Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Den dagen

Den dagen

Oppgåve i nynorsk med tittel som var bunden til "Den Dagen".

Karakter: 5 (8. klasse, Nynorsk som hovudmål)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
26.04.2005
Tema
Fest


Det er lite eg hugsar frå festen denne kvelden. Det var vel meir turen heim som set sine spor. Små glimt av dei mørke augo hennar, det vakre håret, er det eg ser for meg. Eg kjenner ei rar duft (av eit slag). Om det er hennar parfyme, veit eg ikkje. Den svarte himmelen utanfor det vesle lokalet blenkjer svakt for meg, eit stjerneskot ser eg der oppe. Å ønskje meg noko prøvde eg på, men det var ikkje lett å minnast kva det var. Eg konsentrerar meg, og hugsar ein mann som kjem bort til meg. Det vart svart for meg. Så hugsar eg meg sjølv springa ut frå lokalet, eg minnast ikkje kvifor. Ut døra, ned trappa, bortover gata, bort frå alle folka og den til då hyggjelege festen. Den raude Forden min står der berre og glanar dumt på meg. Sekken min vart slengd inn, før eg sjølv hoppa inn. Det vart stille, heilt svart. Som om det var heilt tomt, som jorda var utsletta og det ikkje var meir liv. Berre meg og den stygge svarte fargen. Åleine, i fleire lange sekundar.

 


Brått vaknar. I bilen min, av alle stadar, tok eg meg ein blund. Eg skottar litt forvirra rundt meg, men eg klarar ikkje å sjå nokon ting som gjer at eg kjenner meg att. Nokre minutt over eitt viser Quartz klokka mi. Den flotte klokka eg fekk av bestefar nokre år tidlegare. Ho var gull verdt for meg!

 

Eg hadde då ikkje vore borte så lenge. Det var to spørsmål som svirra rundt i hovudet mitt: ”Kvar var eg?” og ”Kvifor var eg her?” Eg prøvde å tenkje, men nei. Eg kom ikkje på nokon god grunn til at eg forlet festen. ”Den mannen”, tenkte eg, ”Kven var han, og var det hans feil at eg sat her no?” Den vesle stien eg var på var ikkje mange metrane brei, men den var akuratt brei nok til at at ein bil og ein moped kunne passera kvarandre. Eg fomla etter nyklane mine i nokre sekundar, før eg fann dei. Så var det rett i låsen med dei, og i D på automatgiret. Bilen trilla sakte bortover stien. Fortsatt var det tett i tett med tre på begge sider av vegen.

 

Det kom eit ul frå skogen. Eg kjende gåsehuda breie seg på ryggen. Dette var ein situasjon eg helst ikkje ville vera i! Framleis såg eg ingenting som gjorde at eg på nokon måte kjende meg att. Lysa på bilen rakk ikkje lenger enn nokre få meter framføre meg. ”Eg vonar eg at eg snart kjem til eit byggjefelt eller noko”, sa eg stille for meg sjølv.

 

Brått skvett eg. Håret mitt står loddrett, og eg byrjar å skjelve. ”Mobiltelefonen min, mobiltelefonen min kvar er du?” tenkjer eg. Så skremd er eg at eg ikkje klarar å halda mobiltelefonen ein gong. Eg ser bort frå vegen og prøver å sjå på mobiltelefonen i staden, for å roa meg. ”Okay, no ringjer eg etter ambulanse så no har eg med å halda meg roleg. Pust ut, pust inn. Roleg.” Seier eg til meg sjølv. Med mine klønete fingrar er det å halda telefonen vanskeleg nok i seg sjølv. 1, 1, 3, der. Det ringjer. Nei, det gjer det ikkje. Igjen slår eg håpefult 113 på telefonen. Nei, heller ikkje denne gongen, og ikkje nesten, og ikkje nokon av gongane eg prøver. Heller ikkje hos politiet ringjer det. Eg trekk pusten djupt, opnar døra og set foten min i grusen. Nokre få titals meter framføre meg ligg det noko som liknar ein person. Med få varsame steg kjem eg stadig nærare. Før eg er klar over det sjølv, er eg heilt borte ved mannen som ligg der. Igjen høyrer eg knasinga frå grusen, i det eg set meg ned på knea. Eit kaldt gufs går gjennom kroppen min då eg legg handa mi på halsen hans. Han er heilt kald! Ingen puls! Eg vågar såvidt å gløtte ned på andletet hans. Småirritert og letta sparkar eg mannen – som viste seg å vera ei utstillingsdokke – bort frå vegen. Med betydelig meir mot set eg meg i bilen igjen. No er det ikkje snakk om vera forsiktig og sein i køyringa. Eg er dønn lei heile kvelden. Den kvelden som byrja så godt med jenta på festen. Den kvelden som virka så fin, men som blei så uverkjeleg. Brødrene Solberg hadde nok vortne ganske imponert over køyringa mi vidare bortover stien.

 

Giret spratt igjen bort på ”D”. Brått får eg meg eit nytt sjokk. Ein grå Mercedez dukkar opp bak Forden min. Bilen i seg sjølv er det ikkje noko ekkelt med, men køyringa hans derimot. Han legg seg heilt oppi rumpa på bilen min, og dersom eg set opp farten, så fylgjer han etter. Eg kan kan kjenna at pulsen stig fleire hakk. Nok ein gong har eg flaks. Nokre få meter framføre meg ser eg kunturane av nokre skilt. Etter få sekundar kjenner eg att nokre stadnamn. Nok ein gong stig pulsen. Staden eg no befinn meg på ligg på ei øy. Altså må eg ha teke ferge, og det utan at eg veit om det! I rein refleks aukar eg farten på bilen. Då eg ser fyste oppkjørsel, svingar eg opp der. ”Dersom eg let som eg bur her, så stikk dei sikkert av”, tenkjer eg. Heilt opp til døra køyrer eg og hoppar ut, men bilen stoppar ikkje. Til mi forundring ser eg at også bakdøra på min eigen bil vert opna, ut spring ein mann med ei øks. Han set fart mot skogen att. Paret som køyrde bilen bak meg, ville meg ikkje noko vondt….

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil