Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Ave MariaSkriv ut Utskrift
Novelle om min brors død. Oppgaven var å fortelle om mitt forhold til musikk.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Du veit det, eg veit det så altfor godt. Du veit sikkert at bror min døyde for snart 4 år sida. Eg har nok ikkje fortald akkurat det her til nokon, men du skal no få høyre likevel.

 

Eg går. Eg går bortover sjukehuskorridoren i lag med sjukesøstera. Ho har nett sagt: ”No, Silje, no er det over.” Eg har lokka øyra, vil ikkje høyre den setninga. Men eg går no likevel, sjølv om det einaste eg høyrer er lyden av mine eigne føt mot golvet, pusten og hjarterytmen min. Eg går i sakte film, brukar tre sekund på kvart steg. Vi går forbi veggar der bildar av smilande born heng og gjev ein falsk illusjon av tryggleik. Ingenting er trygt lenger, noko er så gale at ingen kan fatte det, ikkje eingong eg.

 

Vi kjem fram til døra, sjukesøstera opnar den for meg, legg handa si lett på skuldra mi før ho varsamt skyv meg inn i rommet. Der ligg Torstein medan mamma og pappa heng over han og gret. Eg høyrer framleis ingenting, men eg ser at mamma løftar blikket, seier noe og lager ein ”kom-hit-røyrsle” med handa. Tuslande går eg bort til senga, der bror min ligg, død, men framleis varm og mjuk, eg bare står der mellom far og mor som gret som dei aldri har gråte før.

 

Sekundane og minuttane går, eg aner ikkje kor lenge vi står der. Eg høyrer framleis ingenting, berre mitt eige andedrag. Til slutt rørar mamma på seg, mumlar noko om at vi må stelle ham. Eg vil ikkje det, han må få være i fred tenkjer eg.. Så eg bare går bort til den andre senga i rommet, den tomme, og legg meg der medan mamma stressar rundt og tenner ljos i vindauget.

 

Ho skru på juleCD’n ho har med seg. Da først virke hørselen min att, eg høyrer ikkje hjarterytmen min eller andedraget mitt lenger. Det er ingen hjarter i dette rommet meir, eit er dødt og dei tre andre frosne til is. Bløte tonar strømmer ut frå CD-spillaren. ”Ave Maria” syngast det. Det kjem til å ta lang tid å tine hjarta våre, men kanskje mitt hjarte får det litt lettare no som det har ”Ave Maria” innkapsla i seg. Ein tåre trillar ned kinnet mitt, og eg veit at eg vil for alltid både elske og hata den songen.

 

Eg sovnar, sovnar frå sorga og sjokket ei lita stund, kanskje berre ein liten halvtime. Men når eg vaknar er rommet heilt mørkt, bortsett frå at det er talgljos overalt, og Torstein ligg i senga i konfirmasjonsdressen og med henda folda på brystet. Og Ave Maria spilles framleis på CD-spillaren. Dette har eg stussa på mang ein gong sidan, CD’en sto ikkje på ”repeat”, og mamma og pappa svor på at dei ikkje rørte den. Ingen andre personar fikk inn i rommet heller. Merkelig. Kanskje den songen var sendt frå Gud eller noko?

 

Eg reisar meg og går sakte bort til senga der han ligg. Songen følgjer meg, kvernar inne i hjartet mitt, eg kan verken tekst eller melodi, men den er fin likevel. Eg sett meg på stolen ved sia av ham og røyrer forsiktig ved handa hans, trekk den fort tilbake, like fort som om eg brende meg. Den er kald, den er heilt kald!

 

Eg tør ikkje røre ved ham på ei lang stund, berre sitt på stolen. Men eg vil berre klemme ham ein siste gong! Eg reiser meg og forsøkar å løfta han opp i sittande stilling, men han er så tung. Det ingen musklar eller noko som kan hjelpe meg å løfte, ingen kreftar, ingenting. Men eg prøver fleire gonger, til slutt klarar eg det. Eg sitt oppi senga, og idet eg løftar ham opp i sittande stilling, kjenner og høyrer eg det siste andedraget forlate lunga hans. Det skulle eg aldri gjort, den lyden var ikkje musikk. Eg lokkar auga og tenker på Ave Maria.

 

Så sitt vi slik, heilt til mamma og pappa kjem inn i rommet, byrjar å gråte igjen og fortel meg kor glade dei er i meg. Det varmar, men framleis og for alltid er det eit dødt og tre frosne hjarter i familien vår. Eg veit ikkje kva som er innkapsla i mamma og pappa sitt, men eg er sikker på at dei har ein skatt, dei og.

 

Musikk, godt eller vondt, er sentrum i livet mitt.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish