Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Eit blendande landskapSkriv ut Utskrift

Kort og grei stil på nynorsk. Inneholder enkelte skrivefeil (bl.a. feil i overskriften), men så er nynorsk ikke mitt sterkeste fag.

Nynorsk - FortellingForfatter:


Bussen stoppa, noko var galt, og vi som hadde så mange mil igjen. Helga hadde vært slitsam og dagane lange; vi ville heim, eller ville vi? Eg tok ein titt opp frå den nye DVD-spelaren med ein liten widesceen skjerm. Eg ble nærmast blenda av det vakre landskapet, men ikkje på grunn av lyset. Eg var ikkje aleine om min formeining; blitsane blinka konstant og mobilkamerane lagde sine dumme, falske lydar av eit gamalt opptrekkskamera, også mitt vel å merke.

 

Himmelen var mørk blå og nesten utan skyar, bare nokre mørke bak eit fjell med skarp spiss. Vanlegvis liker eg ikkje synet av mørke skyar, men det passa liksom, det verka så eventyrleg, det fekk meg til å tenkje på ”Ringenes Herre” der alt kunne være fantastisk, men lenger bort ved dommedagsfjellet ville det alltid være mørkt og dystert til einkvar tid.

 

Midt på himmelen satt den vanlege store, gule sola som dei fleste bør være kjent med nå. Den var ikkje så langt nede, men reflekterte likevel ein lang stripe som i ein solnedgang, det var ein varmande sol i eit kald atmosfære. Ein liten bris lagde små ujamnskapar i vatnet slik at refleksjonen av sola verka meir levande, men på tross av dette så var det også veldig roleg i vatnet som eit krøllete teppe utan rørsle. Eg fekk lyst på eit bad av synet, men visste at eg ikkje hadde med meg verken badebukse eller isolasjon nok til å utføre det, men det var ein god tanke da…

 

Rundt hele innsjøen stakk det opp bratte fjellskrentar som tok kvar sin veg opp til sitt eiga fjell dekket av friske trær og smale landevegar med plass til maksimum eit kjøretøy. Det var ikkje sjeldan at eit hest med vogn kom traskande forbi med ein fører med eit bredt smil. Ikkje rart når man bor i ein slik natur.

 

På høgre side av bussen var fjellet eit unormalt syn: Ca. 80° rett opp og nakent for trær, dette ville vanlegvis blitt sett på som eit område med stor rasfare og blitt sikra med metallnatting slik det er mange stedar i Noreg, men dette ville også øydelagt for ”den urørte naturen”. Perfekt for BASE-hopping! (BuildingAntennaStructureEarth)

 

Sidan det ikkje var noko tåke å sjå kunne man lett sjå ein tett skog mellom fjella, og det var også muleg å sjå smale stiar gjennom skogen lagd for at menneske skal kunne gå turar der. Vi kunne nesten ta ein tur der, men idet den tanken kom var bussen i gang, det ville vert uaktuelt alikevel. Den stygge, gamle bussen vår kjørte altså vidare vekk frå vatnet og inn i Nissedal kommune, med eit morosamt våpenskjold med tre små nisseluer.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish