Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Amerikansk kultur sin påverknad på norsk ungdomSkriv ut Utskrift

Essay om amerikansk kulturs påvirkning på norsk ungdom. Skrevet på grunnkurs allmennfag.

Nynorsk - EssayForfatter: Anonym



Eg ruslar gjennom byen. Kalenderen på veggen heime seier at det er oktober. Klokka er fem, og dei travle foreldra til dei minste ungane hastar bortover med dei små på slep. Larmen frå bilane er øredøyvande og medan eksosen river i nasen, drøymer eg meg bort til ei sandstrand, og eg formeleg høyrer bølgjene slå mot stranda. Plakatane i butikkvindauga river meg laus frå drømmane mine. ”SALE” ”HALLOWEEN”. Den vesle pjokken på åtte masar på mor si om å få kjøpe seg dyrt utstyr til ”Halloween”. Han vil ha heilt maken til det bestekameraten har. Mora hans nektar og seier at han no nyleg fekk ei Levis’ bukse, så det for helde. ” Take it easy då mamsen” seier guten. Eg høyrer ikkje kva meir han seier, for eg er utanfor rekkevidde.

 

Eg ruslar vidare, eg kjem til Mc-Donalds , ein avskyeleg affære. Ein kan kjenne stanken på lang veg. Frityrsteikte potetar og brend feittete kjøt. Heile staden minnar meg om noko ekkelt noko. Staden bognar over av ungdomar, gutar med klede som er minst tre storleikar for store, og jenter med klede som er for små. Coca cola går ned på høgkant i det heite veret, forbløffande heitt til å vere oktober, men det er vel sikkert den globale oppvarminga. Akkurat i det eg går forbi eit bord, verte eg var ein samtale:

-       Hey, seier den eine guten.

-       Halla, svarar den andre.

-       Blir’u med inn eller?

-       Hm…Yess da.. bare chiller’n eigenleg.

Når servitøren spør dei kva dei skal ha svarar dei begge : Numbah five, large, med cola. Take’away.

 

I vårt språk listar det seg ofte inn både eitt og to ord på engelsk. Nokon ord verte forsøka oversett til eit nytt norsk ord, men det kjem nye heile tida. Av engelske/amerikanske ord som verte mykje bruka i dag kan desse verte nemnd : snowboard, halfpipe, hightech, printer, PC og CD-plate (som er feil, og betyr direkte oversatt; Kompakt Plateplate). Fleire av desse orda er allereie adoptert, og fleire vil helt sikkert følgje etter.

 

Hmm… Ein kan tenkje. Verte me påverka av amerikansk kultur? Eg trur nok at me verte det. Me veit ikkje kor mykje me faktisk verte påverka . Eg spurde ein klassekamerat. ”Tykkjer du me verte påverka av amerikansk kultur?” Svaret eg først fekk laud som fylgjer: ”Nope, ikkje i det heile tatt” han sa det på ein måte som viste at han eigenleg ikkje brydde seg. Han fortsette, som for å understreke at dette var ein ting han ikkje brydde seg om, og ikkje ville snakke om ” Kva trur du at det er til middag i dag, eg har høyrt rykte om at det er pølse og pomm’ fri’ ”. Som den som har gått på internatskule veit. Å byrje å snakke om middagen, er eit forsøk på å vri samtalen inn på noko anna. Eg småhumra for meg sjølv. Sjølvsagd var ikkje denne personen påverka av amerikansk kultur… Ikkje i det heile tatt….

 

Seinare på dagen kom den same personen bort til meg og sa: ” Du .. eg har tenkt litt på det spørsmålet du stilte meg tidlegare i dag. Eg vil endra på svaret mitt. Når eg tenkte meg litt om såg eg at me verte påverka av amerikansk kultur. Både språk og vanar, så vel som meiningar og verdiar.”

           

Noreg vert av norske tabloidaviser ofte kalla for "annleislandet". Me er blant fåtalet av europeiske land som ikkje er medlem av EU. Me har monarki og verte styra av ein sentrumsregjering utan fleirtal. Til tross for dette verte likevel ungdom påverka i stor grad av andre lands moter og trendar, som ofte viser seg å vere amerikanske. Om ein tar seg ein spasertur på gata, vil ein sjå ein klesstil sterkt prega av amerikansk arbeidarklasse. I Noreg velgjer mange unge klede som på folkemunne ofte verte kalla getto- eller sæggeklede. Desse kleda, som i byrjinga si form signaliserte fattigdom og gjengmentalitet, utstrålar visstnok i dag ein tilsynelatande høg status i vårt pengesterke forbrukarsamfunn. Dagens unge har råd til å "snobbe ned", bruke arbeidarklassens sjuskete, men behagelige klede. Paradoksalt nok er ikkje desse kleda særlig rimelig lenger, men produseras i stor stil til ufattelege prisar.

 

Det kan vere ein smule morosamt kor mykje me, som norsk ungdom, verte påverka av amerikansk kultur. Maten me et, måten me snakkar på, kva me kjøper av klede og andre ting, det er eigenleg ein del. No er det ganske sikkert at det er ein heil masse eg gløymer av. Det heile kan verke ganske skummelt, eller ”creepy” Verte heile verda amerikanisert? Eller berre brukar me andre nasjonalitetar sin kultur og språk for å finne ut kven me er sjølv ?, vår eigen identitet ? Eg trur begge desse tinga gjer meining, i alle fall for meg. Amerika, og spesielt USA oppførar seg som om dei er ein slags ”big brother”, ikkje til forveksling med det totalt nedbrytandes og meiningslause TV- programmet. Men ein storbror, som veit alt mogleg rart som er bra å vete. Ein storebror for heile verda, som meiner han sjølv er 100% perfekt og veit absolutt alt. Men som me alle veit… Storebrødre kan òg ta feil.

 

Eigenleg burde ein ikkje vere overraska over denne utviklinga. USA er eit ufatteleg stort land, og det er ikkje berre Noreg det har makt over. Folk frå heile verda er samla i nettopp USA. Når folk held fram med å valfarte dit vil sjølvsagt ikkje denne påverknaden ende på ei stund. Norske TV-kanalar sender amerikanske TV-program, filmar, konserter (MTV) med meir. Norske blader er fulle av amerikanske modellar, skodespelarar og trendsettarar. Silicon Valley med sin teknologi når ut til heile verden og Microsoft har eit tilnærma monopol på sitt felt.

 

” Distansering kan skape fiendtlighet, så hvorfor ikke gjøre noe med det? Tiltak som EU, NATO, FN og annet er gode tiltak som jeg tror det vil bli flere av. Jeg tror ikke vi har så mye å frykte når det gjelder mulig tap av vår identitet. Personlig vil jeg tro vi vet hvor vi har røttene våre, uavhengig hvilke klær eller hvilken type musikk vi hører. ”

 

Dette seier Christian J. Mjell

 

Eg vil seie meg delvis ueinig i denne påstanden. Om me ikkje passa på identiteten vår, vil den verte borte, og me vil berre kopiere kva andre gjer. NATO og FN derimot, meinar eg er veldig bra. Sjølv om me kjem frå ulike land med ulike kulturar, kjem vi likevel frå den same verda, ei verd med mange menneske som me må ta vare på. Det er viktig at vi, som ungdom, hugsar dette i ei tid då alt me gjer er påverka av amerikask kultur.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish