som de sikkert har skjøna, har eg funne løysinga på dette mordet. Motivet er klart: Pengar. Eg skal ikkje late dykk vente meir. Geir er skuldig!

 

- Å, korleis det? Eg ville aldri drepe mi eiga tante.

 

- Jau, for kjærleiken til ei anna kvinne.

 

- Eg skjønar ikkje??

 

- Ja, du har lenge hatt eit forhold til broren du si kone, Siri. Siri ville ikkje skilje seg før du hadde fått pengar mellom hendene. Store pengar. Sidan du var ein av dei som kom til å arve mest etter tanta di, såg du kun ein utveg; å myrde henne. Men alt gjekk ikkje heilt etter planen. Du tok livet av Stina istaden. Eg fekk nokre viktige opplysningar av Fredriksen i går. Du sa du skulle opp å skifte då du kom. Då du kom, hadde du på deg brun cordfløyelsbukse og grøn strikka gensar. Det same hadde du på deg då du kom til middag. Altså, du hadde ikkje vore oppe og skifta, men inne på fru Gregersen sitt rom og putta gift i glaset.

 

- Din lømmel, skyt Siri inn. Eg meinte aldri at du skulle drepe nokon for å få pengar. For Arthur hadde nemleg tenkt å tilby deg ein godt betalt jobb i firmaet.

 

- Før den skuldige ut, og no håpar eg inderleg at det kan senke seg ei viss ro over denne familien.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil